Meny Lukk

“The Father” – Enorme prestasjonar frå Hopkins og Colman


I leilegheita si sit 81 år gamle Anthony (Anthony Hopkins) og høyrer på opera. Dottera hans Anne (Olivia Colman) har sendt fleire heimehjelp arbeidarar for å hjelpe han i kvardagen då ho lenger ikkje har tid til det, men han har vist alle til døra. Anthony likar leilegheita si godt, men då det plutseleg begynner å dukke opp folk han ikkje kjenner igjen byrjar han å mistenke at nokon prøver å svindle han ut av den. Vi følgjer Anthony gjennom opplevingar som skurrar med realiteten hans.

The Father skildrar demens på ein måte som får meg til å sitte igjen og lure på om det faktisk er slik det er. Mesteparten av filmen er fortalt frå Anthony sitt perspektiv med saumlause overgangar mellom forskjellige augneblink som etter kvart som filmen går kan opplevast som veldig overveldande. Dette er gjort på meisterleg vis og set sjåaren i Anthony sine sko ved å skape forvirring og usikkerheit.

Florian Zeller har her skapt noko som kjem til å bli sitjande med meg i ei stund framover. Sjeldan har eg opplevd ein film som har plassert meg i situasjonen til hovudpersonen på ein måte som får meg til å setje spørsmål ved framtida mi. Mykje av dette kjem også gjennom to alvorleg bra skodespelarprestasjonar.

Dette er nemleg ein film som ikkje kunne ha vore i nærleiken av like bra som den er utan godt skodespel. Anthony Hopkins tok med ein Oscar for sin prestasjon, og det skal seiast at er velfortent. Olivia Colman vart også nominert for hennar rolle som ho leverer enormt sterkt i. Desse to prestasjonane klarer å formidle kompliserte følelsar som er vanskeleg å setje ord på, og er noko av det betre eg har sett i nyare tid.

Eg var ikkje heilt sikker på kva eg skulle forvente då eg sat meg ned i salen for å sjå The Father, men ingenting kunne førebudd meg på det som kom. Dette er ei oppleving som ofte er ubehageleg og gjerne sparkar deg litt ekstra når du er nede, men som også på rørande vis fortel om tilstanden å vere menneskje. Dersom du har anledning, vil eg råde deg sterkt til å sjå The Father for å oppleve noko du neppe har gjort før.

The Father  - Regissert av  Florian Zeller. Spilletid: 1t 37m. Land: England. Norgespremiere: 28.05.2021. Skuespillere:  Anthony Hopkins, Olivia Colman, Imogen Poots. Aldersgrense: 9 år

Relaterte innlegg