Meny Lukk

23. Tyrkia – Det var en gang i Anatolia

Tyrkisk film er ei stor blindsone blant biblioteket av film eg har sett, og derfor tenkte eg å ta ein kikk på ein av delvinnarane av Cannes sin ‘Grand Prix’. Med dei langstrakte slettemarkene i Tyrkia som eit leiemotiv, utforskar regissør Nuri Bilge Ceylan apati blant menneskje som utøver grusomme oppgåver dagleg. Karakterane vart sakte utforska i gjennom kranglar og forsoning. Valet mitt av Det var en gang i Anatolia som ei introduksjon til moderne tyrkisk film viste seg å vere klokt. Dette til tross for at eg må innrømme at det sakte tempoet filmen etablerar tidleg føra til at eg stundom litt mista interessa.

Etter eit mord har teke plass i ein mindre tyrkisk by reisar ei lita karavane av embedsmenn ut på bygda for å leite etter staden liket vart nedgroven. Køyreturen, og søkinga etter liket er karakterisert av smålege kommentarar frå politimennene, sikta til mordaren. Også i følget er ein doktor og ein aktor. Menna musar filosofisk over deira rolle i verda og meir generelt over den ‘menneskelege tilstand’- ikkje ulikt noko ein kunne finne blant Andrej Tarkovskij sine filmar. Eit pessimistisk verdssyn vart presentert. Kvardagen for karakterane me følg endrar seg aldri. Denne pessimismen gjennomsyrar heile filmen, sjølv om det kjem glimt av at det finnes noko verd å teke vare på. Likevel må dei stadig vidare å utforske nye lik. Nye mord. Nye sviktande medmenneskelege relasjonar.

Det var en gang i Anatolia vart allereie når den kom ut hylla som eit meisterverk. Eg kan sjå akkurat kvifor den tiltrakk seg mykje merksemd. Personleg vart det sakte tempoet nesten ugjennomtrengeleg. Likevel er eg den fyrste til å seie meg einig i at det mykje å hente for dei som ynskjar å gå ned i detaljane. Den lange speletida, kombinert med eit oppljost val av Ceylan om å unngå å kome til nokon konklusjonar gjer publikum sjansen til å sjølv skape meiningar om karakteranes handlingar. Ei god avgjerd i ein film der alle karakterane har eigne agendaer.

Bir Zamanlar Anadolu'da / Once upon a time in Anatolia / Det var en gang i Anatolia - Regi: Nuri Bilge Ceylan. Manus: Nuri Bilge Ceylan, Ercan Kesal og Ebru Ceylan. med: Muhammet Uzuner, Yılmaz Erdoğan og Taner Birsel. Land: Tyrkia. År: 2011. Spilletid: 2t 37min.

Relaterte innlegg