Meny Lukk

1. Irland: “Hunger”

Ein kjem ikkje langt inn i irsk filmhistorie utan og komme over skildringar av konflikten mellom nord-irske seperatistar og britisk imperialisme. “The Troubles” har gjennomsyra det internasjonale synet på regionen nord på den irske øya, og konflikten ulmar framleis i dag, med Storbritannias utgang frå det europeiske fellesmarknadet som ein mogleg katalyst for ei vidareføring av konflikten.

Som Steve McQueens fyrste spelefilm, er “Hunger” ei innblikk i terroristen (eller motstandsmannen) Bobby Sands (Michael Fassbender) siste månedar som innsatt i Maze fengsel. Det er eit grusomt innsyn i demonstrasjonane dei innsette gjekk igjennom. Å verte dehumanisert var kvardagsleg. I protest mot at Storbritannia nekta IRA medlemma politisk motivert status sperra fangane seg inne i cellene, der dei satt nakne, utan toalett eller ordentelege senger, heile dagen. Veggene er tilsmørt med avføring, og gangane fulle av tiss. Det er ironisk nok ein fantastisk flott film og sjå på.

Fassbender som Bobby Sands er ei fantastisk opptreden. Han tek karakteren og gjer han til si eigen. Dette vart vist best i ei femten minutt lang pur dialogdriven scene mellom Sands og ein prest som er og besøker han før Sands skal gjennomføre ein sultprotest. Frå dei møtes til presten går vart eg heilt trollbunden av kinematografien, kjemien mellom karakterane og ikkje minst vekta bak orda til Sands. Sjølv om filmen berre er eit lite innblikk i ein ekte persons liv, klarer desse få minuttene og forklare kvifor han tek dei vala han gjer. Heile mannens motivasjonar vart oppklara.

  Hunger (2008) - Regi: Steve McQueen - Blast Films! - 1 t. 36 min.  

Relaterte innlegg