Meny Lukk

Ramaskrik 2021 – Dag 3 & 4

Skrekk og gru fortsetter i Oppdal! Jungelgrøss, advents-horror og taiwanske gærninger er på menyen. Vi takker Ramaskrik for at vi i år også fikk dekt festivalen og ser frem til neste gang!


To famlande fyrverkeri

Dei to første filmane på laurdagen kan i det store og heile oppsumerast i dei same vendingane. Begge er svært sterke filmar i botnen. Dei leverer sterkt på originalitet, samtidig som dei begge har gode dosar med solide skodespelarprestasjonar og slåande filmfotografi.

Den første av dei er Antlers, som mange skrekkfilmfans har venta lenge på. Filmen er endeleg å sjå på lerretet etter eit år med forseinkingar, og leverer sterkt. Filmen omhandlar unge Lucas og læraren Julia og deira liv i ei lita bygd i Oregon, og fortel om korleis Julia oppdagar problema som Lucas slit med heime. Det skal vise seg at den vesle bygda husar mange monster, og berre nokre av dei er menneskelege. Det haustkledde skoglandskapet, midt mellom tåkekledde fjell, dannar ein fantastisk bakgrunn for forteljinga. Og monsterdesigna vi etter kvart møter på er slåande utført. Oppbygninga er lovande, men diverre endar filmen før den verkeleg får pressa alt vatnet ut av steinen i eit noko tamt høgdepunkt.

Night House følgjar mykje av den same leia. Filmen har ei spesielt langdryge oppbygning, der skrekksekvensane kjem sparsamt men effektivt. Daudromma vert uansett godt fylla av eit sterkt manusarbeid og skodespelet til Rebecca Hall, som presterer ein forrykande prestasjon. Den mystiske handlinga lovar òg masse snadder, og finn sterke løysingar som nest fornyar spøkelseshus-sjangeren. Night House konstruerer ei forlokkande verd av speil, lureri og labyrintar, og eg har sjeldan sett ein skrekkfilm der eg har brydd meg så mykje om rollefigurane. Problemet er berre at slutten går alt for langt i å forklare seg, og kvart eit hint til interessant mysterium forsvinn mellom fingrane. På berre eit par linjer med dialog går dette frå ein film eg ville tenkt på i dagevis, til ein eg gløymde innan lunsj.

Trass deira individuelle problem er begge filmane vell vert ein titt.

(Nathaniels omtale av Antlers finner du på dag 2)

Gaia

For meg var Gaia det store høgdepunktet ved årets festival.

Sammandrag: To forskarar er på rutineinspeksjon langt ute i ein ukjend skog. Der finner dei seg tvungne til å ta turen vekk frå den trygge elvebredda, og oppdagar løyndomane som skjuler seg mellom bladkronene. I ei falleferdig hytte har ein far og son isolert seg frå menneskeverda i over eit tiår, og på andre sida av dalen har ei mystisk sopp byrja å ta over menneskekroppar.

Tankar: Filmen leverer ei hypnotiserande forteljing full av vakre fargar og design. Forteljinga er malt med stor pensel, og freistar å seie noko om menneskearten sin skjebne i den moderne verda. Desse spørsmåla setter den svært dyktig til skode igjennom karaktergalleriet. Filmen er noko treig til tider, men arbeidar seg uansett stadig oppover mot ein slåande draumesekvens i filmens høgpunkt. Nokre parallellar til 2001: Ein romodyssé er vanskelege å ikkje påpeike.

Under det heile durar eit fantastisk lydspor fylt av rare synth-effektar, vindklokker og blåselydar. Måten filmen inkorporerer sopp i det generelle designet, og spesielt i dei snodige monsterskapningane, er også ein fryd for auget. Kanskje er filmen noko stilprega og kunstferdig for nokre sin smak, og diskusjonen rundt menneskja sin skjebne er kanskje noko eterisk, men eg fann framleis mykje til ettertanke. Og sjølv om den kanskje ikkje heilt er noko for alle var den definitiv noko for meg.

