Meny Lukk

“Sovekupé nr 6” – Språkbarrierar og chill


Frå Finland har me i år vore så heldige å fått servert ein stykke med svært engasjerande romanse, og kva er no jula utan dei romantiske komediane. “Sovekupé nr. 6” er også ein veldig bra romantisk komedie, med estetiske trekk henta rett frå kunstfilmverda

Satt til Russland rundt årtusenskiftet, Sovekupé nr. 6 følg finnen Laura, ein arkeologistudent som skal til Murmansk for å sjå på helleristingar. Utflukta vart også ein sjanse for ho å reflektere over førehaldet ho har hamna opp i, der kvinna i hennar liv ikkje verkar som å ville gå forbi eit laust stadium. Men ho er ikkje aleine i kupeen, i den andre senga søv Ljosha, ein russisk gruvearbeidar som skal nordover for å teke arbeid. Som ein sikkert kan tenkje seg går ikkje arbeidaren og akademikaren godt overeins og dermed har me eit grunnlag for ei filmforteljing.

Likt alle “enemies-to-lovers”-skildringar går Laura og Ljosha frå og mislike kvarandre over til eit nært førehald. På ein togtur frå Moskva til Murmansk blomstrar nok kjærleik sjeldan. Derfor er det at dynamikken mellom dei to passasjerane som er filmens største styrke. Heldigvis visar seg å vere nydeleg, og sovekupeen vart ein magnet der totale motsetjingar trekkast mot kvarandre i trass med deira utvilsamt ulike utgangspunkt og framtidsdraumar.

Spesielt Seidi Haarla i rolla som Laura visar at til og med finnar kan spele i filmar der dei må vise til eit indre kjensleliv og dette på eit særdeles dyktig sett. James McAvoy sitt sovjetiske syskenbarn spelar Ljosha, ein ressursrik russar som ruvar frå region til region og eigentleg berre ynskjer å leve i nuet. Laura vart dermed hans totale motstykke, der ho vil sjå til fortida for å kunne klårgjere for framtida. Hennar posisjon som eit utanomståande i det russiske samfunn vart spelt på til stor suksess, der ei kjensle om å vere mistilpassa råar i gjennom heile filmens speletid. Saman vart dei ein smått dysfunksjonell kombinasjon som fungerar fantastisk for den tida toget tek til Murmansk.

Sovekupé nr. 6 er også ein komedie, og dette meistrar den ganske godt. Mesteparten av filmens latterkorn kjem via Ljosha, der det er veldig moro å sjå han gå frå leiken og ungdommeleg over til russisk stoisisme på 3 sekund, der plutselege infall av kulturarva som vann andre verdskrig sparkar igjennom overflata. Eg elskar også ideen om å vorsje i kupeen så for å dra ned gongen til restaurantvogna for å drikke sjampanje og ete smørbrød.

Då eg var på BIFF fekk eg diverre ikkje sjansen til å få sett filmen, så eg er veldig glad at den enda opp å kome på kino i Noreg, då den visar til at til og med finnar kan ha kjenslar. Sovekupé nr. 6 er ei flott skildring av menneskelege relasjonar der eg sit igjen med eit ynskje om å dra på togtur.

"Sovekupé nr 6" (org. "Hytti nro 6"), regissert av Juho Kuosmanen. Med: Seidi Haarla og Yuriy Borisov. Spilletid: 1 t og 47 min. Land: Finland / Russland. Premiere: 25.12.21.

Relaterte innlegg