Meny Lukk

6. Russland: “Hard to be a God”

Aleksei Germans (Trial on the Road) meisterverk tok over 10 år og skape. Eit rottent, ufyseleg syn på menneskets natur, Hard to be a God held ingenting tilbake når den dømer oss.

Basert på science-fiction romanen med same namn frå 1964, Hard to be a God er eit djupdykk i menneskeskapa maktstrukturar. Primært ligg filmens fokus på føydalsamfunnet samfunnstrukturar. Meir spesifikt fokuserar filmen fyrst på forhaldet mellom individ og religion, men også på kva det tyder og vere ein herre og ha full kontroll over undersette.

Vår hovudperson, Anton (Leonid Yarmolnik), er ein jordisk forskar som er sendt til ein planet mykje lik som jorda, men som står fast i eit føydalsamfunn. Ei renessanse i kunst og teknologi har enno ikkje vorte gjennomført, og dei leiande samfunnskreftene ynskjar og avrette alle som visar eit visst nivå med intelligens. Anton spelar rolla som ein adeleg herre med namn Don Rumata. Som Don Rumata navigerar han grusomme landbygder og innesperra borger fulle av blod, skit og feitt. Hans oppgåve er og forsøke og få kongerike vidare frå evig føydalisme, men han kan ikkje direkte påverke politikken i regionen.

Det er ikkje lett og skape eit fullstendig bilete av eit samfunns maktstrukturar. Fjernsynsseriar som Game of Thrones nyttar ofte fleire sesongar på og få dette til. I German sitt endelege meisterverk vart dette ei intuitiv oppgåve. I gjennom å følgje Anton som Don Rumata vart døra til ei ny verd opna. Ikkje så ulikt kjensla eg fekk når eg såg Star Wars for fyrste gong.

Tesa filmen går ut i frå er at samfunnsutvikling er villkårleg. det er ikkje eit bestemt endepunkt. Konservative krefter vil alltid kjempe for å bevare status quo. Her er dette representert av dei fanatiske grupperingane; “dei grå” og “dei svarte”. Heile deira oppgåve er og stadig sørgje for at all form for intelligent atferd vart utestengd frå samfunnet, koste kva det koste vil. Religion er eit verktøy for å kontrollere og å halde massene undertrykkja. Anton visar seg og skjøne korleis han kan teke fordel av dette. Etter kvart som han vart meir desillusjonert med situasjonen på planeten, starter Anton smått med å sjølv delta i galskapen, på stien til og krevje gudommeleg status.

Hard to be a God vart presentert med ein observasjonell stil, som om tilskodaren sjølv er ein romfarar på besøk. Kameraet dokumenterer noko som kjennes levd i, absolutt ekte. Dette er verdensbygging på svært høgt nivå. Utanom Anton si skjorte er det ikkje ein einaste ting i denne filmen som er rein. Alt som vart vist på skjermen igjennom nesten tre timar er enten skittent eller grisete. Klede, gjenstandar, dyr og personar er allt dekka av eit 5 – 15mm tjukt lag med gjørme. Sjølv om filmen er skoten i fantastisk svart/kvit kjem ein ikkje vekk frå og førestille seg blod, spytt, avføring eller innvoller, ingenting vart gøymd vekk.

Hard to be a god / Трудно быть богом (2013), Regi: Aleksei German, med Leonid Yarmolkin  Spilletid: 2t 57m, Land: Russland, Lenfilm Studio

Relaterte innlegg