Vekas strøymetips – 19/4/26

Vekas Strøymetips tar turen både innom Japan for litt animasjonsfilm, samt ettermælet av eit sjølvmord ved ein amerikansk High-School.

Vekas strøymetips – 15/03/17

Vekas strøymetips tar for seg to forskjellige komedier, ein om Ellen Page som stjel ein baby, og ein kvar Sascha Baron Cohen er del av ein elefant-trekant.

Logan – Eit verdig raserianfall av ein avskjed

Dette er superheltfilmen me lenge har trudd studioa ikkje ville tørre å lage. Kanskje som ein direkte konsekvens av suksessen til Deadpool: her kjem ein Wolverinefilm med amerikansk 17-årsgrense (eller «R-rating» som dei kallar det). Det betyr meir blod, særs mykje banning, og viktigast av alt, større konsekvensar enn nokon gong før. Logan er den siste solo-X-Men-filmen Hugh Jackman har kontrakt på å gjere, og for ein avskjed dei gjev han! Året er 2029. Tigeren har blitt utrydda, motorvegane er fulle av sjølvstyrde trailerar, og det har ikkje vorte fødd ein mutant på 25 år! Me møter ein sliten, synleg aldrande Logan. Full av arr og sinne. Han forsøkjer å ligge lågt og tene pengar som sjåfør, men som den mest gjenkjennelege mutanten – i filmverda som i røynda – er trøbbel diverre alltid i nærleiken. Eit potensielt lukrativt frakteoppdrag førar med seg besøk frå ein robotarmveivande leigesoldat (Boyd Holbrook, kjend frå Narcos) som spør fint om samarbeidsvilje frå Logan. Tipp ein gong kva han svarar… Det som fylgjer er ei filmoppleving som skil seg kraftig ut frå alt anna i X-Men-universet. Deler av den kan nesten kallast for roadtrip-film. Logan må på rømmen, saman med ein nær kraftlaus Charles Xavier (Sir Patrick Stewart) og ei lita mutantjente ved namn Laura (nykommaren Dafne Keen), som er katalysatoren oppi det heile. Ho ynskjer å kome seg til ein stad i Nord-Dakota som skal vere trygg for mutantar, og set all sin lit til desse svekka heltane. Hakk i hel jagar ein tilsynelatande uendeleg hær forkastelege soldatar, den førnemnde stålforsterka skurken, og noko som er mykje, mykje skumlare. Formatet gjev rom for både heftig brutale actionscener òg noko av det beste dramaet denne franchisen har skapt på skjerm. Jackman har alltid vore fenomenal som Wolverine, men er her kanskje betre enn nokon gong. Altfor mange mannsaldrar med vald og smerte, fysisk som psykisk, har stabla seg opp nok til verte godt synleg på utsida. Logan er ein karakter langt på veg definert av raseriet sitt, men aldri so mykje som i denne filmen. Det brølast og bannast nesten parodisk mykje, men berre nesten. Etter 17 år og 9 filmar kjennar me han godt nok til å skjøne kor all den smerta kjem frå, og med den heva aldersgrensa kan regissør James Mangold la Wolverine gå fullstendig amok. Det er ingen andre superheltar som har blitt spela like lenge av same skodespelar som Wolverine, og det å skulle ta farvel med Jackman gjev filmen automatisk meir tyngde. Men det betyr heldigvis ikkje at filmskaparane har kvild seg merkbart på laurbæra. Logan er forseggjord på alle måtar, med nyvinningar visuelt samt emosjonelt. Den gjer dobbeltarbeid som ein kulminasjon av den lengst samanhengane karakterskildringa i teikneseriefilmhistoria og ei veksling av stafettpinne, meint for å klargjere scena for den neste generasjonen av heltar. Det vil nok ta tid å bli vand med fråværet til Jackman, men denne filmen skapar betydeleg spenning for dei som skal kome etter.   Logan – Regissert av James Mangold; med Hugh Jackman, Patrick Stewart, Dafne Keen, Boyd Holbrook, Richard E. Grant, Stephen Merchant. Spilletid: 2 t. 17 m. Land: USA. Premiere: 3. mars 2017. Aldersgrense: 15 år

«The Great Wall» – Episk moro

Matt Damon og Pedro «Red Viper» Pascal spelar to europeiske leigesoldatar sendt til Kina rundt det fyrste tusenårsskifte på jakt etter det segnomspunne svarte pulveret me no kjenner som krut. Forfylgja av røvarar forvillar dei seg lenger og lenger vekk frå sivilisasjonen, til dei bokstavleg talt møter veggen. Den Store. Det visar seg at den eigentlege grunnen til at Den kinesiske mur finst er for å halda ute ein monsterhorde som angrip med jamne mellomrom. Dei er fryktelege firbeinte flokkdyr med overnaturlege eigenskapar og ekstrem seiglivskap. Militærstyrken kalla The Nameless Order har beskytta landet mot desse skapningane i 2000 år, og har utvikla ein mengde spektakulære kampstrategiar, den eine meir teknisk imponerande og kulare-enn-effektiv enn den andre. I den fyrste av ei imponerande rekkje gode actionsekvensar visar Damon sin karakter, William, at han er ein meister i taktikk og bogeskyting, og dei treng sjølvsagt hjelpa hans. Du klara gjerna tippa kor dette skal gå. For filmens historie kvilar ganske tungt på meir enn velkjende klisjear om den kvite antihelt/frelsaren. Han som berre treng ei god sak for å snu på seg og nytta den ubegripeleg passande spisskompetansen sin til den krisa han hamnar i. Men det er ikkje nødvendigvis eit stort minus. The Great Wall ynskjer å vere eit episk, men frittståande, adrenalinskapande og visuelt prangande actioneventyr, og det klarer den verkeleg. Då treng den ikkje den aller djupaste karakteriseringa og formålstenlege metaforbruken. Tenk 300 heller enn Ringdrotten. Og fyttirakkern (unnskyld språket) kor flott denne filmen ser ut. Filmen nyttar ein rikt metta fargepalett og lar ikkje ein sjanse gå frå seg til å brife med den. The Nameless Order består av fleire spesialiserte avdelingar, og dei er sterkt fargekoda. Dei fargesprakande uniformene bidrar med endå eit lag visuell informasjon som støtter opp om det allereie beundringsverdige kameraarbeidet. Det er som om dei som laga filmen faktisk har høyrd på og tatt til etterretning alle klagane filmfans har om shaky-cam, kjedeleg color-grading og det greiene dei som laga DC-Comics-filmar driv med. For enn kor sprø og urealistisk koreografien er til tider, so går det i alle fall an å sjå og setja pris på kva som faktisk skjer. Blandingshøve mellom det latterlege og det vidunderlege er akkurat passe for ein popcorn-film av denne typen, og det same er lengda: brisne 104 minutt! The Great Wall er eit lettbeint kvasi-historisk epos med uendeleg mykje meir innsats lagt i det visuelle enn noko anna. Fargebruken skapar assosiasjonar til wuxia-filmar som Hero og House of Flying Daggers, og saman med eit passande Ramin Djawadi- score (Game of Thrones) er stemninga satt for eit lite kinoeventyr. Då går det an å tåla ørlite pro-Kina propaganda og ein bortkasta Willem Dafoe. The Great Wall – Regissert av Zhang Yimou, med; Matt Damon, Pedro Pascal, Willem Dafoe, Jin Tiang, og Andy Lau. Spilletid: 1 t 44 min. Nasjonalitet: Kina. Premiere: 17.02.2017.