Indiana Jones and the Dial of Destiny – Ford på ny skattejakt

Harrison Ford er tilbake med hatten på hodet og pisken på hofta.
«Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves» – Fantasy med enorm underhaldningsfaktor!

Høy underholdningsfaktor i denne fantasyfilmen basert på det legendariske rollespillet.
«Nope» – Ny banger frå Peele

Statuett-vinnande Jordan Peele bak filmane Get Out og Us er tilbake med eit nytt prosjekt som er rimeleg ulikt hans to førre, og i grunn ulikt mykje anna ein har sett før. Med seg på laget har han Daniel Kaluuya, Keke Palmer, Steven Yeun og fleire kjende fjes som saman leverer eit alvorleg kult mysterium på storskjermen. På ein ranch i California driv familien Haywood hesteoppdrett til Hollywood-filmar. Søskena OJ (Kaluuya) og Emerald (Palmer) treff på harde kår då far deira døyr i ei av mange uforklarlege hendingar som har skjedd i dalen. Bestemt på å finne ut av kva som forårsakar desse hendingane, og potensielt tene litt på det, sett bror og søster ut på ei etterforsking som avdekkjer eit nifst funn. Populariteten til Jordan Peele merkast godt i budsjettet til Nope i forhold til både Get Out og Us, og eg vil absolutt sei han gjer seg fortent millionane med resultatet. Nope er det næraste han har regissert ein blockbuster, noko som fungerer overraskande bra i stilen det blir presentert. I likskap med Peele sine førre prosjekt byr Nope på eit par solide grøss og ei unik stemning gjennom heile speletida som sendte eit par skjelvingar nedover ryggrada mi. Som ein fan av horror-genren kosa eg meg godt frå start til slutt, men eg trur også filmsjåarar som ikkje nødvendigvis er så glad i skrekk og gru kan finne noko å like i Nope. Med tydelege element frå Westerns og Sci-Fi er det mykje å like for mange. Skodespelarprestasjonane er som ein kan forvente av skodespelarar av dette kaliberet, trass i at dette ikkje er ein film som lenar seg mykje på skodespel i forhold til det estetiske. Med ein ny tittel kjem det høge forventingar for Jordan Peele, og eg vil absolutt seie at han leverer det som kanskje er sitt beste prosjekt med Nope. Mysteriet ein blir presentert i starten av filmen held engasjementet oppe heilt til det enorme klimakset mot slutten av speletida. Ein horror-blockbuster med kvalitetsnivået som Nope kjem med er sjeldan vare, og absolutt verdt å få med seg. Nope. Regissert av Jordan Peele. Med: Daniel Kaluuya, Keke Palmer, Steven Yeun, Michael Wincott. Spilletid: 2t og 10 min. Land: USA. Aldersgrense: 15 år. Premiere: 19.08.2022
«Thor: Love and Thunder» – Klein Waititi-humor

