Meny Lukk

“Nope” – Ny banger frå Peele


Statuett-vinnande Jordan Peele bak filmane Get Out og Us er tilbake med eit nytt prosjekt som er rimeleg ulikt hans to førre, og i grunn ulikt mykje anna ein har sett før. Med seg på laget har han Daniel Kaluuya, Keke Palmer, Steven Yeun og fleire kjende fjes som saman leverer eit alvorleg kult mysterium på storskjermen.

På ein ranch i California driv familien Haywood hesteoppdrett til Hollywood-filmar. Søskena OJ (Kaluuya) og Emerald (Palmer) treff på harde kår då far deira døyr i ei av mange uforklarlege hendingar som har skjedd i dalen. Bestemt på å finne ut av kva som forårsakar desse hendingane, og potensielt tene litt på det, sett bror og søster ut på ei etterforsking som avdekkjer eit nifst funn.

Populariteten til Jordan Peele merkast godt i budsjettet til Nope i forhold til både Get Out og Us, og eg vil absolutt sei han gjer seg fortent millionane med resultatet. Nope er det næraste han har regissert ein blockbuster, noko som fungerer overraskande bra i stilen det blir presentert. I likskap med Peele sine førre prosjekt byr Nope på eit par solide grøss og ei unik stemning gjennom heile speletida som sendte eit par skjelvingar nedover ryggrada mi.

Som ein fan av horror-genren kosa eg meg godt frå start til slutt, men eg trur også filmsjåarar som ikkje nødvendigvis er så glad i skrekk og gru kan finne noko å like i Nope. Med tydelege element frå Westerns og Sci-Fi er det mykje å like for mange. Skodespelarprestasjonane er som ein kan forvente av skodespelarar av dette kaliberet, trass i at dette ikkje er ein film som lenar seg mykje på skodespel i forhold til det estetiske.

Med ein ny tittel kjem det høge forventingar for Jordan Peele, og eg vil absolutt seie at han leverer det som kanskje er sitt beste prosjekt med Nope. Mysteriet ein blir presentert i starten av filmen held engasjementet oppe heilt til det enorme klimakset mot slutten av speletida. Ein horror-blockbuster med kvalitetsnivået som Nope kjem med er sjeldan vare, og absolutt verdt å få med seg.

Nope. Regissert av Jordan Peele. Med: Daniel Kaluuya, Keke Palmer, Steven Yeun, Michael Wincott. Spilletid: 2t og 10 min. Land: USA. Aldersgrense: 15 år. Premiere: 19.08.2022

Relaterte innlegg