Meny Lukk

Lords of Chaos – “Om vald, om død, om smerte”

[usr 4]

Lords of Chaos var å sjå på Kosmorama for ei stund tilbake, i den samanhengen skreiv Marthe ei anmelding som du kan lese her. Når filmen no får ordinær kinopremiere følgjer denne teksten som eit djupare dykk inn i tematikken og korleis filmen representerer verkelegheit og vald.

Eg burde vell først åtvare mot lette spoilers, men eg har her freista å ikkje nemne nokre viktige plottpunkt frå handlinga i filmen. Dei einaste detaljane eg nemner er dei som er viktige for å skildre rammeverket filmen er plassert i.

Det er to ting som gjer at Lords of Chaos har blitt ein splittande film. Filmen kan for det eine ikkje seiast å vere lojal ovanfor historia og rollefigurane den baserer seg på. For det andre sparer den ikkje på noko når det kjem til framstillinga av valden som tok stad. For dei som ikkje leste den originale anmeldinga eller som ikkje har fått med seg andre omtalar av filmen kan eg kort summere kva den handlar om. Filmen er satt til black metal-miljøet i Norge på 90-tallet. Eit miljø som i ettertid har vorte verdskjent for sine kyrkjebrenningar, drap og satanisme. Hovudfokuset til filmen er rivaliseringa mellom Øystein «Euronymous» Aarseth og Varg Vikernes; det grusame resultatet av maktkampen deira er utan tvil kjent for mange den dag i dag. Mange kjem nok til å sjå denne filmen med forventningar om ein realistisk representasjon av hendingane, og bli skuffa. Mange kjem nok også til å sette spørsmålsteikn ved den brutale valden filmen visar usensurert.

Realismespørsmålet er det som kanskje har markert seg mest. Varg Vikernes sjølv har vore ute å kritisert det han meiner er feil i filmen si framstilling av hendingane, og andre anmelderar har også hengt seg opp i om filmen er røyndomsnær eller ikkje. Og det er sant at regissør Jonas Åkerlund har tatt friheiter når han fortel denne historia. Det mest glorande eksempelet er kjærasten som Euronymous får i filmen, som ikkje liknar på nokon person i miljøet til gitaristen på denne tida. Andre friheiter er tatt i kronologien, og framstillinga av Euronymous er mykje meir sårbar og menneskeleg enn det han vert skildra som av dei som kjente han i røynda. For mange av dei som har hatt ei genuin interesse i sjangeren, miljøet, eller som vaks opp rundt det er dette utilgiveleg. Noko som til ei viss grad er forståeleg, spesielt når Åkerlund gjennom tekstplakatar tidleg i filmen hevdar at «Denne filmen er bassert på sannheit, løgner, og det som faktisk skjedde.» Men filmen prøvar heller aldri å lure deg til at du ser på ei framstilling av verkelege hendingar. Dette er ikkje ein type «found footage»-film som freistar å etterlikne ting slik dei skjedde. Alt er tydeleg stilisert og presentert i ein pakke som etterliknar «coming of age»-sjangeren. Få kjem til å kome ut av filmen og tenke at dei har sett ein rekonstruksjon, eller noko  som liknar. Det er ikkje poenget.

For vil ein eigentleg sjå ei attforteljing av det som faktisk hende? Er der noko poeng i å legge fram den fæle serien med forferdelege hendingar for sjåaren? Åkerlund kunne fort ha laga ein film som med kald presisjon tar for seg det som faktisk skjedde i denne perioden tidleg på 90-tallet. Vi kunne sett ein meir brutal Euronymous med færre nære relasjonar – og verkeleg dykke djupt inn meiningslause vald og drap. Eg trur personleg at resultat av det ikkje hadde egna seg til nokon kinoskjerm. Mest sannsynleg ville produktet best fungert som torturporno på internettet sine mest lumske og bortgøymde forum. Det at Åkerlund har hatt ein vilje til å endre på historia og faktisk gi den eit mål og ei meining er det som gjer at dette horrorshowet faktisk blir til ein film ein kan sjå på. Han har sett forbi fasaden og funne noko humant og relaterbart. Noko meir enn nihilisme og meiningslaust opprør.

Historia som vert fortald er ikkje ei om kalde og brutale drap, det er ei historie om korleis ungdomens råskap kan ta kontroll over eit liv. Korleis små kontrære prosjekt kan få verkelege konsekvensar som er mykje verre enn det ein kanskje forventa; om korleis ein til slutt står makteslaus når det kjem til å ta tilbake kontrollen. Det er tematikkar som ikkje alt for mange andre har røyvd med, men som uansett er høgst aktuelle. I ei verd som vert meir polarisert kvart år trur eg dette er ein realitet fleire må kjenne seg att i. Mange har nok spreia høgrevridde og venstrevridde meiningar på nett dei siste åra og oppdaga at deira motkultur-prosjekt har hatt sjokkerande verkelege konsekvensar. Vi fekk eit eksempel på det i Noreg for ti år sidan. Vi fekk eit eksempel på det på New Zealand i førre veke. Mange av dei som finn seg i gjerningsmennene sine manifest hadde nok aldri ønskja å inspirere dei hendingane som fylgde. Slik er det nok for hovudpersonane i denne filmen også.

