Meny Lukk

5. India: “Sye Raa Narasimha Reddy”

Dei fleste av oss har nok høyrt om Bollywood. Enten igjennom eit par linjer i ei engelskbok på ungdomsskulen, eller i ein filmquiz vik deltok i for eit par år sidan. Denne segnomsuste indiske søstera til den kjende amerikanske filmbyen seiast å være minst like stor, og produserer minst like mange filmar. Men dei fleste av oss seier oss nøgde med å la byen være ein funfact. Vi såg Slumdog Millionaire ein gong, det får holde. Men når byen no er blitt filmhovudsetet i ein stadig vaksande del av verda, er der få grunnar til at vi ikkje skal legge frå oss vår vestlege arroganse og freiste å komme denne parallelle filmtradisjonen i møte.

Vi har alle eit bilde av indisk film. Det er filmar fulle av dansenummer, dei handlar om ulovleg kjærleik og kastemotiver er alltid sentralt. Men India lager ikkje berre ein bestemt type sjangerfilm, og bransjen har i dei siste åra utvikla nye distinkte retningar som i større grad pregar produksjonsbiletet. Den eine er ei rekke liberale filmar om kvinner si frigjering i møte med ei framleis sterkt patriarkalsk samfunn. Den andre, som er blitt mest populær med dei meir konservative elitane, er den nasjonalistiske filmen. Filmar som ved hjelp av nasjonale myter og legender fortel historia om korleis India oppstod som «den fremste og med fullkomne nasjonen» i verda. I denne sistnemnde nasjonalistiske-tradisjonen finn vi Sye Raa Narasimha Reddy. Den er kanskje produsert litt lengre sør enn den typiske Bollywood-regionen og er originalt produsert på språket telugu i staden for Bollywoods hindi, men er likt mange av desse filmane dubba om til ei rekke andre indiske språk.  Den er også involvert i ei kryss-indiske mytebygging og freistar å sameine frigjeringskampen i India på tvers av ei rekke ulike kulturar og regionar.

I Sye Raa Narasimha Reddy følgjer vi folkehelten Uyyalawada Narasimha Reddy medan han tek opp kampen mot britane som stadig freistar å legge India under sitt eige herredøme. Dei to sidene i konflikten vert til tider skildra med nærmaste komisk overdriving. Det er ingen tvil om at britane er ei vond kraft som har kome for å øydelegge kontinentet. Dei bur i store slott, helde panterar som grådig jafsar i seg kjøtt, og truar med å torturere og voldta alle som kjem i deira veg. Og ingenting kan stoppe dei frå å skatte indarane for alt dei eig. Det er dette siste prosjektet som låsar dei i strid med «høvdingsonen» Reddy. Det som følgjer er ei lang og blodig strid der britane freistar å vinne indisk herredømme og Reddy kjempar for fridom på tvers av indiske regionar.

Den gemene indiske kinogåar har nok vent seg til lang lengre speletider enn vi har her til lands. Med ei speletid på to timer og femti minutt er Sye Raa Narasimha Reddy faktisk ein relativt kort film i denne sjangeren. På den tida rekk den uansett å få plass til ein serie subplot, to kjærleikshistorier, ei handfull svik, eit par episke slag, og ei kort rammeforteljing. Merkeleg nok greier filmen å underhalde heile vegen. Den er ikkje akkurat eit filmatisk meisterverk, men slår heller på stortromma med leven og spetakkel. Kampsekvensane kunne mogleg gjort Tarantino sjalu med sin overdrivne vald, og frå no av eg vil eg helst at alle actionfilmar skal starte det store slaget mot slutten med ein eigen hypesekvens i form av eit song og dansenummer. Alt i Sye Raa Narasimha Reddy er litt over kanten og litt meir enn det burde være. Noko som i det minste gjer filmforma frisk og spennande, og gjev kampsekvensane meir energi enn du nokon gong finn i Hollywood. Filmfotograferinga er også noko gjennomgåande overdriven, men også vakker på sin eigen fargerike ekspressive måte. Filmen tenar også eit par andre interessante funksjonar. Fleire gongar gå vi òg avleiarar røyve ved diverse tradisjonar og skikkar for å forklare enten kvifor dei eksisterer, eller funksjonane dei har. I eit land der 25% av innbyggjarane ikkje kan lese, er det tydeleg at film er meir enn berre underhaldning.  

Det mest slåande elementet ved Sye Raa Narasimha Reddy for  våre stakkarslege vestelege auge er nok måten britane vert portretterte. Det vil seie: utan nokon form for nyansar eller gråtonar. Britane i filmen er verkeleg berre vonde plyndrande misbrukarar. Dette verkar kanskje nytt for dei av oss som er vant med eit Hollywood som alltid er på jakt etter å finne gråtonar hjå makthalderane. Men ser ein på korleis historia faktisk gjekk føre seg ser ein at filmen sitt bilde av britiske imperialistar sannsynlegvis ikkje er langt unna røynda. Eit forfriskande synspunkt er det i alle fall. For i det store og heile er Sye Raa Narasimha Reddy eit evig jag etter nye overdrivne skildringar. Dette er ikkje meint å være ei realistisk forteljing, det er eit forsøk på underhalde og på å bygge ein nasjonal identitet. Narasihma Reddy er ikkje ein kompleks og interessant karakter, men fy flate er han kul. I alle fall sett med auga til min indre tolvåring.  

Sye Raa Narasimha Reddy markerer seg som eit erkesymbol på den retninga Bollywood-film har tatt dei siste åra. Den er eit forsøk på å byggje kultur og nasjonal identitet i eit land som stadig freistar å nå toppen av dei internasjonale politiske siktet, og som lenge har vore prega av indre splittingar. Men den er også ein veldig underhaldande film. Som dei fleste nasjonalbyggande prosjekt er den ikkje særleg finslipt i kantane, og full av teite overdrivingar. Dei som har lest novella Luren frå tidleg norsk nasjonalromantikk kjenner kanskje den typen historieforteljing det er snakk om her. Men med eit par store dansenummer, episke kampsekvensar (tenk John Wick med sverd og knyttnevar), og ei underhaldande nok historie i botn er ikkje dette noko å le av. Det er ein film som ikkje ber om å bli tatt for seriøst, og som er underhaldande nok om du er på leiting etter noko litt utanom det vanlege. Uffateleg teit, men samtidig veldig underhaldande.

Ein kan finne Sye Raa Narasimha Reddy på Amazon Prime Video (om ein leitar godt nok.)

Sye Raa Narasimha Reddy (2019), Regi: Surender Reddy, med Chiranjeevi, Nayanthara og Tamannaah,  Spilletid: 2t 49m, Land: India

Relaterte innlegg