Meny Lukk

“Mandibler” – Avbrekk frå kvardagen

Ein tidlegare kjenning av skribenten, Quentin Dupieux er for augeblikket kinoaktuell her i Noreg med Mandibler, ein uføreseieleg ‘stoner’-komedie der det er manusforfattaren som har inntatt THC. Her vartar Dupieux publikum opp med same form for surrealistisk mørk komedie som gjorde at eg vart forelska i Deerskin. I gjennom å skape ei pastisj av amerikansk komiske “vegfilmar” som klassikeren Dum og Dummere eller David Gordon Green sin Pineapple Express klårer Dupieux å trollbinde publikum med hjelp av to karismatiske, dog dumme rollefigurar.

I hovudrolla finn me Gregoire Ludig som Manu, som i etterkant av at han stel ein gamal Mercedes oppdagar ei gigantisk fluge i bagasjerommet. Saman med barndomsvenen Jean-Grab (David Marsais) fer dei to rundt på den sørfranske rivieraen og loffar medan dei avslappa begår ei ørlita krimbølgje. Jean-Grab ynskjer å innynde seg til fluga frå bagasjerommet, og derfor sirklar handlinga for det meiste rundt å skaffe nok kattemat for at Jean-Grab kan opprette eit førehald til fluga – som han namngjer Dominique – så for å trene ‘ho’ opp til å verte ei tjuvfluge for dei to menna. (Ja dette er ei ekte skildring av filmens handling).

På reisa deira møtar Manu og Jean-Grab blant anna på ei gruppe unge vaksne som ferierar i riverieraen, og på grunnlag av hans vart forvirra med ein tidlegare elskovspartner av leiaren i gruppa, Cecile (India Hair) vart Manu og Jean-Grab invitert til å verte i feriehuset med vennegruppa. Forutan elskaren til Manu sitt alter ego møtar dei på bror hennar samt to av Cecile sine venniner.

Mandibler er ei ganske kort film, nesten litt for kort. Dette er ikkje i grunnen noko problem, ettersom det er den type film der ein verkeleg ikkje veit kvar filmen kan gå når den kjem mot slutten, ideen om ei giga-fluge er litt utspelt. Men i laupet av filmens 75 minutter lange speletid er det ikkje eit keisamt augeblikk, sjølv når det berre er Manu og Jean-Grab som lokar rundt på bygda. Dette fortener Dupieux del av rosen for, men storparten må likevel gå til Marsais og Ludig. Dei to har god kjemi saman og er totalt overtydande som to tullete bestevenar utan moralske skruplar.

Mandibler (Mandibules); regissert av Quentin Dupieux. 
Med Gregoire Ludig, David Marsais, India Hair og Adèle Exarchopoulos. 
Spilletid 1t 17 min. Frankrike. 6 år.

Relaterte innlegg