Meny Lukk

“Bullet Train” – action i 320km/t


Leigemordaren Ladybug (Brad Pitt) har tatt på seg eit oppdrag om å hente ein koffert på eit kuletog i Japan. Dette skal i utgangspunktet vere eit svært lett mål å nå, men uflaksen til den pasifistiske leigemordaren slår til då han opplev at kofferten høyrer til eit notorisk valdeleg par med kriminelle; Tangerine og Lemon (Aaron Taylor-Johnson og Brian Tyree Henry). Dessutan er det ein og del fleire passasjerar på dette toget som byr på trøbbel eit oppdrag som i utgangspunktet skulle gått ganske lett. Dette blir ein svært hendingsfull togtur i 320km/t mot Kyoto.

Hendingsfull er kanskje det beste ordet ein kan bruke til å beskrive Bullet Train. I likskap med fartøyet filmen utspelar seg på, står handlinga sjeldan i ro. Filmen er stappfull av action frå start til slutt, og det er her den leverer absolutt sterkast. Actionsekvensane er blodige, stilige og generelt godt gjennomført. Dette saman med ein kul estetikk gjer for ein actionfilm som faktisk tar seg ganske godt ut.

Dessverre har det seg slik at dialogen mellom desse actionscenene meir ofte enn ikkje er rimeleg klein. Eit par av vitsane funkar ganske godt, men i sin heilheit treff mykje av skrivinga ikkje heilt der den vil. Bullet Train er ikkje ein film som tar seg sjølv særleg seriøst, men eg trur mykje av problema ligg i at den tar seg sjølv litt for lite seriøst. Som resultat av dette opplevast dessverre mange av dei humoristiske innslaga som tvungne.

Trass i dette hadde eg det ganske moro med Bullet train. Sjølv om ikkje all humoren fell i smak, vil eg likevel seie at dette er ei verdi kinooppleving dersom du er ute etter noko lett og solid action.

Bullet Train. Regissert av David Leitch. Med: Brad Pitt, Aaron Taylor-Johnson, Brian Tyree Henry, Joey King, Andrew Koji, Hiroyuki Sanada. Spilletid: 2t og 7 min. Land: USA. Aldersgrense: 15 år. Premiere: 05.08.2022

Relaterte innlegg