«Atlantis» – Eit ukrainsk helvete

5 out of 5 stars

Min fyrste dag ved Bergen Internasjonale Filmfestival valde eg ut 5 filmar eg visste akkurat ingenting om før eg satt meg i salen og opplevde dei. Og for ein dag det har vore. Nesten alle filmane eg har sett fortener i grunnen nokre ord om dei, likevel var det ein som stod ut blant mengda.

Atlantis gjorde eit intrykk på meg som vart vanskeleg å skildre. På overflata er det ein ei nokså rett fram forteljing, så lenge ein har litt kunnskap angåande situasjonen i grenseregionen mellom Russland og Ukraina. Den Ukrainske spelefilmen tek utgangspunkt i den ulmande konflikten, og setter handlinga til sluttspelet av ein komande krig mellom dei to nabonasjonane.

Donetsbekkenet er ein av dei verste stadane på jorda å bu. Det er ingenting og leve av utanom tungindustri som over det siste hundreåret har forgifta regionen så kraftig at ikkje eingong elvevatnet er drikkeleg. Ein spesiell mentalitet er høvd for å ville fortsetje og leve der. Historia følg ein tidlegare ukrainsk soldat som deltok i den fiksjonelle krigen mellom grensemaktene. Han er ein av få frå området som deltok i krigshandlingane og vart derfor skydd av hans kollegaer. Vår mann, Sergey (Andriy Rymaruk), lid av posttraumatisk stressliding. Saman med Ivan (Vasyl Antoniak), ein felles krigar og mentalt forstyrra ung mann, arbeidar dei i stålindustrien med ingen verkelege prospekt.

Når fabrikken Sergey lukkar dørene tek han opp eit nytt arbeid, som ein lastebilsjåfør som transporterer vatn for hæren. Igjennom det nye arbeidet hamnar Sergey rett opp i den tidlegare krigssona, og får sjå konsekvensane på nært hald. Han vart kjend med ei jamaldra kvinne som leitar etter massegraver for falne soldatar. Bilbomber er ein dagleg trugsel, og det får Sergey oppleve på nært hald. Likevel vert han værande i Donets. Sergey har slåst for dette landet, og når det ikkje er mogleg for andre å bu der, vart det ein strålande stad for nokon som ikkje har ein annan plass.

Verknadane av PTSL er fokuset frå start til ende. Eit innblikk i kvifor det er så vanskeleg og reintegrere i samfunnet har sjeldan vore framstilt betre. Korleis kan nokon som har opplevd det verste menneskeheita har og tilby kunne gli inn i kvardagen igjen?

Stiluttrykket her er fantastisk. Regissør Valentyn Vasyanovich er klart inspirert av sovjetiske gigantar som Aleksey German og Andrej Tarkovskij. Ein flott sekvens er som teken ut av adaptasjonen av Orwells ‘Nineteen-Eighty-Four’ (1984). Også eit hint av Roy Andersson er å merke, med lange statiske takningar som tek i bruk den fulle djupna det levande bilete har og tilby. Det er nokre fenomenale utsnitt, som nyttar eit brutalistisk uttrykk for å skildre både storleika på fabrikkane og nyttelausheita for Andrey å styre tilstandane rundt seg. To av filmens nykkelsekvensar er filma med ultrafiolett kamera, noko eg aldri har sett nytta til slik effekt i ein spelefilm. Kvart eit bilete er nydeleg, og filmen fortener ei eiga bok med utdrag frå diverse kamerainnstillingar.

Vasyanovich har verkeleg fått til noko fenomenalt her. Dette er den meist realistiske dystopien eg har sett, med fokus på veldig menneskelege interaksjonar og veldig reelle problemstillingar. Eg kan ikkje anna enn og kalle dette eit meisterverk.

Atlantis - Regi & Manus: Valentyn Vasyanovych, Med: Andriy Rymaruk, Liudmyla Bileka, Vasyl Antoniak. Land: Ukraina. Vises på BIFF.