Meny Lukk

«Black Bear» – Herleg uoversiktleg kaos

På ei hytte, langt ute i skogen, får ekteparet Gabe og Blair besøk av regissøren Allison. Blair er ikkje særleg glad I sin nye gjest, og vondt vert til verre når Gabe og Allison kjem svært godt overeins. Når natta fell på har ho ikkje noko anna val enn å freiste å bryte kontakta mellom dei.

Det luktar klassiske lågbudsjett-grøssar av Black Bear på lang veg. Ei hytte i skogen, eit par unge vaksne, kjærleiksdrama; det er knapt noko filmen manglar. Og sjølv om dette er langt ifrå nokon skrekkfilm, og ei slik forventing kanskje er det verste utgangspunktet ein kan ha, meistrar den uansett mange andre sjangerkonvensjonar. Byrjinga på filmen er nemleg ganske utsøkt filmminimalisme. Fargesymbolikken er spesielt sentral, og fell inn i filmens elles rolege klipperytme og tempo. Det som uansett gjer at scenene skinner er det gode dialogarbeidet, som får heile forteljinga til å stå fram som svært gåtefull og mystisk.

Regissøren ser slikt ut. Dette fortel deg ganske mykje om filmen.

Kaos er ei stemning som passar spesielt godt på film. Dette er noko Black Bear nyttar til sitt fremste. Sjølv om ein tidleg kjennar att typiske trekk frå lågbudsjett-grøssaren, er filmen ein ulv i fåreklede. Dette er nemleg ikkje ein slik film, men ein som veit å kaste glår i auga dine heile vegen. Det er ein film som krev at du føljar med, men ein som lønnar dei som gjer det. Med nøyaktig kva, veit eg ikkje, men den kastar stundom artige ting i ansiktet ditt utan å nokon gong forklare heilt kvifor. Denne underfundige og ikkje heilt forståelege symbolbruken er kanskje filmen si sterkaste side. Nøyaktig kva det går utpå, kan eg ikkje seie mykje meir om, sidan det uventa kanskje er det viktigaste poenget i heile opplevinga.

I det heile er Black Bear ein ungdommeleg spenstig film. Den er nærast umogleg å sjangersette, og er på sitt beste når du ikkje heilt veit kva som hender. Dialogen er full av energi, og til tider reint komisk. Filmen greier og å trå ei linje der dialogen kjennast røyndomsnær samstundes som den ikkje er komisk slik, noko som er ei sjeldanheit. Den er kanskje ikkje noko meisterverk, men forrykande god underhaldning; spesielt for dei som greier å følgje med i svingane.  

Black Bear -  Regi av: Lawrence Michael Levine. Spilletid 1t 44m. Land: USA. Vises på Kosmorama. Skuespillere: Aubrey Plaza, Christopher Abbott, Sarah Gadon.

Relaterte innlegg