Meny Lukk

“Lightyear” – Til evigheita, men ikkje særlig langt forbi


Pixar animasjonsstudio er tilbake med Lightyear, favorittfilmen til Andy frå studioets første film Toy Story (1995). Lightyear introduserer oss for mannen Buzz Lightyear i staden for actionfiguren vi er kjend med frå dei tidlegare Pixar-filmane.

Romspeidaren Buzz Lightyear og sitt mannskap krasjlandar på ein framand planet i søken om ein ny heim for menneskeheita. Dette problemet fører til eit nytt oppdrag; å kome seg heim att. For å gjennomføre dette må Buzz søke hjelp frå menneska rundt seg og robotkatten Sox til romeventyret han har framfor seg.

Lightyear er ein ganske standard Pixar-film. Dette er absolutt ikkje ein negativ ting då studioet stadig har levert svært gode titlar med skyhøgt nivå på animasjon og historie, men Lightyear heng ikkje heilt med i klubben av tungvektarar som Pixar har produsert i løpet av åra. Det er framleis ein godt underhaldande film med fargerike karakterar og fin animasjon, men den kjennes litt mindre original enn tidlegare filmar frå studioet.

Når det kjem til stemmearbeidet er dette gjennomført på ein solid måte. Versjonen eg såg var dubba til norsk, noko som ofte tek litt vekk frå opplevinga. Likevel var det norske stemmearbeidet på eit såpass høgt nivå at det ikkje var veldig forstyrrande for resten av filmen.

Alt i alt er Lightyear ein god familievennleg animasjonsfilm sjølv om den ikkje nødvendigvis gjer så mykje nytt med sjangeren sin. Animasjonen er fin å sjå på og handlinga er engasjerande nok til at ein vil sjå kor filmen ender opp.

Lightyear. Regissert av Angus MacLane. Norske stemmer: Hans Marius Hoff Mittet, Nosizwe Lise Baqwa, Ellen Bendu, Marvin Amoroso. Spilletid: 1t og 45 min. Land: USA. Aldersgrense: 9 år. Premiere: 15.06.2022

Relaterte innlegg