Meny Lukk

“Scream” – Blodig moro


25 år etter den vesle byen Woodsboro opplevde ei tragedie i form av seriedrap utført av gjerningsmenn i spøkelsesmaske for første gong, skjer det eit nytt angrep. Ghostface er tilbake for å spreie frykt på kjend vis. Kven er bak maska denne gongen? Eit nytt fjes, eller ei gammal kjenning? Atter ein gong er alle mistenkt.

Det å skulle lage ein ny Scream-film etter regissør Wes Craven gjekk bort i 2015 kjem med rimeleg store sko å fylle. Matt Bettinelli-Olpin og Tyler Gilllett løyser dette på bra tilfredsstillande vis. Scream har alt som gjorde dei førre filmane moro på plass og kan by på attraktive menneskjer, knivstikking og gamle kjende i ei blodig meta-røre. Noko meir blir grådig å spørje om.

I kjend stil er det ein gjeng tenåringar som rammast av ghostface-morda. Denne gjengen består av ein del nye fjes som gjer ein overraskande god jobb i dette innslaget i serien. Naturlegvis følgjer dette med litt småkleine forsøk på vitsar som ikkje heilt landar og karakterar som til tider er litt meir plagsame enn dei bør vere. Likevel må eg seie meg positivt overraska då eg gjekk inn med veldig moderate forventingar.

Scream-serien er godt kjend for å vere veldig meta heile vegen gjennom. 2022-innslaget er ikkje noko unntak for dette då den tar det til nye høgder. Mykje av dette er veldig moro då det legg enda fleire lag på det som allereie blei etablert sidan originalen, men det kan også til tider bli litt for mykje av det gode.

Eg må seie meg godt imponert over Scream. Før eg fann setet i kinosalen var eg veldig bekymra for at dette skulle bli ein katastrofal situasjon lik på det som hende då dei reboota A Nightmare on Elm Street i 2010, men det var det heldigvis ikkje. Scream prøvar ikkje å overta originalen som klassikar, men hyllar den for det den er, samstundes som den byr på nok av sine eigne kvalitetar. Ein svært moro film som ikkje prøvar å vere noko anna enn den er, og som absolutt er verd å få med seg.

Scream - Regissert av Matt Bettinelli-Olpin og Tyler Gillett. Spilletid: 1t 54m. Land: USA. Norgespremiere: 14.01.2022. 
Skuespillere: Neve Campbell, Courteney Cox, David Arquette, Melissa Barrera, Jenna Ortega, Jack Quaid. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg