Meny Lukk

“Alle hater Johan” – Satirisk bygdedrama


Verda har endra seg noko kolossalt dei siste 80 åra. Nasjonsbyggingprosjektet etter andre verdskrig lærar opp ein til å sjå på Noreg som eit lite land som vart endra då olja kom. Og kvar er dette meir tydeleg enn på bygda?

Alle hater Johan” er ei bygdeforteljing som følg han Johan (Pål Sverre Hagen), som er nettopp hata. Med kommunistiske foreldre og ei ufin vane til å sprenge endar Johan opp som eit naturleg offer for barn og vaksne med mindreverdskompleks. Me følg Johan sitt liv frå start til ende, gjennom alle prøvingane han har vore utsett for. Johan er ein slags ‘dynamitt-Harry’-type, som frå sine foreldre (som var sabotørar under krigen) har opparbeida ei interesse og kunnskap om å sprenge ting (og folk). På skulen vart det openbart at han ikkje er som alle dei andre. Johan vart rett og slett eit kollektivt mobbeoffer: ein landsbyidiot.

Regissør Hallvar Witzø har skapa ei grunnforteljing der han vil bidra til å forstå kva vil det seie å være annleis når ein er del av eit innestengd bygdesamfunn. Då etter ei ulukke som snur Johan si lagnad har han ikkje noko anna val enn å fere til Amerika der han gjer om hobbyen sin til eit yrke og vart ein ‘demolition-man’.

Satt til øya Titran på trøndelagdskysten, Alle hater Johan oppsummerar 70 år med kulturell utvikling på 100 minutt. Eit lite fiskever som er utan tilknyting til fastlandet; Titran vart for meg ein lett stad å forstå seg på, ettersom eg er frå ein liten vestlandsstad som lenge mangla infrastruktur. Titran speglar også på eit vis korleis Noreg opererar i førehald til resten av verda. Nordmenn lev i si eiga lita boble som sjeldan og motvilleg let nye krefter inn. Kjøkenstova til Johan er kanskje det beste eksempelet eg har sett på den gjennomsnittlege bestefarstove- der sofaen er frå 80-talet, gardinene er heilt nye, skjenken nærar seg 150 år og gyngestolane er frå 2003.

Dette er berre ei riktig moro forteljing som har nokre idear om korleis nordmenn funkar. No har eg med vilje unngått å røre ved det, men Alle hater Johan er ei komedie. Meininga er at du skal le når Johans foreldre sprengar seg sjølv i lufta ved hjelp av ei tysk ubåt-mine. Erlend Loe si stemme skin i gjennom båe gjennom dialogen og hendingane i handlinga. Dette samstundes som Alle hater Johan byggar vidare på Witzø sin stil av mørk humor. Ein kan kjenne igjen element då utspelar seg på ein liknande stad som den Oscar-nominerte kortfilmen hans “Atlantic Tuba”.

Filmar som denne og filmskaparar som Witzø, saman med Charlotte Blom (Dianas Bryllup) og Yngvild Sve Flikke (Ninjababy) visar meg at det framleis finnes eit håp om at norske komediar kan drege fram ei reaksjon frå lattermusklane. Dei er ei ny vri på ein gamal formel, den same naive komedien som “Elling” og Hamer sine filmar frå kring 20 år sidan pionerte. Eg ser veldig fram til kva Witzøe finn på neste gong.

Alle Hater Johan: regissert av Hallvar Witzø. Med Pål Sverre Hagen, Ingrid Bolsø Berdal. 12 år. Premiere 25. Mars

Relaterte innlegg