Vekas Strøymetips – 29/11/17

På Netflix: The Meyerovitz Stories (Noah Baumbach, 2017)

Når jeg hører ordene «komedie», «Adam Sandler» og «Ben Stiller» i samme setning, får jeg noen Vietnam-flashbacks og svetten begynner å renne. Marerittene om Grown Ups vil aldri slutte, og jeg har heller ikke kommet meg over det forrige Sandler-Netfix-samarbeidet jeg så, nemlig The Ridiculous 6. Men sleng på ordene «regissert av Noah Baumbach» og håpet vokser raskt. Og for å si det med en gang: The Meyerowitz Stories er ikke en Sandler-film, det er en Baumbach-film.

The Meyerowitz Stories er en film om en langt i fra perfekt familie, og det å godta hverandres imperfeksjoner, noe de aller fleste kan kjenne seg i. Dustin Hoffman gjør en fantastisk rolle som faren til Stiller og Sandler, og gjør mye av filmen til det den er, selv om det meste blir lagt på skuldrene til de to sønnene hans. Og med det sagt, Sandler leverer faktisk en av sine beste prestasjoner noensinne. En veldig sårbar film som gir alle karakterene sine tid til å fortelle historien sin. Om en person er sjalu på hvordan en annen blir behandlet, får vi også høre de negative sidene fra den andre. Og det er noe av det som gjør filmen så bra som den er. Vi får en skikkelig dybde i historien, og gjør den til noe man enkelt kan relatere seg til. The Meyerowitz Stories er en av Netflix’ beste filmer hittil, og et av høydepunktene fra 2017 hittil.

  • Thomas Fjellum

På Viaplay: Kubo and the Two Strings (Travis Knight, 2016)

Heilt sidan eg såg trailaren til ParaNorman tilbake i 2012 har eg vore fascinert av stilen til animasjonsstudioet Laika. Dei lagar filmar i hovudsak for barn, animert med stop-motion-teknikk, men tør å legge inn litt skumlare element enn ein gjerne forventar. Eit fellestrekk for filmane til Laika er at dei stolar på intelligensen til sine unge sjåarane. Det snakkast ikkje ned, og dekkast ikkje over viktige tema med for tung kamuflasje av søte og tullete ting. Dette er ein ting Laika har til felles med japanske Studio Ghibli, og saman med den distinkte visuelle stilen skil dei seg difor ganske godt ut.

Kubo and the Two Strings, eller «og det magiske instrumentet» som filmen heiter på norsk, er eit episk eventyr. Den er satt i middelalderens Japan, i ei drøymeliknande verd full av magi og sverdkamp. Kubo er ein ung gut som saman med mora er på flukt frå den vonde, auge-stelande bestefaren sin. Dei bur på utkanten av ein liten landsby, der han om dagen tenar til livets opphald ved hjelp av nydeleg magisk origamikunst. Når dei vonde kreftene endeleg finn dei må Kubo ut på leiting etter ein legendarisk rustning med sverd, tilsynelatande det einaste som kan hjelpe dei å slå fienden.

Dette er ein actionfilm med overraskande høgt tempo. Bakgrunn er gjeve raskt og effektivt, og store deler av filmen består heller av imponerande slagscener. Til tider er nok slåssinga litt dryg for dei yngste, men dei verste augeblikka hoppar filmen sjølv over. Måten Kubo sine evner kjem i spel i desse kampane er merkverdig. Med seg på reisa har han nemleg to kompanjongar, ein kynisk ape-amulett som er kome til live, og ei gløymsk samuraibille. Desse tar seg av dei grovaste sakene, mens Kubo står for det meste for oppbyggande magi og ikkje-valdelege løysingar.

Reisa til Kubo går like mykje i sirkel gjennom minna av hans eigen familiehistorie som faktiske landskap, og endar til slutt opp i ein showdown tilbake ved byrjinga. Det er her den verkelege styrken til Kubo visar seg, og han avsluttar ting på ein uventa, men fullstendig passande og særs rørande måte.

  • Kristian Kvamsøe