Identitet og raseforhald vart stilig utforska i 2018 sin mest nyanserte film om raseproblema i USA, Blindspotting. Full av treffande sosialkritikk og morosame sekvensar, ofte begge delar på ein og same gong, Blindspotting tek å viser tilskodaren akkurat nok til at me må tenke oss sjølv fram til kvifor problema er slik som dei er, heller enn å fortelje det til publikum.
Redigeringa og både bilete/ljodklippinga er kjempeunderhaldande. Dialogen er vittig og smart, og igjennom sekvensar med ‘spoken word’ og rap, grev manusforfattarar og hovudrolleinnehavarane, Daveed Diggs og Rafael Casal, djupt inn i realiteten som rammar tusenvis av menneskje i USA.