Meny Lukk

“The Dissident” – ei gåve til Amazon


Eg hugsar eg såg Bryan Fogel sin Oscar-vinnande ‘Icarus’ nokre år tilbake når den fyrst kom ut på Netflix, og vart fascinert av korleis den blenda ulike dokumentarformer – og ei viss mengd flaks – for å skape ein umåteleg spanande film som verka å kome til grunnen i dopingproblemet blant russiske sportsmenn. Derfor var eg ganske oppglødd over sjansen for å sjå å skrive om regissørens nye film, ‘The Dissident’. Diverre for Fogel så går det ikkje å nytte same stil som den nokså moro historia om russisk korrupsjon presentert i Icarus, når du skal fortelje ein potensielt viktig historie om korleis ein av verdas mektigaste nasjonar er alliert med ein myrderisk bande med islamistiske fundamentalistar.

Viss du har grunnleggjande innsikt i kva som skjedde med journalisten Jamal Khashoggi er det ingenting i denne dokumentarfilmen som burde kome som eit sjokk. Khaghoggi vart avretta og kutta opp i eit Saudi-Arabisk konsulat i Tyrkia. Saudi-Arabia er ein totalt moralsk korrupt nasjon. Med 19 ord har eg nettopp summert kva Fogel høv to timar og hundrevis av stygge ‘teknologi’-grafikkar på. Dette kjennes meir som den type dokumentarfilm som vart sendt på fjernsynet av Discovery Channel i halv ni-tida på ein torsdags kveld enn ein dokumentarfilm med mange millionar dollar i budsjett.

The Dissident er berre keisam. Gørr keisam. Internasjonal politikk og stormaktsspel har nok ALDRI vore så keisamt på film. Kvar einaste gong filmen startar å utforske ein interessant vinkling på kva som skjedde med Khashoggi, eller korleis det Saudi-Arabiske kartellet opererer, skiftar den retjing til å enten gjenfortelje tidlegare gitt informasjon, eller vise ein ekkel animert grafikk som ser ut som den høyrer heime i eit Ubisoft tredjepersons-eventyrspel. Kvifor så mykje av fokuset er på ein totalt ukjend Saudi-Arabisk flykting som prøvar å vere ein viktig influenser klårer eg ikkje å fatte. Fogel ynskjer å ta VM i runddans.

Inklusjonen av Jeff Bezos er også verd å nemne. Kvifor 20 minutt av filmen tek seg tid til å følgje den utøvande direktøren av verdas største bokbutikk fattar eg ikkje, når dette sjeldan kan knytast opp mot attentatet på den arabiske journalisten. Når ein ser på produksjonen som ei heilheit gjer det meir meining. Dette er ein film produsert av nettopp Amazon, og Bezos nyttar Fogel for å fremme seg sjølv som person på eit enormt openbart vis. Han kunne nok ikkje brydd seg mindre med at Khashoggi vart myrda men likevel: her er han.

Eit kort interessant perspektiv for å runde av: filmen er i stor grad sjølvprodusert av Fogel (med hjelp av Another World Entertainment), utan å få ei særleg stor utgjeving verda rundt. Dette er nok mest sannsynleg på grunn av filmen omhandlar og kritiserer Saudi-Arabisk åtferd internasjonalt. Det at filmen på grunn av dette ikkje får ein ekte utgjeving i USA er meir interessant og seier meir om kva posisjon oljenasjonen står i ovanfor resta av verda enn heile denne filmen.

The Dissident - Regissert av Bryan Fogel. Spilletid: 1t 52m. Land: USA. Norgespremiere: 26.03.2021. Aldersgrense: 9 år. 

Relaterte innlegg