«If Beale Street Could Talk» – Herleg, men vond

                                                              4 out of 5 stars

Alonzo (Stephan James) sit i fengsel grunna han vart skulda å vere ein valdtektsmann, medan kjærasten hans og hans familie er sikker på hans uskuld. Samstundes som ‘Fonny’ sit varetekstfengsla finn kjærasten hans, Tish (KiKi Layne) ut at ho er gravid, og ventar barnet hans. «Beale Street» er eit familiedrama kledd som ein kjærleikshistorie. Filmen framstiller eit nyansert bilete av 70-talets Amerika frå perspektivet til ein heilt vanleg afroamerikansk familie som slit med problem som eg tenkjer mange gjorde både då og no.

Vibrant og vakkert presentert, «Beale Street» har ein fargerik og djup framstilling som likevel er enkel. Handlinga vart fortalt sekvensielt, og går frå forskjellige tidspunkt i tid, men er alltid enkel å følgje. Det vekslar då oftast mellom familiedramaet og kjærleiksforholdet mellom Tish og Fonny. Kjemien mellom dei to hovudrollene er ganske elektrisk til tider. Den verkar meir enn overtydande. Regina King speler mor til Tish, og har ein sterk prestasjon som ei standhaftig mor som støttar dottera og kjem med ein verkeleg måte. Det er lett å sjå kvifor ho enda opp med ein Oscar-nominasjon (Beste kvinnelege birolle) for rolla.  Den ganske sakte klypperytmen som filmen nyttar let sjåaren komme nært inn på Tish, som er fokuset igjennom store delar av handlinga.

Beale Street er ikkje ei gate, men vart brukt som eit konsept for den afroamerikanske kulturen i USA. Det er dette filmen ‘seier’. Ein presentasjon av nokre vanlege menneskje sitt liv, som funkar som ein representasjon av behandlinga av afroamerikanske i løpet av 70-talet. Dette vart ein slags ‘passiv’ sosialkommentar på forhalda som dei vart under fortsetjing av, men likevel er tonen til filmen inviterande sjølv om tematikken kanskje er ubehagelig.

Til tross for ein litt lang speletid, handlinga kunne gjerne vart 15 minutt kortare, held den på tilskodaren med ein fin og inviterande presentasjon. Det er ikkje direkte keisamt, men kanskje litt drege ut.

Tankefull og koseleg, If Beale Street Could Talk tek ein sikt inn i ein heilt vanleg families vanskelegheiter. Barry Jenkins har funne ei stemme å presentere raseproblem slik han ser dei for eit vidt publikum igjennom denne filmen, og Moonlight, og kjem nok til å produsere fleire viktige sosiokulturelle kommentarar.

IF BEALE STREET COULD TALK – regissert av Barry Jenkins; skreve av Barry Jenkins, James Baldwin; med KiKi Layne, Regina King, Stephan James, og Colman Domingo. Speletid: 119 min. Land: USA. Premiere: 08.02.19 Aldersgrense: 9 år.