Meny Lukk

“The Body Remembers When The World Broke Open” – One Cut of the Preg(nant)

[usr=3]

Frå store Canadas lille spelefilmsproduksjon og med stønad frå NFI kjem spelefilmen The Body Remembers When the World Broke Open, eit realistisk syn på dei daglegdagse kampane nokre kvinner diverre møtar på. Ankra i verkelegheita, handlinga følg unge og gravide Rosie (Violet Nelson), som lev i dårlege kår med ein kjærast og barnepappa som er valdeleg mot ho. Etter glaset vart fullt, sprekk Rosie (Violet Nelson) og flyktar ut på gata. Der finn Aila (Elle-Maija Tailfeathers) ho, og forsøk å hjelpe Rosie til å kome seg ut av situasjonen ho finn seg i.

Spesielt for filmens uttrykk er valet å ha meisteparten (vel 70 minutt) vere eit klypp. Klyppet varar frå når Aila møtar Rosie, til historia endar Derfor kjennast det litt som eit lite nødvendig triks, og funkar greit. I det minste klarar kinematograf Norm Li å vise at ein ein-klyppsfilm høvdar ikkje å ha Roger Deakins for å funke.

Forbi dette har filmen lite å trekkje fram. Den er ei grei sosialrealistisk framstilling av problemstillingar utsette kvinner står ovani. Presentasjonen tek den frå nesten totalt mellombels, til stundom bra, men oftast keisam. Skodespelaranes framtreden har lite å kritisere, men også lite å hylle. Nelson gjer ein god jobb, og visar styrkene med ukjende skodespelarar i realitistiske situasjonar, og Tailfeathers er langt i frå dårleg ho heller

Totalt sett er diverre filmen innskrenka og ofte uinteressant. Det vel 70 minutt lange klyppet som gjer opp størstdelen av filmen kjennes ofte som fyllmateriale – heller enn nødvendig, meiningsfull historieforteljing.

The Body Remembers when the World Broke Open – regissert av Kathleen Hepburn og Elle Maija Tailfeathers; med Violet Nelson, Elle Maija Tailfeathers. Spilletid: 1t 45m. Land: Canada. Premiere: 07.02.20. Aldersgrense: 09 år.

Relaterte innlegg