«First Cow» – Søt, men tragisk, pioneerfilm om vennskap og entrepenørskap

4.5 out of 5 stars

Siste filmen for meg på Biff i år vart Kelly Reichardt sin merkelege «western» om to menn som lever på kanten av amerikansk sivilisasjon rundt 1820. Reichardt er tidlegare kjend for ein annan pionerfilm, ‘Meek’s Cutoff’, og har valt å igjen utforske amerikanske forhald i perioden.

First Cow følg «Cookie» (John Magaro) og King-Lu (Orion Lee). Cookie, som har fått namnet sitt på grunn av han har vore opplært i bakaryrke, hamnar i djupaste Oregon som del av ei gruppe pelsjegerar. Der møter han King-Lu, ein kinesisk migrant som prøvar lykka i Amerika. Dei to menna vert eit usannsynleg venepar, og lev saman i ei hytte i skogen. Forhaldet deira er filmens kjerne, og langt på veg det sterkaste den har og tilby. Den absurde kone/mann-dynamikken vert underspelt til stor suksess og mykje latter. For dette er utan tvil ein komedie, og ein ganske morosam ein. John Magaro er spesielt flink som ein mann tvungen inn i ei mannsdominert verd, der han sjølv eigentleg berre ynskjer og bake bollar, kjeks og brød.

Frå opningsscena som er 12 minutt med sakte og nøktern soppsanking, til gutane som baker kaker til barske pelsjegerar, ‘First Cow’ tek seg tid til å bygge opp spøkane sine, og ting som eigentleg ikkje er særleg morosamt, vart likevel underhaldande. Den tredje store styrka til ‘First Cow’ er den vakre kinematografien. Komponeringa av utsnitta er ofte nydeleg, det er nokre flate statiske skot med vakre, djupe grøne, raude og gule tonar. Spesielt flott var ei scene når King-Lu og Cookie fyrst kjem fram til hytta i skogen, og ryddar litt, der du ser King-Lu igjennom vindauget, medan Cookie er i framgrunnen.

Vennskapet mellom Cookie og King-Lu er som nemnt den beste delen av filmen, men handlinga er ganske bra den òg. Dei to venane utnyttar seg av mangelen på mjølk i regionen for å stele mjølk frå den fyrste kua som kjem til området, slik at dei kan bake kjeks og kaker til forskjellige pionerar som er stinn med pengar. Handlinga er enkel nok og forstå, og eigentleg er det ikkje så mykje meir til filmen enn dette. Men det er friskt og sjå ein film som ikkje prøver og fokusere på alt for masse, og ein kan finne eigne meiningar i handlinga.

Det er ei gøyal og søt historie om entreprenørskap og mannleg venskap, og trenger ikkje eigentleg vere meir enn dette. Den er verdt å sjå for dynamikken mellom Magaro og Liu aleine, men det er også ein flott film og sjå på. Har eg nemnt at den er morosam?

First Cow - Regi: Kelly Reichardt, skrive av: Kelly Reichardt, Jonathan Raymond, bassert på: The Half Life; av Jonathan Raymond. Med: John Magaro, Orion Lee, Toby Jones. Land: USA. Visest på BIFF.