Meny Lukk

Ramaskrik 2021- Dag 1

Etter et litt annerledes år er vi endelig på plass igjen i herlige Oppdal. Store mengder snø og vind får det nesten til å virke som festivalen i år er arrangert på The Overlook Hotel fra The Shining! Veldig passende, med tanke på de mange grøss og gru som foregår i salene på skjermene inne.


The Boy Behind the Door

Samandrag: The Boy Behind the Door omhandlar to gutar som vert kidnappa medan dei speler baseball i bakhagen, og vert halde fanga i eit mystisk hus langt unna sivilisasjonen. Der freistar den mystiske kidnapparen deira å selje dei som del av eit menneskehandel-nettverk, medan dei to gutane desperat freistar å sleppe unna.

Tankar: Det verkar kanskje som ein god ide og stå opp tidleg og ta første tog til Ramaskrik, og det stemmar kanskje på papiret. Men når toget passert innom Oppdal-stasjon kl. 10:00, var vi kanskje alle noko trøyttare enn vi burde vere. Heldigvis var dagens første film ingen skuffelse. Det er lett å vere kynisk når ein ser at to unge skodespelarar får i oppgåve å bere ein film. Det kan jo umogleg gå bra. Men Loonie Chavis og Ezra Dewey briljerer i rollene som Bobby og Kevin, og greier lett å overføre redsla deira over til sjåaren. Filmen er òg veldig god på å ta temaet menneskehandel, som i røynda er ganske brutalt, og levere det på ein måte som ikkje følast manipulerande eller respektlaust. Det er òg svært forfriskande å sjå ein skrekkfilm der kvar skade, skramme og kutt faktisk får verkeleg seriøse konsekvensar for karakterane. Nokre kleine replikkar og teite tropar finn ein nok, men ein kan lett unnskylde filmen det.

-Elias

Born i fæle situasjonar er vanskeleg å sjå på. Denne effekten blir forsterka i The Boy Behind the Door då barneskodespelarane er svært flinke og leverer det som verkar som genuin frykt i sine framstillingar. Likevel er det delar av filmen som ikkje funkar heilt som dei skulle. Kidnappingskonseptet er skummelt nok som det er, men med ein lite engasjerande antagonist blir det heile litt svakare med ein gong. Dette er likevel ein heilt ok skrekkfilm. Regissørane viser sin kjærleik for skrekksjangeren med fleire tydelege referansar til klassikarar som The Shining, og det er moro å sjå på eit produkt som det er lagt litt kjærleik i.

– Nathaniel

Coming Home in the Dark

Samandrag: Denne intense thrilleren frå New Zealand startar roleg med ein familie på biltur. Mor, far og to søner skal campe ute då dei får besøk av to typar som ser ut til å by på problem. Dette viser seg å vere rett då familien brått finn seg sjølv i ein grufull situasjon.

Tankar: Coming Home in the Dark er ein film som brenn veldig sakte. Dette er på både godt og vondt, då den minimale bruken av musikk og det gode skodespelet er med på å gjere mykje av den tunge løftinga i filmen. Tempoet funkar godt med tanke på handlinga i filmen, men her ligg også ein del av problemet. Handlinga opplevast ikkje alltid som like interessant, og dermed kan delar av filmen kjennes litt treigare enn nødvendig. Likevel er dette ein kul film som er verdt å få med seg.

-Nathaniel

Sleepwalkers

Samandrag: I Sleepwalkers vert vi introdusert for dei eldgamle monstera sleepwalkers, eller svevnvandrarar om du vil, som streifar verda rundt på jakt etter ungt jomfrublod. Det einaste som kan skade dei, og dermed redde menneska dei jaktar på, er kattedyr. Det er kanskje lett å forstå kvifor filmen har eit noko merkeleg rykte. I filmen møter vi to slike svevnvandrarar i form av den velforma ungdomen Charles Brady og mora Mary, som attpåtil er involvert i eit incestuøst forhold med kvarandre. Når Charles møter den vakre jenta Tanya, som slit med å passe inn, vert det klart at mor og son har funne sitt neste offer. Forteljinga er forresten basert på eit originalmanus frå sjølvast Stepehen King.

