Då var festivalen over, og gutane rakk akkurat å fullføre både INT og EUR-delane av programmet. Enda ein variert dag, med ei god blanding av animasjon og fiksjon, dagen kan karakterisast som full av unike uttrykk, ulike kulturar og originale idear.
KORT OM KORT:
Torkel sine favorittar:
Sukar (FRA / MAR, Ilias El Faris), Revolykus (GER, Victor Orozco Ramirez) og Bambirak (GER, Zamarin Wahdat)
Jonas sine favorittar:
Homeless Home (FRA, Alberto Vázquez), Sun Dog (BEL / RUS, Dorian Jespers) og Maalbeek (BEL / FRA, Ismaël Joffroy Chandoutis)
INT 4:
Sukar (FRA / MAR, Ilias El Faris, 10 min)
Tidlig Wes Anderson-esque estetikk. Jeg klarer ikke sette fingeren på akkurat hvorfor denne tilstandsfilmen er så god, men den er veldig beroligende for en eller annen grunn.
Revolykus (GER, Victor Orozco Ramirez, 12 min)
Jeg er helt satt ut av hvor vakker denne stop motion filmen er. Handlingen er interessant… Tror ulike personer som ser filmen vil tolke det ulikt hva handlingen er. Prøv å se denne filmen og se om hjernen din skaper et eget narrativ om hvem denne personen er.
INT 5:
Maalbeek (BEL / FRA, Ismaël Joffroy Chandoutis, 15 min)
Resonnerer over ei kvinnes gløymte erfaring som offer over eit terroristangrep i Belgia for nokre år tilbake med eit ljodspor frå eit intervju, vakre komposittbilete og videomateriale frå hendinga. Liknar litt på The Animus frå Assassins Creed i grunnen- og det på best mogleg vis.
Merak (LUX / BGR, Dzhovani Gospodinov, 22 min)
Så jævlig uinteressant, helt til alle klær seg ut som Chewbacca.
Homeless Home (FRA, Alberto Vázquez, 15 min)
Kva har ei heks frå Roald Dahls Heksene, roboten frå Big Hero Six og ein ork frå Tolkiens univers til felles? At dei bur i denne filmens skremmande dødsrike sjølvsagt!
INT 6:
The Chimney Swift (GER, Frédéric Schuld, 5 min)
England, jævla tullinger ass, de hadde barneslaver for å rense pipene sine. (Red.anm: det var vanleg praksis å nytte barn for å rense piper i heile Europa, ikkje berre England).
Sun Dog (BEL / RUS, Dorian Jespers, 19 min)
Har du nokon gong følt kjensla etter du har vore ute i snøen litt for lenge, at det hadde egentleg vore veldig digg å legge seg ned å sove ei lita stund? Sun Dog speler på denne kjensla for meg.
EUR 3:
The Bite (PRT / BRA, Pedro Neves Marques, 26 min)
Ekstremt lett å relatere til ein film når den omhandlar eit par som reisar ut i bygda for å leve livet avkopla frå verda medan det føregår ein dødeleg epidemi. Atmosfæren her er til å sleikje.
EUR 4:
People on Saturday (CHE, Jonas Ulrich, 10 min)
Gid å leve i ei vanleg verd. Når ein vignettefilm med dei mest daglegdagse hendingar i fokus er det at eg vart emosjonell teikn på noko sårt feil.
No er festivalen slutt for i år, men ver på utkikk etter Torkel og Jonas sine favorittar frå festivalen! Sjåast igjen neste år = )