Meny Lukk

“Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves” – Fantasy med enorm underhaldningsfaktor!


Når det kjem til å adaptere spel til film, er det ikkje alltid det går spesielt bra. Personleg meldte skepsisen seg ganske betydeleg då det vart annonsert at ein storproduksjon av Dungeons and Dragons var på veg. Dette kan skuldast den katastrofale filmen frå 2000 med same namn, som ikkje heilt klarte noko av det den prøvde på. «Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves», var derimot ei veldig velkommen positiv overrasking då den fangar ånda til det meste dette fantastiske rollespelet kan by på.

Historia vi får presentert er den til ein karismatisk «Bard», Edgin Darvis (Chris Pine), og hans følgjeskamerat Holga Kilgore (Michelle Rodriguez), ein «Barbarian» med ein kjærleik for rotgrønsaker og fysisk vald. Berre dette vil vere eit sterkt utgangspunkt i dei fleste fantasyforteljingar. Nokre år etter å ha blitt fengsla for eit kupp som gjekk skeis klekker desse to ein plan for å rømme frå fangenskap og finne tilbake til dottera til Edgin som for augneblinken er verta av sjarlatanen Forge Fitzwilliam (Hugh Grant), ein mann med tvilsame planar.

Dette er berre starten på eventyret og det underhaldande karaktergalleriet Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves byr på. Med på oppdraget blir også Simon (Justice Smith), Doric (Sophia Lillis) og Xenk (Regé-Jean Page), og dermed har vi eit fullverdig reisefølgje i klassisk D&D-stil.

Regissørduo John Francis Daley og Jonathan Goldstein går fullt ut for å gjenskape det herlege kaoset som kan oppstå i ein D&D-campaign, og gjer det særdeles godt. Deira bruk av praktiske effektar og CGI går veldig fint saman og gjer for ei engasjerande verd ein kan bli oppslukt av. Det at praktiske effektar blir brukt såpass tungt, i motsetning til mange andre storfilmar frå dei siste åra, er noko som forhåpentlegvis blir ein trend framover då det automatisk får verda filmen utspelar seg i til å virke så mykje meir levande enn den typiske CGI-tunge blockbusteren.

Det at dei går fullt ut for å fange kjensla av D&D betyr også at dei trekk inn veldig mange småting som fans av kjeldemateriale kan få glede av, men ikkje til den grad at det blir uforståeleg for folk som kanskje er usikre kva dei går til. Daley og Goldstein gjer ein god jobb med å presentere denne fantasyverda som kanskje er ny for mange på ein måte som er like inkluderande og engasjerande for folk som har spelt i fleire år, som den er for folk som aldri har plukka opp ein d20 i sitt liv.

Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves er i grunn ein herleg film frå start til slutt. Tempoet er høgt, så det er ikkje enormt mykje tid til refleksjon mellom slaga, men dette fungerer absolutt til filmens fordel. Stilig action og humor som ofte faktisk slår an fører til enormt høg underhaldningsfaktor. Dette kopla med ei solid rollebesetning og minimal sjølvhøgtidelegheit gjer for ei fornøyeleg oppleving. Det er lenge sidan eg har kost meg like mykje på kino.

Det kan sjå ut som fantasygenren vil inn igjen i rampelyset, og om dette er kvalitetsnivået vi kan forvente gler eg meg godt til den står der!

''Dungeons and Dragons: Honor Among Thieves'' regissert av JOhn Francis Daley og Jonathan Goldstein. Med: Chris Pine, Michelle Rodriguez, Hugh Grant, Justice Smith, Sophia Lillis, René-Jean Page. Spilletid: 2 timer og 14 minutter. Land: USA. Aldersgrense: 12 år. På kino: 31. mars

Relaterte innlegg