Tankar: Etter å ha tatt ei fortent lunsjpause og ein liten ettermiddaskvil var det klart for Sleepwalkers. Åtvaringa sirkulerte frå denne filmen frå starten av. ‘Send forventninga litt då’ var mantraet som vart repetert i filmen sin introduksjon. Og sjølv regissør Mick Garris tala i sin eigen introduksjon om den dårlege mottakinga filmen fekk. Det er uansett vanskeleg, tykkjer eg, å sjå kva som har gjeve filmen sitt infamøse rykte.

Sjølv om Sleepwalkers så klart er teit, er den også eit ekstremt underhaldande stykke film. Når den vart utgjeve på 90-tallet er det kanskje naturleg at denne pastisjen av diverse ungdomskultur kjendest overdådig og røyndomsfjern. Sett med dagens auge derimot, i ei verd fylt til randen av gjenoppliva klisjear frå 80- og 90-tallet, er filmen uansett mykje lettare å fordøye. Filmen bognar av artige grøssarklisjear og morosame karakterar. Dan Martin i rolla som politikonstabel Andy Simpson er saman med katten Clovis ein spesielt elskverdige karakterar, som skapar magi på skjermen. Ein må forberede seg på å svelge eit par kamelar i form av corny replikkar og tidvis dårlege spesialeffektar, men vi er på ein skrekkfilmfestival – det må ein berre finne seg i.

Det å kunne sjå filmen med ei direktesendt spørjerunde med regissør Mick Garris var òg ei spesiell oppleving. Og kunne høyre om alt frå dagane hans som ung resepsjonist under innspelinga av originale Star Wars, til korleis han samarbeida med Stephen King i å bringe denne filmen til live var veldig kult. Sleepwalkers er ein film eg ikkje skjønar at er ein større kultklassikar.

-Elias

Denne filmen frå 1992 kan allereie på første dagen ha blitt eit av høgdepunkta frå festivalen for min del. Då den ikkje er ein spesielt bra film, tok eg meg sjølv i å nyte den meir enn eg kanskje burde. Konseptet i filmen er så bisarre at det er nesten umogeleg å ta seriøst, og eg trur det er nettopp dette som gjer at denne filmen landa hos meg på måten den gjorde. Sleepwalkers byr på skamlaus underhaldning dersom ein er i humør for ein film som ikkje nødvendigvis gjer reint bord på prisutdelingar.

-Nathaniel

Last Night in Soho

Samandrag: I Last Night in Soho følgjar vi unge Eloise som flyttar til London for å verte motestudent. I den svære byen slit ho med å finne ein plass, og rundt kvart eit gatehjørne lurar skumle menn eller slemme jenter. I eit forsøk på å frigjere seg frå den mørke byen flyttar ho inn med den eldre dama Alexandra i eit koseleg gamaldags rom. Det skal uansett snart vise seg å gøyme seg mykje historia i dei gamle veggane, og om nette finn Eloise seg transportert attende til 60-tallets Soho.

Tankar: Det var veldig artig å få sett eit lita førpremiere på Edgar Wright sin nyaste spelefilm på Ramaskrik i år. Dessverre skuffar den litt. Filmtekniske briljerer Wright som alltid. Grøssarforteljinga er solid oppbygd, og han leverer oss ei overtydande verd igjennom vakre bilete og ein klipperytme som riv deg med. Problemet er berre at tematikken Wright har valt for vert svært mørk og alvorleg, og difor vert humorelementa og sjangerstilen tidvis svært upassande. Dei svært alvorlege hendingane karakterane gjennomgår tenar ikkje til å faktisk belyse problematikken, men er berre brikker i eit grøssarstykke som Wright sett opp for oss.

