Meny Lukk

Indiana Jones and the Dial of Destiny – Ford på ny skattejakt


Arkeologen med pisk og fedora er klar for eit nytt eventyr etter hans førre utflukt i “Indiana Jones and the Kingodm of the Crystal Skull” (2008). Eit nytt eventyr med Indiana Jones (Harrison Ford) byr naturlegvis på ein ny artefakt som skal haldast unna vonde menneskjer med vonde planar, og nye fjes (samt eit par gamle) som bidrar med å halde desse vonde planane i sjakk. Konseptet er kjend og enkelt, men det funkar godt nesten kvar gong.

Henry Jones Jr., meir kjend for dei fleste som Indiana Jones har sidan sist gong vi såg han vore på ein nedtur i livet. Rett etter å ha pensjonert seg frå lærarjobben får han besøk frå Helena Shaw (Phoebe Waller-Bridge), som blant mykje anna er guddottera til Jones. Ho har nemleg tatt på seg å finne ein artefakt som konsumerte livet til far hennar. Dette er ho ikkje aleine om, og før vi veit ordet av det er både Shaw og Jones dradd inn i eit kappløp mot Dr. Jürgen Voller (Mads Mikkelsen) og hans lakeiar.

Handlinga er akkurat så simpel som den treng å vere i ein Indiana Jones-film. Eit par ekstra lag blir derimot lagt på som kan verke småleg overflødige, men som ikkje øydelegg for opplevinga av forteljinga. Overflødigheit er dessverre eit tema som går igjen i tilfellet til “Indiana Jones and the Dial of Destiny“. Eg har sjeldan noko i mot lange speletider, men denne filmen er 154 minutt lang og mykje av innhaldet kjennes repeterande på ein måte som ikkje er like lett å sjå forbi med den rimeleg enkle handlinga. Her tenkjer eg spesifikt på actionsekvensane som trass i at dei kan vere stilige, til tider blir akkurat for lange, og litt for lik nokre av dei som har gått føre seg tidlegare i filmen. Desse action-sekvensane blir også dradd litt ned i kvalitet på grunn av CGI som ikkje heilt når mål for mykje av det vi kan sjå andre stadar i dag, og derfor distraherer frå noko som kunne vore bra storslagent.

Eg merkar likevel når eg sit i kinosalen at eg ikkje let meg plage veldig over desse kritikkane sjølv om dei dukkar opp i ny og ne. Dette mykje på grunn av at tida mellom slaga blir godt brukt av Ford og Waller-Bridge som gjer for ein utmerka skjermduo. Ford drar på med sin klassiske Indy-sjarm trass i sine 80 år, og Waller-Bridge stiller med ein herleg kvikkheit ho meistrar ekstremt godt. Denne kjemien var ikkje ein eg forventa å finne så underhaldande som eg gjorde, men eg tok meg sjølv i å trekkje på smilebandet eit par gongar som resultat.

Resten av rollebesetninga gjer også ein svært god jobb. Mads Mikkelsen er ikkje akkurat framand for å spele skurkeroller, så dette veit dei fleste som har sett han før at han pleier få bra til. Rolla hans her er ikkje eit unntak frå dette. Med roller frå Toby Jones, Antonio Banderas, Boyd Holbrook og ein imponerande filmdebut frå Ethann Isidore har Indiana Jones and the Dial of Destiny med seg eit solid støtteapparat når det kjem til skodespelfronten.

Det å skulle ta over i registolen for sjølvaste Steven Spielberg gjev enorme sko å skulle fylle, men James Mangold klarer seg godt med det han presenterer her. Han streiar ikkje for langt frå det som har blitt gjort før, men tar det eit steg lenger. Om dette er positivt eller negativt skal du få gjere deg opp ei meining om sjølv, men for min eigen del var kjensla av eit skikkeleg Indiana Jones-eventyr noko eg har sakna – og noko som definitivt er til stades her.

Indiana Jones and the Dial of Destiny regissert av James Mangold. Spilletid: 2 timer og 34 minutter. Skuespillere: Harrison Ford, Phoebe Waller-Bridge, Toby Jones, Ethann Isidore, Antonio Banderas, John Rhys-Davies, Mads Mikkelsen. Aldersgrense: 12 år

Relaterte innlegg