Meny Lukk

“The Batman” – Lynvingen på sitt beste


Matt Reeves stiller opp med ei ny tolking av den maske- og kappekledde superhelten som er ulikt alt vi har sett han i før. Heilt sidan denne filmen vart annonsert har den skapt høge forventingar med det stjernespekka mannskapet med skodespelarar som er om bord, og ein ny versjon av ein høgt elska karakter. Det er ein glede for meg å kunne melde at dei høge forventingane blei møtt.

The Batman tek for seg ein mindre erfaren Batman enn det vi har sett før. I sitt andre år med maskekledd vigilantisme møter tittelkarakteren større motstand enn før då ein seriemordar under namnet Riddler tek livet av Gotham sin elite ein etter ein. I søken på ei løysing i denne saka oppdagar Batman saman med Jim Gordon ei korrupsjonssak som går mykje djupare enn det ser ut til.

Dette er første gong sidan Cristopher Nolan avslutta sin fantastiske trilogi i 2012 at vi ser Batman i eit live-action soloprosjekt. Sidan den gang har Nolan sin trilogi blitt meir eller mindre standard når det kjem til kva som forventast av ein Batman-film. Dette er ein tankegang ein er nøydd å leggje frå seg før ein sett seg i kinomørket. The Batman er Batman som vi aldri har sett han før, og det er herleg å være vitne til. Matt Reeves går fullt inn for ein noir-detektiv type film, kontra flashy CGI-action-fest som ofte er synonymt med superhelt-genren. Som følgje av dette stilvalet får The Batman ei atmosfære som er heilt ulik det ein gjerne er vant med i andre «kappefilmar», og resultatet er fantastisk.

Sjølv om Reeves har tatt ei anna rute enn den tradisjonelle action-ruta, er ikkje det mangel på action i denne filmen. Kampscenene er brutale og ein kan nesten kjenne slaga til Robert Pattinson lande der ein sit i kinosalen. Det må også nemnast ei biljaktscene som er noko av det mest adrenalinfylte eg har sett på skjerm i nyare tid.

Det som dreg merksemd i Batman-filmar er ofte karaktergalleriet. Lynvingen har nokre av dei betre kjende skurkane gjennom tidene, så det er kritisk at karakterane blir gjort på ein bra måte i ein slik film. Her leverer Reeves og sin ufattelege gjeng med skodespelarar veldig bra. Nokre av karakterane i The Batman er sannsynlegvis dei beste versjonane av dei vi har sett så langt. Dette er ein påstand eg vanlegvis ikkje hadde turt å ytre, men prestasjonane til nokre av desse skodespelarane saman med måten karakterane er skrivne på gjer for svært gode tolkingar av kjende karakterar. Her må ein trekkje fram Paul Dano som gjer ei genuint skremmande portrettering av Riddler. Colin Farrell er også heilt ugjenkjenneleg i rolla som Penguin, og det er ein fryd å sjå på. Ein kan heller ikkje lage Batman-film utan mannen sjølv, og Robert Pattinson gjer ein svært god Bruce Wayne som eg gjerne vill sjå meir av. Dette er berre tre av stjernene i denne filmen som også har med seg Zoë Kravitz og Jeffrey Wright i spennande roller, samt ein haug med andre kjende fjes som alle presterer ufatteleg bra.

The Batman er akkurat den Batman-filmen verda har mangla, og Gotham passar så latterleg bra i noir-stilen at det er eit under at det ikkje har blitt gjort enda meir før. Dette er ikkje ein film utan manglar, men den leverer såpass godt der den skal levere at den tar med seg full pott frå meg. Her er det berre å springe på kino så fort som råd. Denne vil du ikkje gå glipp av.

The Batman - Regissert av Matt Reeves. Spilletid: 2t 56m. Land: USA. Norgespremiere: 04.03.2022. 
Skuespillere: Robert Pattinson, Zoë Kravitz, Jeffrey Wright, Andy Serkis, Paul Dano, Colin Farrell. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg