Meny Lukk

“Jujutsu Kaisen 0” – Adrenalinbombe


Eg vil byrje denne omtalen med å seie at eg ikkje er kjend med materialet denne filmen er basert på, og at eg heller ikkje er ein kjennar når det kjem til anime som kunstform. Då det formelle har blitt tatt hand om på mindre enn to linjer, tenkjer eg det er på tide å dukke inn i det som var ei spinnvill oppleving for nokon som ikkje visste kva han kunne forvente av ein film som dette.

Jujutsu Kaisen 0 sparar ikkje på tida før den sender sjåaren ut i blodig action. Vi introduserast fort for filmens protagonist Okkotsu Yuta, som sidan han var liten har hatt konstant kontakt med den avdøde Orimoto Rika, kjærasten hans frå barndommen. Som for så vidt bur inni han, i form av eit slags spøkelse med store hoggtenner. Kvar gong Rika annonserer sitt nærvær går det ofte dårleg for folk rundt Yuta då Rika har ein tendens til å rive, bite og klore på folk som byr på problem for sin kjære Yuta. Dette går litt over rimelegheitas grenser då ho drep tre av mobbarane til verten sin. For å unngå fleire innslag med dårleg stemning blir Yuta rekruttert til Jujutsu vidaregåande; eit akademi for folk med liknande problem som Yuta. Her byrjar handlinga vår.

Eg kjenner eg har lyst å prate mykje meir om kor sprø handlinga i denne filmen er, men som filmomtalar ville det ha vore ein dårleg utført jobb frå mi side. Jujutsu Kaisen 0 har nok av overraskingar på lur.

Når vi først er inne på overraskingar vil eg nemne at lydsporet i denne filmen overgjekk alt av håp og forventingar eg hadde då eg fann setet mitt ein tysdags morgon. I dei heftigaste actionsekvensane dundra det mellom veggane med fantastisk komposisjon som fekk adrenalinet mitt til å pumpe nesten like hardt som det truleg gjer om ein hoppar i strikk frå eit fly.

Teikningane og animasjonen er heller ikkje noko eg kan klage på. Dei overdådige actionsekvensane er engasjerande, og mange av bileta er imponerande å sjå på. For min del blir det historia som trekk Jujutsu Kaisen 0 ned eit par hakk. Dette ville antakeleg ikkje vere eit så stort problem om eg hadde forkunnskap til verda filmen tar stad i, men slik er altså situasjonen. Filmen gjev nykommarar ein sjans til å komme seg på vogna før toget susar avgårde, men det kjennes framleis litt slitsamt å henge med om du er ute etter ei god historie utan forkunnskap til det opphavelege materialet. Likevel vil eg seie at denne kan vere verdt å få med seg om du ser etter noko vilt med underhaldningsverdi i fart og spenning.

Jujutsu Kaisen 0. 2021. Regissert av Seong-Hu Park. Med: Megumi Ogata, Kana Hanazawa, Mikaku Komatsu og Koki Uchiyama. Spilletid: 1 time og 45 minutter. På kino: 20.05.22

Relaterte innlegg