Meny Lukk

“Verdens verste menneske” – Eit eventyr for (nesten) vaksne


Etter 16 år, 5 filmar og mykje skryt har Eskil Vogt og Joachim Trier gjennomført det som sikkert var studiedraumen deira: å skape det fremste norsk film kan vere. “Verdens verste menneske” er ikkje berre ein film, men eit samandrag av filmskaparanes auteurskap opp til dette punktet, og til dels ei summering av ideprosessen bakom heile deira generasjon. Her har Trier satt saman noko som ynskjer å formidle sanningar om den menneskelege tilstand, vår søkjen for eit sted å høyre til og vårt høv for å gjere noko ‘reellt’.

Som den avsluttande delen av hans ‘Oslo-triologi’ er filmen igjen satt til hovudstaden, der Julie (Renate Reinsve) driftar rundt studier og menn medan ho ynskjer å finne ei retjing og eit yrke ho kan definerast rundt og kalle seg nøgd med. Reinsve spelar Julie med ei naturleg sjarm ein sjeldan dultar borti. Og ho er langt i frå verdas verste menneske.

Anders Danielsen Lie spelar ein av Julie sine kjæraster. Her vart eit slags munnstykke for Triers eiga generasjon, på godt og vondt. Ein øm realist som har mykje å seie, men dårleg for å uttrykkje det. Dialogane mellom Julie og Aksel (Danielsen Lie) går hardt inn på å motkjempe Julie si sjelevandring, og han forsøkjer stadig å finne løysingar for å halde ho på jorda, heller enn i ei stadig søkjen etter nye opplevingar.

Trier strukturerar filmen rundt ein ide, ei sinnstilstand, den gnagande tomme tanken om at ein allereie kanskje har gått glipp av det ein vart meint for å gjere. Kva om det finnes noko der ute som du er skapa for å drive med, men det har seg berre slik at du ikkje enno har funne det?

Denne tanken er noko ein ofte undertrykkjar, ein potensielt farleg tanke som medførar at ingenting nokon sinne vart riktig, eller nok. Over 12 kapittel dyrkar Trier denne ideen opp som eit slags mantra, der han ynskjer og å gå igjennom kva ein slik tankegong har som konsekvens. Når veit ein at ein er på riktig spor? Går det an å innsjå det sjølv, eller er det nok å berre vere seg sjølve?

Eg kan gjerne også nemne det fabelaktige kameraarbeidet, eller dei perfekte tilfella av magisk-realistisk iscenesetjing, men dette er berre verktøy i regissørens kasse, ein kasse som no nærar seg fullstendig. Trier bevisar for alle at han er Noregs beste regissør, ikkje berre no, men i gjennom tidene. Dette sidan Verdens verste menneske er ein komplett film.

Vogt og Trier har konstruert eit eineståande manus i norsk kontekst, og resultatet er ein film tilsynelatande utan skiplar. Der “Reprise” var fantastisk på grunn av dens rå ungdommelege energi, har Verdens verste menneske ei moden tone: Trier har vorte ein vaksen filmskapar som veit å spele på sine styrkar.

"Verdens verste menneske", regissert av Joachim Trier. Manus av Joachim Trier og Eskil Vogt. Med: Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie og Herbert Nordrum. Spilletid: 2 timer og 2 minutter. Land: Noreg. Aldersgrense: 12 år. På kino: 15 Oktober

Relaterte innlegg