Meny Lukk

“Resistance” – Tonedauv krigsthriller


Opp i gjennom tidene har det ikkje vore særleg mange større filmar om den franske motstandsrørsla under Andre Verdskrig. Kanskje dette er sidan Jean-Pierre Melville sin komplette Army of Shadows gjorde at det ikkje var nødvendig med fleire. Quentin Tarantino kom med sitt tilskot med Inglorious Basterds, men ein må strekke definisjonen litt for å kunne kalle pastisjen hans ein film om organisert partisan-arbeid.

Utgangspunktet for Resistance er lovande. Satt til perioden som leda opp til krigens utbrot følg handlinga Marcel (Jesse Eisenberg, The Social Network, Zombieland), ein mim og slaktar som vart involvert i ei speidargruppe som ynskjer å hjelpe barn som mista sine foreldra sine til jødejaginga i Hitler-Tyskland. I laupet av handlinga tek filmen ein svipptur til motstandsrørsla i Lyon, og Gestapo sitt hovudkvarter i Lyon, der me møtar skurken vår, Klaus Barbie (Matthias Schweighöfer, Valkyrie). Utgangspunktet for Resistance er lovande og ein kunne gjort mykje med verket men Jonathan Jakubowicz klårer ikkje å samle trådane på ein overtydande måte.

Eisenberg gjer ein grei nok opptreden, men vart hindra av eit svakt manus og ei merkeleg forteljingsvinkling. Ettersom Resistance er basert på livet til den høgt dekorerte og inspirerande ekte personen Marcel Marceau, burde det vere lett for regissør og manusforfattar Jakubowicz å skape ei engasjerande historie. Diverre fell filmen frå kvarandre i gjennom ukonsentrert handlingsformidling og eit rotete rollegaleri. Verst av alt er dei totalt unødvendige scenene der Ed Harris (Westworld, The Truman Show) dukkar opp som eit karikatur av General Patton. Eg fann dette spesielt provoserande, når eg kjenner til bakhistoria om korleis amerikansk etteretjing i røynsla enda opp med å hjelpe filmens antagonist Klaus Barbie å flykte frå Europa i trass med at han var ein massemyrdar.

Eit ynskje om å blande komi med den alvorlege situasjonen rollefigurane står ovani vart heller ikkje hjelpen av at Eisenberg har null evner som ein komisk skodespelar. Resistance klårer akkurat å gje ei overflatisk presentasjon av Marcel Marceau, men lite meir enn det.

Regi: Simon J. Smith, Steve Hickner. Norgespremiere: 26.12.2007, du er for sent ute. Spilletid: 1t 31m. Tillat for alle.

Relaterte innlegg