Meny Lukk

Ramaskrik 2022: Dag 1

Jump Cut er atter eit år på plass i eventyrlege Oppdal. Truls og Nathaniel er svært klare for ei helg full av blod, gørr, monster og ein skokk andre herlege ting ein finn over gjennomsnittet av her på skrekk-filmfestivalen Ramaskrik. Første festivaldag var ein med fleire gjestebesøk frå regissørar, produsentar og skodespelarar som stiller med ferske grøss som snart skal lyse opp kinolerret andre stadar i verda. Dei to største visningane på torsdagsprogrammet består av ein ny norsk-amerikansk skrekkfilm som blir kinoaktuell allereie neste veke, samt ein ny «creature-feature» frå regissør Neil Marshall.


Leave (2022) – regi av Alex Herron

Årets Ramaskrik er fullt i gang og dag en har vert eksplosiv. Dagens største begivenhet var da selvfølgelig årets åpningsfilm. I år kom den i form av norske “Leave“. Dagens visning av Leave er den første offisielle visningen av filmen så her kommer Ramaskrik med en verdenspremiere.

I den anledningen kom det storbesøk til Oppdal: regissør Alex Herron, skuespiller Herman Tømmeraas og produsentene Dave Spilde og Tommy Wirkola var alle til stede for en Q & A før visningen. Leave følger 20 år gamle Hunter som reiser til Norge for å finne sin biologiske familie.

Mitt førsteinntrykk av Leave er nok ikke det beste dessverre. Jeg hadde forventninger til en Norsk skrekkfilm av denne skala, men filmen når dessverre ikke opp. Filmen slipper sin egen identitet for hvert skritt den tar videre i historien. Jeg liker mange av tingene som blir dratt opp og introdusert tidlig i filmen, men disse blir kastet delvis vekk mot slutten.

Leave prøver også å være for mange ting til samme tid. På den ene fronten vil den være overnaturlig og på den andre psykologisk. Er dette en skrekkfilm eller er den en krimfilm? Forfatterne burde ha tatt et veldig klart valg tidligere i produksjonen.

Leave blir for meg en film som planter sine føtter midt på treet. Selv om den har noen gode sider så blir de overskygget av de svakere punktene. Derfor Blir Leave en skuffelse for meg på dag en av Ramaskrik. En siste beskjed til filmskaperne bak Leave: Når du er på Norges skumleste festival så bør du være skummel!

Skrevet av Truls Hustad.


The Lair (2022) – regi av Neil Marshall

Emmy-nominerte Neil Marshall tok turen innom Ramaskrik for å presentere to av sine filmar som sto på programmet for dagen. Først ut var ei visning av hans første spelefilm “Dog Soldiers” frå 2002, etterfølgd av hans nyaste film “The Lair” seinare på kvelden. Mannen bak filmar som “The Descent” (2005) stiller i sitt nyaste prosjekt med ein film som ikkje tar seg sjølv særleg seriøst, noko som gjer den ufatteleg moro å sjå med eit festivalpublikum. The Lair lenar seg mykje på humoristiske innslag, over-the-top action samt ei sunn mengde blod og gørr.

Vi byrjar meir eller mindre rett på sak då løytnant Kate Sinclair sitt fly blir skoten ned over Afghanistan. På rømmen frå fiendtlege styrkar ramlar ho inn i ein bunker som husar ein grufull hemmelegheit frå då sovjet invaderte landet. Handlinga utviklar seg ikkje mykje meir enn dette då resten av filmen stort sett er skyting, skriking, monster og eksplosjonar. Ein treng vel strengt tatt ikkje særleg mykje meir enn dette for å bli tilfredsstillande underhaldt.

Som nemnd er dette ein film som er uslåeleg å sjå saman med eit festivalpublikum. Sjølv om verken skodespelet eller skrivinga er noko å skryte høgt av kan ein tydeleg merke filmskapargleden som har vore til stades på sett, og denne smittar over på eit entusiastisk publikum i kinomørket. The Lair er kanskje ikkje ein film eg kjem til å besøke igjen med det første, men ei oppleving eg heller ikkje vil gløyme i næraste framtid.

Skriven av Nathaniel Gjerde Hovland.

Følg med fremover de neste dagene for mer Ramaskrik-innhold!

Relaterte innlegg