«First Cow» – Søt, men tragisk, pioneerfilm om vennskap og entrepenørskap

Dette er ei gøyal og søt historie om entreprenørskap og mannleg venskap, og trenger eigentleg ikkje meir.
RAMASKRIK – Dag 2

Nathaniel og Lars fortsetter sitt dypdykk i skrekksjangeren.
«Det finnes ingen djevel» – Hardttreffande om dødsstraff i Iran

[usr=4.5] Sidan revolusjonen i 1979 har Iran hatt eit strengt straffelovverk, der avretting har vorte vanleg for nokså små lovbrot. Kor mange som har vorte avretta nøyaktig er vanskeleg og seie med sikkerheit, men det er vanleg og anta at mellom 350 og 500 personar vart avretta på ymse grunnlag kvart år. Kvifor det er så strengt kvilar på ei blanding av religiøs fanatisme og eit statleg forsøk for å hindre kriminalitet med å ha strenge straffer bak brota. Funkar dette systemet? Ifølgje wikipedia har tala på avrettingar gått opp sidan 2013, og det vart nesten 1000 personar avretta berre i 2015. Den vanlegaste metoden for avretting er henging. Dei fleste vart avretta for smugling av narkotika. Nokre for religiøse straffer, som utroskap, sodomi osv. Likevel held dei fram med det, med trugselen om å miste livet over alle som tør og risikere det. Mohammad Rasoulof meiner at det er eit defekt system, som ikkje berre endar opp med å avrette eit utal av menneskje, men det er også eit samfunnsproblem å trene vilkårlege menneskje til å vere mordarar. Regissøren har skapt eit massivt tablå av menneskelege historier i «Det finnes ingen djevel». Frå utsida verkar filmen ganske rett fram, men igjennom ei antologi går han til verks på å utforske og skildre kva konsekvensane av det aggressivt innstilt rettssystemet tydar. Eg gjekk inn i filmen heilt utan nokon som helst informasjon på førehand. Dette er korleis alle burde sjå filmen. Eg vil ikkje skrive noko her om handlinga, men heller om opplevinga. Stundom er filmen roleg og vakker. Dette varer aldri. Dei flotte landskapsbileta og den nydelege iranske naturen kjem i skuggen av det som skjer. Menneskja som er skildra kjem til liv igjennom fantastiske skodespelarprestasjonar. Alle hamnar i situasjonar som ofte er ufatteleg vanskelege, og må ta ansvar for sine handlingar. Skodespelarane gjer ein fenomenal jobb i å ytre dette. Nokre av filmens utsnitt fortener nesten og henge på veggen. Naturen er i fokus, medan det iranske rettssystemets natur ulmar i bakgrunnen. Ein får ikkje sleppe unna konsekvensane. Frå start til slutt vart eg målbunden av den direkte metoden Rasoulof nyttar for å utforske tematikken. Han held ikkje tilbake. At dette verket kan kome ut av Iran anno 2020 er merkverdig. Eg fryktar mannen kjem og måtte tene ei lang straff for dette, han har allereie vorten straffedømd for å spreie propaganda ein gong tidlegare. Då var det for hans tidlegare filmar. Det var i mars 2020. «Det finnes ingen Djevel» går i strupen på nasjonen, og eg fryktar det verste for regissøren. Det finnes ingen djevel – Regi og manus av Mohammad Rasoulof; med Ehsan Mirhosseini, Shaghayegh Shourian, Mohammad Seddighimehr, Baran Rasoulof og fleire. Land: IRAN. Vises på BIFF, og skal kome på kino.
RAMASKRIK – Dag 1

Les her hva Nathaniel og Lars så på dag 1 av Norges desidert kuleste skrekkfilmfestival!
«The World to Come» – Sterkt kjærlighetsdrama, MEN…

The World to Come er ikke en dårlig film, langt ifra. Den har så mange gode sider ved seg at det er vanskelig å ikke bli engasjert, MEN…
«Atlantis» – Eit ukrainsk helvete

Dette er den meist realistiske dystopien eg har sett, med fokus på veldig menneskelege interaksjonar og veldig reelle problemstillingar.
«Meet the Censors» – Usensurert om sensur

Kan man stole på noe som helst av det som blir sagt i Meet the Censors når alle som snakker er undersåtter for, i noen tilfeller, totalitære stater?
«Greta» – På innsiden av Thunbergs klimakamp

Klimadebatten er alltid aktuell. Det er en pågående prosess, så selv om min umiddelbare tanke var «Er det ikke litt tidlig å lage en film om Greta Thunberg?», så tror jeg at svaret er nei. Det er akkurat tidsnok.
«Last and First Men» – Surrealistisk og hypnotiserende

Last and First Men er ingen vanlig film. Måten svart-hvitt bildene av mystiske strukturer og den stemningsfulle musikken fungerte sammen var såpas hypnotiserende at det var vanskelig å ta øynene fra lerretet.
«Falling» – Usympatisk, homofobisk gubbe

Om handlingen til Falling høres uinteressant og kjedelig ut, så er det fordi det er nettopp det den er.