Meny Lukk

Ramaskrik 2021 – Dag 2

Gullpalmevinneren Titane, retrovisning av klassisk Dario Argento film og Antlers som har vært på hylla i to år nå er noe av det gutta fikk meg seg dag 2.


In the Earth

Sammandrag: Midt under ein verdsomspennande pandemi reiser Martin Lowrey inn i skogen på jakt etter ein forskar som har forsvunne. Saman med skogvaktaren Alma legg dei ut på den to dagar lange reisa til hennar sist kjende leir. Vegen skal vise seg å verte både lengre og meir grufull enn dei skulle tru.

Tankar: In the Earth er ein av dei filmane som er veldig vanskeleg å plassere. Sjølv om nokre element openbart er svært påverka av den pågåande koronapandemien, greier den å behandle temaet utan unødvendige tvungne referansar. Det underliggande naturgrøssarelementet er også eit interessant grep som lånar forteljinga ein eim av Lovecraft.

Samstundes er filmen noko brå i kantane. Scenene er berre laust samanbundne av bråe klipp eller svarte filmbitar, noko som gjer at heile opplevinga kjennast litt uferdig. Der er òg gjennomgåande nytta blinkande lys for å gjeve intense sekvensar styrke, som tidvis vert mykje. Ei epilepsiåtvaring har aldri vore meir på sin plass.

Den er uansett i det heile eit originalt prosjekt som i det minste fortener litt merksemd og var artig å få med seg.

-Elias

Titane

Og dei merkeleg opplevinga sluttar ikkje der. Titane er verkeleg noko for seg sjølv, og eit kvart forsøk på å skildre handlinga vil berre øydelegge den. Eg har aldri vorte meir satt ut av ein film, på alle nivå, utan at eg samtidig anar kva som var poenget. Titane stikk seg òg uti programmet som årets Palme d’Or vinnar frå Cannes filmfestival.

I tillegg er Titane den andre spelefilmen til Julia Docournau, som gjorde seg kjent i 2016 med filmen Raw, som forøvrig er den einaste filmen som kan samanliknast med Titane. På mange måtar er Titane den perfekte andrefilmen. Den er både større, meir ambisiøs, meir komplisert og definitiv mykje meir forstyrra. Det vert både ei positiv og negativ side ved filmen. Framleis leverer den sterkt på alle tekniske frontar, og kanskje spesielt når det kjem til grøsseleg ekle spesialeffektar. Docournau peikar seg straks ut som ein av dei mest lovande kvinnelege regissørane akkurat no.

Frå første sekund er dette ein film som forvirrar og sjokkerer, og dette er definitivt noko av poenget. Om du ser denne filmen og kjenner du forstår det som hender er det noko gale med deg. Det er ikkje ein film for sarte sjeler. Men overraskande nok har den òg nok såre augneblink til å legge att noko til ettertanke. Den er garantert verdt å få med seg, sjølv om den nok kunne fått alle rangeringar på skalaen med god grunn.

-Elias

Julia Ducournau er tilbake på storslagent vis etter sin enorme suksessdebut med Raw i 2016. Titane byr på mykje av det Ducournau sin førre film gjorde med forstyrrande bilete, ubehagelege sekvensar og heftige festscener. Filmen følgjer Alexia gjennom ei utfordrande og veldig spesiell tid i livet hennar. Det er vanskeleg å seie meir om akkurat handlinga ettersom ting går frå null til hundre rimeleg kjapt, og vi blir tatt med på ei heilt spesiell oppleving.

Titane vart kjapt til eit av festivalens høgdepunkt for min del. Filmen klarer å balansere ekstremt ubehagelege scener med overraskande mykje humor på ein heilt eineståande måte. Det å ha to filmar med kaliberet til Raw og Titane som sine to første er svært imponerande, og eg ser gledeleg fram til å følgje karriæra til Julia Ducournau i framtida.