Marvel Studios er tilbake med enda ein film om den norrøne guden av tore, Thor Odinson. Chris Hemsworth er tilbake i den raude kappa som har vore med i Marvel sitt univers sidan han først dukka opp på skjermen i 2011. Etter sine førre eventyr og trauma er Thor no på ein sjelesøken etter å finne seg sjølv. Dette gjer han på reise gjennom verdsrommet med gjengen frå Guardians of the Galaxy (2014) ved å hjelpe diverse utanomjordiske samfunn med deira problem. Då det omsider dukkar opp eit nødsignal frå ei gammal kjenning, må guden gå i møte med ein ny trussel i form av ein skapning som går under namnet Gorr the God Butcher (Christian Bale). Av grunnar som namnet til skurken gjer ganske openbart, må Thor setje ei stopper for dei vonde planane hans før han mistar meir enn han allereie har gjort. I likskap med sitt førre Marvel-prosjekt stiller Taika Waititi med enda ein fargesprakande effektfest der han lenar seg mykje på humoristiske innslag med referansar til anna popkultur. Problemet i Thor: Love and Thunder er at han ikkje har klart å finne ein balanse på kor mykje moro han kan ha med før det blir kleint. Dei aller fleste av vitsane her fell flatt nemleg fordi det er så ufatteleg mange av dei. Det at Waititi prøvar å gjere alt morosamt, fører til at nesten ingenting blir det. Karakterane i filmen er heller ikkje nok til å bære den på eigenhand. Dei vi kjenner frå før har endra seg svært lite sidan sist gong, og oppfører seg akkurat som forventa. Dette fører til at filmen blir enda meir føreseieleg enn den var til å byrje med. Dei nye karakterane som blir introdusert kunne vore eit friskt pust i ein film som sårt treng det, men lir av eit svært cheesy manus som ikkje gjer tenester for nokon involvert. Lyspunktet i denne filmen er ironisk nok skurkerolla til Christian Bale, som leverer ein enorm prestasjon. Gorr er genuint skummel til tider, og verkar faktisk som ein trussel i motsetning til andre skurkar frå tidlegare filmar. Kontrasten mellom godt og vondt i Thor: Love and Thunder er såpass stor at det kjennes nesten ut som to forskjellige filmar i ein. Det er vanskeleg å halde seg engasjert når forskjellane i stemning mellom Thor og Gorr sine historier er såpass betydelege at ein nesten må bytte sinnstemning frå scene til scene. Eg kan konkludere med å seie meg litt skuffa over nyaste innslaget i MCU. Klein humor og svak skriving gjer at dette blir ei affære som er lett å gløyme i ein serie som kunne trengt ein skikkeleg gnist. Thor: Love and Thunder. Regissert av Taika Waititi. Med: Chris Hemsworth, Christian Bale, Natalie Portman, Tessa Thompson, Russell Crowe, Taika Waititi. Spilletid: 1t og 59 min. Land: USA. Aldersgrense: 12 år. Premiere: 06.07.2022
«Lightyear» – Til evigheita, men ikkje særlig langt forbi

Pixar animasjonsstudio er tilbake med Lightyear, favorittfilmen til Andy frå studioets første film Toy Story (1995). Lightyear introduserer oss for mannen Buzz Lightyear i staden for actionfiguren vi er kjend med frå dei tidlegare Pixar-filmane. Romspeidaren Buzz Lightyear og sitt mannskap krasjlandar på ein framand planet i søken om ein ny heim for menneskeheita. Dette problemet fører til eit nytt oppdrag; å kome seg heim att. For å gjennomføre dette må Buzz søke hjelp frå menneska rundt seg og robotkatten Sox til romeventyret han har framfor seg. Lightyear er ein ganske standard Pixar-film. Dette er absolutt ikkje ein negativ ting då studioet stadig har levert svært gode titlar med skyhøgt nivå på animasjon og historie, men Lightyear heng ikkje heilt med i klubben av tungvektarar som Pixar har produsert i løpet av åra. Det er framleis ein godt underhaldande film med fargerike karakterar og fin animasjon, men den kjennes litt mindre original enn tidlegare filmar frå studioet. Når det kjem til stemmearbeidet er dette gjennomført på ein solid måte. Versjonen eg såg var dubba til norsk, noko som ofte tek litt vekk frå opplevinga. Likevel var det norske stemmearbeidet på eit såpass høgt nivå at det ikkje var veldig forstyrrande for resten av filmen. Alt i alt er Lightyear ein god familievennleg animasjonsfilm sjølv om den ikkje nødvendigvis gjer så mykje nytt med sjangeren sin. Animasjonen er fin å sjå på og handlinga er engasjerande nok til at ein vil sjå kor filmen ender opp. Lightyear. Regissert av Angus MacLane. Norske stemmer: Hans Marius Hoff Mittet, Nosizwe Lise Baqwa, Ellen Bendu, Marvin Amoroso. Spilletid: 1t og 45 min. Land: USA. Aldersgrense: 9 år. Premiere: 15.06.2022
«Jujutsu Kaisen 0» – Adrenalinbombe