Når handlinga etter kvart finn sitt klimaks kjennest det òg merkeleg og upassande, og det kjennest her nærast som at filmskaparen er på veg inn i den eldre garde. Det verkar her som at Wright nyttar alvorlege tematikkar for å slå slaget for ein svært konservativ retorikk. Og det var difor vanskeleg for meg å forlate salen i anne enn sinne.

-Elias

Edgar Wright er tilbake med noko som ikkje liknar særleg på hans tidlegare verk. Last Night in Soho er eit fargerikt produkt med to alvorleg flinke skodespelarinner i hovudrollene. Med London i bakgrunnen byr filmen på fantastiske bilete som dansar over skjermen på herleg vis. Dette er ein solid film på dei fleste måtar. Plottet tar opp fleire alvorlege tema som funkar overraskande godt i horror-sjangeren. Det er likevel plottet som blir det svakaste leddet i filmen for min del, då det til tider slit med å halde oppe vekta av det audiovisuelle. Nokre av punkta i plottet blir og litt teite og unødvendige for min del, men dette får du gjere deg opp ei meining om sjølv. Alt i alt er dette ein film som absolutt er verdt å få med seg.

-Nathaniel

The Night Shift

Sammandrag: The Night Shift er ein film som følgjar liva til fleire bebuarar i eit gamalt leilegheitsbygg. Antologifilmen er basert rundt teikneserieskaparen Ji-woo som gjennom intervju med vaktmeisteren som tar vare på bygget. På vegen lærer vi om dei tragiske endane til mange av dei gamle leigetakarane, og får eit innblikk i kulten som ein gong eigde bygget.

Tankar: Det var kanskje berre passande at kveldens siste film skulle bli The Night Shift. Det var òg litt dumt at eg på tette tidspunktet var byrja å bli særs trøyt etter ein lang dag. Det er nemleg noko med The Night Shift som røyver med nokre av dei såraste grøssarpunkta mine. I det gamle leilegheitsbygget er der nemleg alltid noko rett utanfor synsrekkevidda, og det manglar ikkje på mørke gangar og mystiske skikkelsar. Filmen nyttar og smertefullt lang tid på å bygge opp kvart skrekkhending, noko som skapar mange moglegheiter for å vri seg i stolen.

Problemet er berre at antologifilmar alltid slit. Filmen kjennest svært lang, noko som ikkje får hjelp av kapittelinndelinga som heile vegen fortel deg kor mykje av filmen ein har att. I ettertid skulle ein også alltid ønskje at alle kapitela i antologien var like sterke som dei beste, noko som diverre sjeldan er sanninga. Handlinga er òg noko dårleg samansett og klimakset kjennest meir som ei dårleg unnskyldning for å avslutte filmen, enn noko verdig punktum. Uansett er sjølve grøssarelementa så dyktig skapte, og såpass skumle, at filmen uansett er verdt å få med seg.

-Elias

Ein horrorteikneserieskapar er på desperat søken etter nytt materiale då det førre prosjektet hans gjorde ein stor flopp. Då han bestemmer seg for å sjekke ut ein gammal bygning med rykte på seg for å vere gjensøkt, møter han ein roleg vaktmeister som fortel han historier om tidlegare innbyggjarar i blokka. Det skal vise seg at det er meir til desse rykta enn ein skulle tru.

Denne koreanske grøssaren med supernaturleg tema er ein episodeinndelt film. Personleg er eg ikkje veldig fan av dette konseptet då det oftare enn ikkje blir særleg engasjerande. Dette er diverre tilfellet for Night Shift også. Den brukar episodane sine til å fortelje om dei forskjellige innbyggjarane, der nokre av historiene er rimeleg ubehagelege, medan andre blir litt kjedelege. Denne filmen klarte ikkje heilt å levere det den ville for min del.

-Nathaniel

Relaterte innlegg