-Nathaniel

Fuglen med krystallfjørene

Eit av dei klassiske innspela på årets festival var ei visning av Dario Argento sin debutfilm Fuglen med krystallfjørene. Filmen vart introdusert av Alan Jones, ein filmjournalist og nær ven av Argento, som spesielt hjelpte med å sette filmen i sitt historiske perspektiv.

Eg kjem ikkje til å gå i djupna på denne filmen. Fuglen med krystalfjørene var trendsettar for den filmatiske Giallo-rørsla – den italienske skrekkbølgja frå 70-tallet – og Argento er meisteren som har vorte hovudrepresentant for perioden. Filmen er fylt til randen av alt ein kjennar att frå Giallo-film; hanskekledde mordarar, ekspresjonistisk lysbruk, skinande fargar og jentene Argento var så glad i å fotografere. Det var uansett svært artig å få moglegheita til å sjå denne på storskjerm, og eg må minne meg sjølv på å sjå meir Argento innan oktober er slutt.

-Elias

Dario Argento er ein meister innanfor sjangeren, og det var veldig moro å kunne sjå eit av verka hans på eit kinolerret. The Bird With the Crystal Plumage er eit fengslande mordmysterium som er artig å følgje med på, og absolutt verdt å sjekke ut om du ikkje har gjort det allereie.

-Nathaniel

Antlers

Eg hugsar godt då Antlers sin første teaser vart lagt ut i 2019 og sida då har eg venta tolmodig på at denne filmen med Guillermo del Toro i produsentstolen skulle lyse opp kinolerretet. Ventetida er endeleg over og Antlers har blitt sluppen for festivalpublikum rundt i verda, med ein kinodato som nærmar seg fort.

Sammandrag: Handlinga går føre seg i ein liten by i Oregon der mystiske ting begynner å skje etter ei ulykke i gruvene. Læraren Juila Meadows (Keri Russell) er bekymra for ein av elevane sine og begynner snart å skjøne at ting ikkje er heilt som det ser ut.

Tankar: Eg må ærleg innrømme at sida eg har venta såpass lenge på denne filmen, kan det hende eg likte den meir enn eg hadde gjort dersom eg ikkje gjorde det. Antlers er ein ganske standard monsterfilm på mange måtar, men det gjer den ikkje dårleg for det. Ei greitt interessant historie para med eit kriminelt underbrukt monster i skrekksjangeren, samt veldig stilig monsterdesign gjer at dette er moro å følgje med på.

-Nathaniel

Benny Loves You

Sammandrag: Når Jack fyllar 35 år døyr begge foreldra i ei tragisk bursdagsulykke, som eigentleg er meir moro enn tragisk. Han tek over huset, og må med eitt enten verte forfremma eller miste barndomsheimen til lånefirmaet. Han tek grep om livet sitt og hiv alle dei gamle leikene på døra. Men den raude dokka Benny finn seg ikkje i å verte kasta. Benny er veldig glad i Jack, og gjer alt han kan for å vinne venne sin attende. Difor byrjar Jack straks å finne døde kroppar i barndomsheimen.

Tankar: Benny Loves You er den type film som veldig openbart er laga på lavt budsjett av ein gjeng entusiastar som har veldig lyst til å vere morosame. Det verste er at dei greier det – i alle fall litt. Den teite dokka Benny er svært sjarmerande, og er animert på ein veldig morosam måte. Dataanimasjonen høyrer kanskje heime i eit dataspel frå 2006, men kvalitet er ikkje det filmen går for. Den idiotiske humoren treff uansett godt, men på ein måte eg helst ikkje vil innrømme. Vald er òg eit godt representert element, men er utført på kreative og annleis måtar som nær alltid får ein til å le.

Alt i alt er Benny Loves You eit solid stykke britisk humor. Samstundes lever filmen på ein knivegg der eg lett kan sjå for meg å ikkje like filmen om eg såg han att. Filmen er kanskje best servert saman med lave forventningar og ein beskjeden promille, men var uansett eit artig avbrekk i ein elles grøss-prega festival.

-Elias

Relaterte innlegg