Eg vil byrje denne omtalen med å seie at eg ikkje er kjend med materialet denne filmen er basert på, og at eg heller ikkje er ein kjennar når det kjem til anime som kunstform. Då det formelle har blitt tatt hand om på mindre enn to linjer, tenkjer eg det er på tide å dukke inn i det som var ei spinnvill oppleving for nokon som ikkje visste kva han kunne forvente av ein film som dette. Jujutsu Kaisen 0 sparar ikkje på tida før den sender sjåaren ut i blodig action. Vi introduserast fort for filmens protagonist Okkotsu Yuta, som sidan han var liten har hatt konstant kontakt med den avdøde Orimoto Rika, kjærasten hans frå barndommen. Som for så vidt bur inni han, i form av eit slags spøkelse med store hoggtenner. Kvar gong Rika annonserer sitt nærvær går det ofte dårleg for folk rundt Yuta då Rika har ein tendens til å rive, bite og klore på folk som byr på problem for sin kjære Yuta. Dette går litt over rimelegheitas grenser då ho drep tre av mobbarane til verten sin. For å unngå fleire innslag med dårleg stemning blir Yuta rekruttert til Jujutsu vidaregåande; eit akademi for folk med liknande problem som Yuta. Her byrjar handlinga vår. Eg kjenner eg har lyst å prate mykje meir om kor sprø handlinga i denne filmen er, men som filmomtalar ville det ha vore ein dårleg utført jobb frå mi side. Jujutsu Kaisen 0 har nok av overraskingar på lur. Når vi først er inne på overraskingar vil eg nemne at lydsporet i denne filmen overgjekk alt av håp og forventingar eg hadde då eg fann setet mitt ein tysdags morgon. I dei heftigaste actionsekvensane dundra det mellom veggane med fantastisk komposisjon som fekk adrenalinet mitt til å pumpe nesten like hardt som det truleg gjer om ein hoppar i strikk frå eit fly. Teikningane og animasjonen er heller ikkje noko eg kan klage på. Dei overdådige actionsekvensane er engasjerande, og mange av bileta er imponerande å sjå på. For min del blir det historia som trekk Jujutsu Kaisen 0 ned eit par hakk. Dette ville antakeleg ikkje vere eit så stort problem om eg hadde forkunnskap til verda filmen tar stad i, men slik er altså situasjonen. Filmen gjev nykommarar ein sjans til å komme seg på vogna før toget susar avgårde, men det kjennes framleis litt slitsamt å henge med om du er ute etter ei god historie utan forkunnskap til det opphavelege materialet. Likevel vil eg seie at denne kan vere verdt å få med seg om du ser etter noko vilt med underhaldningsverdi i fart og spenning. Jujutsu Kaisen 0. 2021. Regissert av Seong-Hu Park. Med: Megumi Ogata, Kana Hanazawa, Mikaku Komatsu og Koki Uchiyama. Spilletid: 1 time og 45 minutter. På kino: 20.05.22
«The Batman» – Lynvingen på sitt beste

‘The Batman’ er en noir-drevet superheltfilm, og Batman slik vi aldri har sett ham før på storskjermen. Det er bare å la seg imponere.
«Spider-Man: No Way Home» – Emosjonell spandexunderhaldning

