Meny Lukk

“Wrong Turn” – Ein plagsom film


Av og til kjem det ein film som ikkje heilt klarar å levere på nokon frontar. Ein film som får deg til å verkeleg glede deg til den er ferdig, men som likevel verkar til å aldri ta slutt. Dette er ein slik film.

Wrong Turn startar slik som mange andre filmar i sjangeren. Ein gjeng attraktive ungdommar skal på tur i skogen. Etter å ha ignorert tallause åtvaringar frå dei lokale i småbyen dei besøker går ting, som ein kanskje har forventa, veldig gale. Gjengen finn seg sjølv i ein tjukk skog som viser seg å skjule eit hemmeleg samfunn med folk som ikkje tar lett på framande som kjem for nær.

Dette er ein reboot av serien med same namn som starta i 2003. Så historia kan verke kjend både derfrå og frå uendeleg mange andre skrekkfilmar. Det kan også verke som den kan by på iallfall eit par grøss i kjend stil, men dette skal vise seg å ikkje vere tilfellet. I det filmen begynner å plukke opp tempoet, tar den ein u-sving for å presentere eit par halvbakte politiske idear og ei fullstendig unødvendig «far leitar etter dotter»-forteljing med Matthew Modine i spissen.

Eg er klar over at akkurat denne typen skrekkfilm sjeldan er særleg god, men meir ofte enn ikkje er det eit par lyspunkt i desse filmane som ein enten kan le av eller kanskje til og med bli litt skremd av. Wrong Turn bommar på absolutt alt som er å treffe, og det er direkte irriterande å følgje med på dei eindimensjonale karakterane gjennom opplevingane sine.

Dette er ein film du for all del kan hoppe over. Eg er ikkje sikker på om eg vil anbefale den til folk som likar å ha det dårleg eingong. Sjølv om den har ein nesten lovande start, ender den framleis opp med å falle dødt om relativt tidleg i det som blir den alt for lange speletida.

Wrong Turn  - Regissert av  Mike P. Nelson. Spilletid: 1t 50m. Land: USA. Norgespremiere: 16.04.2021. Skuespillere:  Adain Bradley, Charlotte Vega, Emma Dumont, Bill Sage, Matthew Modine. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg