Meny Lukk

“Munch” – Eit liv over fire etappar


Eg trur mange av oss kan kjenne oss igjen i ei framstilling av Edvard Munch som fomlar seg igjennom ulike stadie av livet utan ei ekte sans for retning. Det er vanskeleg å vere kreativ, desto vanskelegare når ein har mental bagasje. Likevel etterlot Munch seg kring 30 000 verk, som det står i rulleteksten etter filmen.

Munch” er stykka opp i fire ulike delar, frå fire periodar av livet til Munch. Som ung og lovande målar på stranda i Borre, som del av eit kunstnarmiljø i Berlin, som innlagt på klinikk sidan nervene vart knekt og på sine siste dagar i eit herskapshus på Skøyen. Kvar av desse er med på å skildre Munch som nokon på kanten av samfunnet, han strevar med menneskeleg kontakt. Eg var tidleg redd for at det heile ville måle eit bilete av han som ein ‘plaga kunstnar’ der hans geni sprang ut frå ei kjelde av galskap. Spesielt då han var på klinikken til Daniel Jacobson i København. Men det motsette vart faktisk tilfelle. Ein sit heller igjen med ei kjensle av at Munch fekk til så mykje ikkje på grunn av sine psykiske plagar, men i trass av dei.

Tidleg vart det etablert at filmen har ei slags episodisk form, det vil seie at dei fire delane er svært ulike. Forskjellege skodespelarar tolkar figuren Munch og tek med seg ulike perspektiv. Det klyppast mellom dei fritt, likeins er retninga klar, hjulpen av smarte estetiske val i framstillinga av ‘episodane’.

Eg tykkjer det viktig å nemne at dette er ikkje fyrste gongen Munch sitt liv vart filmatisert. Engelskmannen Peter Watkins, saman med NRK og SVT, skapa på syttitalet “Edvard Munch“, ei strengt tatt nesten dokumentarisk skildring av Munch sitt liv og virke. Regissør Henrik Martin Dahlsbakken (Prosjekt Z, En affære) må utvilsamt ha sett filmen, då den episodiske stilen, og måten rollefiguren vart aldra opp igjennom ulike skodespelarar er treffande likt. Viktig å presisere at Dahlsbakken gjer noko eige, ei inspirasjonskjelde tydar ikkje at sluttresultatet her ikkje er originalt eller kreativt. Ei anna inspirasjon som ein kan merke er “I’m Not There” (Todd Haynes), som skildrar Bob Dylan sitt liv igjennom fleire skodespelarar i ulike punkt av karriera hans. Innslaga av filosofi og målet med kunsten er ubesvara spørsmål i begge.

Den fyrste episoden tek oss til Vestfold der ein ung Munch (Alfred Ekker Strande) og hans familie haldt til på sumrane. Me får sjå innleiinga til eit førehald mellom Munch og Milly Thaulow (Thea Lambrecht Vaulen). Målaren er ung og livsklår, og allereie vart det etablert at han var ein flittig kunstnar som arbeida med tusenvis av verk i karrieren. Diverre for Munch gjekk det som det oftast gjekk, og kunstnaren står igjen til slutt einsam.

I andre episode ser me Munch (No spelt av Mattis Herman Nyquist) i perioden han budde i Berlin. Ein genistrek, Dahlsbakken tok kunstmiljøet Munch var del av og flytta det til vår tid. Munch med lagerfrakk og pornobart på ein nattklubb i Berlin, han har på glittersminke, røykar sigarettar og Vigeland (Nader Khademi) er i drag. Dette er mine favorittaugeblikk frå filmen. Filosofiske samtalar mellom Obstfelder (Arthur Berning) og Vigeland leiar filmens grunnpoeng vidare. Kvar er kunsten på veg, og er kunstnaren lenger ein del av prosessen av kunst? Det heile kulminerar i ei scene der alle Munch sine usikkerheitar vart satt på spissen då ein ‘kritikar’ (Dennis Storhøi) skjeller han ut for sine ekspresjonistiske tendensar, og fremmar sitt syn om at kunsten skal vere livsnær. I grunnen kunne eg nesten ynskja heile filmen var eit utsnitt av denne perioden av Munch sitt liv men satt til moderne tid.

Vidare går me til Danmark, og får sjå ein litt meir vaksen og mykje meir sliten Munch (Ola G. Furuseth) som har gått til grunns i alkohol, og etter han har eit samanbrot vart sendt på Daniel Jacobson (Jesper Christensen) sin klinikk. Då scena fyrst starta vart eg litt redd for at Dahlsbakken kanskje prøvde for mykje samstundes. Heile episoden i Københamn har eit heilt annleis og nytt utsnitt og skjer i svart-kvitt. Komposisjonane og skyggebruken som tek oss til Danmark speglar samtidas (ca 1920) filmform, då spesifikt Carl Theodor Dreyer og dei tyske ekspresjonistane sine filmar. Sterke skuggar, mørke toner, fokus på andlet. Dahlsbakken er i alle fall ikkje redd for å eksperimentere med forma. Dei filosofiske samtalane starta i kapittel to vart brakt vidare her for diskusjonar mellom Danielsen og Munch der Munch forsøkjer å skape ei ‘balanse’ i reknskapet (reknskapet er hovudet hans). Dei vakre bileta og det solide manuset vart understreka av ei sterk individuell prestasjon av Furuseth som får fram kjerna av problema til Munch berre med andletet sitt.

Til slutt kjem me til endedagane under invasjonen av Noreg. I den fjerde episoden er Munch (Anne Krigsvoll) ein gammal mann med tunge knær og kort pust. At han døyr av lungebetennelse stoppar han framleis ikkje i å måle vidare. Utan tvil den svakaste delen av filmen, i grunnen burde heile delen ha vorte kasta ut i klyppen. Eg forstår meg ikkje på kvifor Anders Baasmo er her, og eg skjønar ikkje kva som legges til ved å ha Munch sjåande ut som ein Flåklypa-karakter spradande rundt i huset sitt på Ekely. Heile kapittelet kjennes unødvendig å inkludere når dei tre førre gjer ein såpass god jobb med å etablere nettopp kven Munch var, kva han ynskja og kva han strevde med. Det kjennes nesten som ei innskulding for å låne tyske uniformar for ei filminnspeling.

Så kvifor funkar denne filmen? Mykje av den lenar seg mot eit solid manus, og smarte idear sjølv om den stundom er rotete. Munch går igjennom kunstnarens liv med ei klår visjon, til trass for ei eksperimentell form. Uansett korleis bilete ein hadde av kunstnaren den gang han framleis levde er han i dag utvilsamt å rekne som Noregs fremste bilettkunstnar. Det vil nok ikkje endre seg.

"Munch" regissert av Henrik Martin Dahlsbakken. Med Anne Krigsvoll, Mattis Hermann Nyquist, Ola G. Furuseth, Alfred Ekker Strande, Jesper Christensen, Anders Baasmo, Dennis Storhøi, Thea Lambrecht Vaulen, Lisa Carlehed, Nader Khademi og Arthur Berning. Spilletid: 1 time og 44 minutter. Land: Noreg. På kino 27. januar

Relaterte innlegg