Meny Lukk

“Thor: Love and Thunder” – Klein Waititi-humor


Marvel Studios er tilbake med enda ein film om den norrøne guden av tore, Thor Odinson. Chris Hemsworth er tilbake i den raude kappa som har vore med i Marvel sitt univers sidan han først dukka opp på skjermen i 2011.

Etter sine førre eventyr og trauma er Thor no på ein sjelesøken etter å finne seg sjølv. Dette gjer han på reise gjennom verdsrommet med gjengen frå Guardians of the Galaxy (2014) ved å hjelpe diverse utanomjordiske samfunn med deira problem. Då det omsider dukkar opp eit nødsignal frå ei gammal kjenning, må guden gå i møte med ein ny trussel i form av ein skapning som går under namnet Gorr the God Butcher (Christian Bale). Av grunnar som namnet til skurken gjer ganske openbart, må Thor setje ei stopper for dei vonde planane hans før han mistar meir enn han allereie har gjort.

I likskap med sitt førre Marvel-prosjekt stiller Taika Waititi med enda ein fargesprakande effektfest der han lenar seg mykje på humoristiske innslag med referansar til anna popkultur. Problemet i Thor: Love and Thunder er at han ikkje har klart å finne ein balanse på kor mykje moro han kan ha med før det blir kleint. Dei aller fleste av vitsane her fell flatt nemleg fordi det er så ufatteleg mange av dei. Det at Waititi prøvar å gjere alt morosamt, fører til at nesten ingenting blir det.

Karakterane i filmen er heller ikkje nok til å bære den på eigenhand. Dei vi kjenner frå før har endra seg svært lite sidan sist gong, og oppfører seg akkurat som forventa. Dette fører til at filmen blir enda meir føreseieleg enn den var til å byrje med. Dei nye karakterane som blir introdusert kunne vore eit friskt pust i ein film som sårt treng det, men lir av eit svært cheesy manus som ikkje gjer tenester for nokon involvert.

Lyspunktet i denne filmen er ironisk nok skurkerolla til Christian Bale, som leverer ein enorm prestasjon. Gorr er genuint skummel til tider, og verkar faktisk som ein trussel i motsetning til andre skurkar frå tidlegare filmar. Kontrasten mellom godt og vondt i Thor: Love and Thunder er såpass stor at det kjennes nesten ut som to forskjellige filmar i ein. Det er vanskeleg å halde seg engasjert når forskjellane i stemning mellom Thor og Gorr sine historier er såpass betydelege at ein nesten må bytte sinnstemning frå scene til scene.

Eg kan konkludere med å seie meg litt skuffa over nyaste innslaget i MCU. Klein humor og svak skriving gjer at dette blir ei affære som er lett å gløyme i ein serie som kunne trengt ein skikkeleg gnist.

Thor: Love and Thunder. Regissert av Taika Waititi. Med: Chris Hemsworth, Christian Bale, Natalie Portman, Tessa Thompson, Russell Crowe, Taika Waititi. Spilletid: 1t og 59 min. Land: USA. Aldersgrense: 12 år. Premiere: 06.07.2022

Relaterte innlegg