Etter litt lengre ventetid enn forventa er det nyaste Spider-Man innslaget i MCU kinoklart i Noreg, og eg vil påstå at dette er ein film som har vore veldig verdt å vente på. Spider-Man: No Way Home har blitt beskrive av regissør Jon Watts som «Spider-Man: Endgame», og dette ikkje utan grunn. I det tredje Spider-Man innslaget i MCU kulminerer mykje av det som har blitt satt opp i dei to tidlegare filmane med veggkryparen og universet han svingar seg rundt i. Derfor kan det kanskje vere litt vanskelegare for folk som ikkje allereie er investert i Marvel-universet å henge heilt med på alt som hender. Men for fans av MCU eller berre Spider-Man som ein karakter, er dette ei herleg oppleving frå start til slutt. Spider-Man: No Way Home plukkar opp direkte etter den dramatiske avslutninga på Spider-Man: Far From Home frå 2019. Peter Parker (Tom Holland) har blitt avslørt som Spider-Man for offentlegheita, og dette skapar store problem for superhelten og dei han held nærast. Desperat etter ei løysing på dette problemet oppsøkjer han trollmannen Dr. Strange (Benedict Cumberbatch) etter hjelp. Dette skal vise seg å komplisere ting då trollmannen sitt forsøk på å endre situasjonen går gale, og ender med å sleppe inn store truslar i form av superskurkar frå mulitverset. No med eit nytt problem i dei allereie fulle henda sine, må Spider-Man fange desse truslane før dei kan gjere skade på verda hans. Dei fleste superheltfilmar i dag er stjernepakka og effekttunge lysshow. Spider-Man: No Way Home skil seg ikkje så veldig ut frå akkurat dette, men den kjem også med ei mykje større emosjonell ladning enn det andre filmar med veltrente menneskjer i spandex ofte byr på. Mykje er på spel for vevhovudet denne gongen, og det er tydeleg ei avslutning på Jon Watts sin «Homecoming-trilogi» med filmar som opp til no har vore rimeleg lystige og morosame. Dette betyr ikkje at Spider-Man: No Way Home fjernar seg heilt frå det elles ganske leikne Marvel-universet, tvert i mot. Den byr framleis på mykje lett humor i kjend Marvel-stil, samstundes som den skrur ned lysstyrken litt der det trengs for å levere dei ekstra emosjonelle slaga. Som ein stor fan av Spider-Man som karakter kjennest det litt vanskeleg å skrive upartisk om denne filmen då den har nokre av mine favorittaugneblunk ut av alt eg har sett han i. Likevel er ikkje dette ein film utan feil. Sjølv om gjensynet med multivers-skurkane er gledeleg, fører dei også til ein del rot andre stader enn berre på skjermen. Det å skulle sørgje for at alle desse stjernene får skjermtid er ein kabal eg ikkje misunner då den er spesielt vanskeleg å få til å gå opp. Delen av filmen der desse introduserast verkar nesten som om den blir litt forhasta sjølv med den relativt lange speletida. Dette fører til at sjølv om filmen er fylt til randen av kjende karakterar, så kjennes nokon av dei ganske mangelfulle ut. Det er også veldig tydeleg at mykje av denne filmen er laga ved bruk av datamaskiner, og med den høge standarden ein gjerne har til slikt i dag kan nokre av biletene sjå litt merkelege ut. Trass i sine feil er Spider-Man: No Way Home likevel ei av mine beste kinoopplevingar på lenge. Actionsekvensane er dødskule, skurkane (sjølv med sine manglar) er fantastiske og Tom Holland gjer sin desidert beste prestasjon som Spider-Man hittil. Dette er ein film som er verdt å la seg rive med av, så dersom du klør etter meir Marvel og Spider-Man; kom deg på kino. Spider-Man:No Way Home – Regissert av Jon Watts. Spilletid: 2t 28m. Land: USA. Norgespremiere: 21.01.2022. Skuespillere: Tom Holland, Zendaya, Jacob Batalon, Benedict Cumberbatch, Willem Dafoe, Alfred Molina, Jamie Foxx. Aldersgrense: 12 år.
«Scream» – Blodig moro

‘Scream’ er et verdig gjensyn som unngår å gjøre store feilsteg – en film som er nostalgisk, men samtidig bringer nok nytt på bordet
Venom: Let There Be Carnage – Minimalt blodbad

Tom Hardy returnerer som Venom, men lik forrige film er denne et tonalt rot som ikke vet helt hva den vil.