  • Elias

Eco-horror er ein interessant genre med potensiale til å leike litt rundt med nye ting som ikkje har vore så mykje på film. Stort sett heile speletida til Gaia går føre seg i ein jungel. Noko som den brukar til sin fordel når det kjem til horror-aspektet i filmen. Dette er ein all-around grei film. Gaia er moro å følgje med på frå start til slutt, men den er heller ikkje perfekt. Filmen lenar seg veldig inn mot samfunnskritikken til ein av karakterane, noko som for så vidt funkar greitt, men dessverre ender opp med å fjerne ein del av fokus frå den spennande jungelactionen som gjorde filmen for min eigen del. Likevel vil eg seie at dette kan vere ein film å halde auge med framover.

  • Nathaniel

The Advent Calendar

Festivalens siste for min eigen del, men også ein av festivalens morosamaste. Eva har vore utsett for ei ulykke som plassera ho i ein rullestol. Då ho ein dag får ein gamal tysk julekalender frå ei veninne endrar alt seg. Julekalenderen har magiske eigenskapar for dei som følgjer dei enkle og spesifikke reglane som kjem med den. Eva finn ut at dersom ho følgjer desse reglane er det mogeleg at ho får tilbake evna til å gå, men det vil gå ut over sine næraste vennar og familie. Denne filmen er spinnvill. Ting skjer heile tida og det er eit vidunderleg kaos å følgje med på. Alt frå den tyske klokkejulekalenderen til den demoniske entiteten som følgjer med bidrar til å gjere denne filmen til eit kaotisk førjulshelvete som er underhaldande frå start til slutt. The Advent Calendar tar seg sjølv veldig lite høgtideleg (ironisk nok), og det er ei forfriskande oppleving frå mange andre julefilmar. Det er ikkje ofte eg kosar meg like mykje med filmar som dette, men denne har potensiale til å bli noko eg fyrer i gong etter julefrukosten årleg.

  • Nathaniel

The Sadness

Årets siste Ramaskrik-film vart for min del The Sadness, noko som var litt av ei oppleving, for å seie det mildt. Etter at Jim har køyrt kjærasten Kat til jobb, ser han ei merkeleg blodig dame på eit av dei nærliggande hustaka. Ein pandemi herjar landet, men foreløpig er symptoma lik eit influensavirus. Dette får mange til å tvile på at viruset i det heile er noko ein må bry seg om. Det skal uansett snart endre seg, i det dei smitta byrjar å angripe dei rundt seg på svært valdeleg vis.

Som regissørdebut er The Sadness ein veldig lovande film. Spesielt er satireelementet her svært fengande. Referansane til den framleis aktive koronapandemien er bygd på skarpe observasjonar og smeltar nydeleg saman med handlinga generelt. Det tekniske er òg godt gjennomført, men det er ikkje det The Sadness vil ha ein til å snakke om. Filmen er nemleg svært valdeleg, teppelagt med blod, snøtt og smerte. Innan filmen er ferdig får ein sjå fingrar klipt av, armer brote, auger stokke ut og store mengder seksuell vald. Om nokon anbefaler deg denne filmen, er det dette dei vil ha deg til å sjå.

For meg vart det uansett for mykje. Mange filmar under årets Ramaskrik har levert visuelt grotesk vald av mange slag, men der følte eg i alle fall noko. I The Sadness er valden presentert såpass hyppig, og med ein slik intensitet, at ein aldri får tid til å ta noko innover seg. Til slutt let ein berre filmen rulle vidare, utan å faktisk tenke over det som hender. Valden vert berre eit teknisk skode, ein liten leik, som det er meininga sjåaren skal sjå og nyte.

Problemet er berre at filmen kryssar fleire viktige grenser utan grunn. Spesielt framstillinga av vald mot ungar og valdtekt er noko filmen slit med å rettferdiggjere. Der finnast forteljingar der slike framstillingar er på sin plass, men her, kor målet i seg sjølv er valda, slit eg med å sjå vitsen. I det heile er filmen teknisk imponerande, og det parodiske rammeverket rundt pandemien er genuint artig, men for meg er den ei oppleving som fort får ein bitter ettersmak.

  • Elias

Relaterte innlegg