Petrov’s Flu – LSD + Influensa = sannt?


Då nettene vart lange og kulda trekk inn dreg bilmekanikar Petrov ut frå familieheimen for ei ekte drikkeøkt. Saman med Igor – nabolagets romvesen og falske FSB-agent – og ein mann han ikkje kjennar drikk Petrov seg stupings medan han har 42 i feber. Alt dette medan han hallusinerer villt om romvesen, barndomen og homoerotikk.

Ei anekdote for å starte: då eg såg filmen var det eit augeblikk der heile handlinga stoppa opp i kring 10 sekund på grunn av at Petrov måtte teke seg ein pustepause etter han hosta så fælt at han ikkje lenger kunne prate. Dette vart følgd av at nokon i salen hosta. Alle lo. Det er deilig å kunne hoste igjen i offentlegheita.

Russisk film er eit spesielt interessefelt for meg- eg skreiv bacheloroppgåva mi om det, og eg kan med sikkerheit seie at filmar frå den tidlegare Sovjetunionen som deltek i filmfestivalsyklusen jamt over har blant dei beste innslaga. Fjorårets «Atlantis» sit framleis igjen i margen min som noko av det beste eg har sett på festival, og krinsar blant toppen av filmane frå førre tiår. «Petrov’s Flu» vil nok halde seg i toppen for det nye tiåret.

Ein merkverdig film, Petrov’s Flu er ikkje lett og summere, og å gjere det vil nesten øydelegge poenget med å sjå filmen. Den er ein feberdraum rett og slett. Alle vil nok kunne drege forskjellege konklusjonar frå det dei nettopp har sett. Likeins er den å anbefale, sjåaropplevinga er av høg kvalitet, der den som tittar sjølv vart sett i arbeid på å konstruere og tolke handlinga frå eigne erfaringar og frå dei ulike markørane den kastar ut. Petrov’s Flu har også den sjukaste langtakinga eg har sett i mitt korte liv, som har evna til å kunne toppe ei kvar liste over ‘one-takes’ ute der.

Det er ikkje mange filmar som forsøkjer å konsekvent unngå sjanger på same måten som Petrov’s Flu. Denne filmen unngår aktivt markørar og er i ei slags sjangertåke. Om du vil kalle det ein skrekkfilm eller science fiction så er det lov, men det ville vere å gjere Petrov’s Flu ei bjørneteneste. Den er så mykje meir enn som så- eit ekte originalt verk. At regissør Kirill Serebrennikov har arbeida lenge i teateret er lett å fatte, men eg håpar at han held seg til det audiovisuelle filmmediet vidare.

Petrov's Flu - Regi og manus av Kirill Serebrennikov .  Med Semyon Serzhin, Chultan Khamatova, Vladislav Semiletkov, Yulia Peresild, Ivan Dorn og Yuri Kolokolnikov.  Lengde: 2t 25min. Land: Russland.

Flere anmeldelser

Ramaskrik: Zombiefilmens brede potensiale

Ramaskrik viser i år flere zombiefilmer som har utforsket en av skrekkfilmens mest gjenkjente monstre på vilt ulike måter. We Bury the Dead og Trizombie er to nye innslag som setter hver sin egne vri på hvordan menneskeheten takler en zombieapokalypse. De gir innblikk inn i hvordan klassiske horror-tropes kan bli brukt for både lett moro og kompleks vemodighet.

Les mer