Det er denne vinkelen filmen nyttar, og det er denne historia som filmen prøvar å fortelje. Av den grunn kan eg òg sjå forbi den valden og det filmen utsett deg for. Det er meining det skal vere vondt å sjå på, det er meininga det skal vere jævleg. Filmen kunne valt å polere hendinga og distansere sjåaren frå det som faktisk hender, men eg fryktar då at filmen ville kome mykje nærare å hylle rollefiguren den framstiller. Det at ein rollefigur utfører ei forferdeleg akt som du får sjå utilslørt og at du deretter ser vennane reagere og glorifisere det som har hendt skapar ein heilt anna reaksjon enn å berre høyre venane snakke om kor kult det er å vere jævleg. Du vert ikkje reven med i fantasien som Euronymous skapar, du får ein meir kritisk vinkel til det og tenkar over det som skjer på ein annan måte. Valden er ikkje brutal først og fremst for å sjokkere eller fordi den skal vere «kul», den har ein faktisk funksjon i det som filmen prøvar å seie. Så klart leikar filmen seg også med innlevinga. Den er forholdsvis selektiv med når den vil vere verkeleg brutal og når den gjev rom for å falle inn i fantasien til hovudpersonen,  men effekten er til å ta og føle på.

Ja, filmen dyttar til tider valden i trynet ditt. Den må det. Å sjå for seg denne filmen som ei sann attforteljing av det som skjedde, og som samtidig distanserer deg frå dei valdelege konsekvensane av handlingane, er vanskeleg. Den ville mista mykje av slagkrafta si, og ville heller ikkje hatt noko særleg mål og meining. I staden tek filmen for seg eit viktig tema, radikaliseringa av ungdom, som vert alt for lite diskutert på film. Noko som er rart, sidan dette er ein av dei mest aktuelle diskusjonane vi kan ha. Det er til sjuande og sist dette som gjer at eg enda opp med å like denne filmen så godt, at den tørr å gå innpå sjåaren. Mange har freista å lage dokumentarar om den verkelege historia som inspirerer filmen, mange av dei finn du på Youtube, men ingen av dei kjem til å røyve ved deg slik som denne. Ingen av dei er like engasjerande og samtidig problematiske.

Filmen er òg veldig god til å ikkje framstille hovudpersonane som offer. Dei ser jo openbart på seg sjølv som undertrykte av samfunnet og av verda, men filmen gjev dei aldri heilt rom til å få lov til å tru det. Rundt dei finn vi alle slags snille menneskje, ofte foreldre, som er villig til å ta dei inn å behandle dei med respekt og kjærleik. Vi vert minna om at disse eksisterer, ofte med ein god dose mørk humor, med gjevne mellomrom. Humoren i filmen kan òg verke støytande på ein del sjåarar, men den passar også inn i filmen. Den er ein smule eller to for mykje til tider, men den er òg ein naturleg del av historia. Verdssynet til karakterane er jo ofte ganske latterleg. Slik som deira parallellar i dagens ekstremistiske miljø, burde dei bli ledd av ein gong i blant. Balansen filmen finner er i alle fall mykje betre enn det den kunne ha vore, og der er nok av medmenneskelegdom mellom linjene.

Alt i alt synest eg Lords of Chaos endar opp som ei god filmoppleving. På grunn av unøyaktigheitene kjem nok mange metal-fans til å hate den, på grunn av den ekstreme framstillinga av valden kjem nok mange fleire til å henge seg på, men det går fint. Den finn ein heilt unik måte å nærme seg ein bortgløymt tematikk. Den greier å seie noko viktig om samtida som få andre snakkar om, og den gjer det på ein måte som sikkert kjem til å sjokkere. Blandinga av ein sjanger og ein setting som eigentleg ikkje burde settast saman gjer òg utrykket fråstøytande, til å byrje med. Men når alt kjem saman følast filmen som noko unikt. Nokre av forteljarteknikkane kan kanskje følast vel typiske, men dei fungerer godt. Eg må så klart åtvare mot sterke bilete, sterke scener, framstillingar av vald, sjølvskading og sjølvmord. Dette er ingen film ein kan ta lett på å sjå. Eg har sett filmen to gongar før eg sette meg ned for å skrive dette. Andre gongen, når eg viste kva som kom, kjente eg at eg grua meg. Når filmen byrja vart eg uansett dratt inn i det morbide universet, og kunne gå ut av salen like positivt og negativt lamslått som første gong eg såg den.

Lords of Chaos – skrevet og regissert av Jonas Åkerlund; med Rory Culkin, Emory Cohen, Valter Skarsgård, Sky Ferreira og Jack Kilmer. Spilletid: 1t 52m. Land: Sverige/Storbritania. Premiere: 22.03.19. Aldersgrense: 18 år.

Relaterte innlegg