Meny Lukk

Venom: Let There Be Carnage – Minimalt blodbad


Regissør Andy Serkis stiller med ein oppfølgjar til “Venom” frå 2018. I denne filmen opplever journalisten Eddie Brock (Tom Hardy) og romvesenet som har inntatt kroppen hans trøbbel i paradis då personlegdommane deira kolliderer meir enn før. I tillegg til denne konflikten fangar Eddie merksemda til dødsdømde seriemordar Cletus Cassady (Woody Harrelson), som snart vil utvikle eit forhald til ein ny utanomjordisk «symbiote».

Venom og Carnage er to kjende teikneseriekarakterar som har potensiale til å kunne omsetjast til skjerm på ein svært underhaldande måte. Dessverre blir filmen dei endeleg møtes eit skuffande rot som ikkje heilt veit kva den vil.

Der filmen slit aller mest er når den ikkje klarer å bestemme seg for om den vil ta ei mørkare horror-rute, eller køyre på med ei kompiskomedie/rom-com mellom Eddie og Venom. Dette fører til at heile filmen får ei veldig rar stemning som held seg gjennom den relativt korte speletida på 97 minutt. Det at filmen prøvar å balansere noko som i seg sjølv kunne vore to forskjellige filmar innanfor denne stramme tidsramma fører til ein del problem med tempoet som går litt fortare enn denne filmen har godt av.

Dei nye karakterane i filmen får som resultat av det merkelege tempoet ikkje fullt så mykje tid som dei skulle hatt til å etablerast skikkeleg då mykje av tida blir brukt på throwaway vitsar om forhaldet til Eddie og Venom. Dette forhaldet er riktig nok hovudfokus i filmen, men mykje av tida som blir brukt her kjennes unødvendig mot resten av handlinga.

Venom: Let There Be Carnage har også tydeleg lyst til å vere meir brutal og valdeleg enn den får lov til av 12 års aldersgrensa den har, og dette synes. Eg ser også for meg at mange scener kan ha blitt kutta frå det endelege produktet på grunn av dette, noko som er synd då begge tittelkarakterane hadde tatt seg betre ut med litt meir frie tøyler.

Eg har ikkje berre dårlege ting å seie om denne filmen. Karakterdesignet på både Venom og Carnage er veldig stilig , og trass i at filmen held tilbake grunna aldersgrensa er kampscenene og actionsekvensane dugeleg underhaldande. Også nokre av vitsane som blir dradd funkar godt, men det blir dessverre litt for lite litt for seint i forhald til resten av innhaldet.

I alt ender Venom: Let There Be Carnage dessverre med å skuffe. Filmen verkar til tider som den har blitt hasta ut (noko som ikkje er usannsynleg ut i frå post-credit scena), og blir på grunn av dette veldig svekka. Potensialet er å finne, men det blir levert på eit vis som etterlet meg utilfreds.

Venom: Let There Be Carnage - Regissert av Andy Serkis. Spilletid: 1t 37m. Land: USA. Norgespremiere: 19.11.2021. 
Skuespillere: Tom Hardy, Woody Harrelson, Michelle Williams, Naomie Harris. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg