Meny Lukk

“Fan Girl” – Mørk og interessant kjærleikskildring

I søraust-Asia finn ein ei stadig veksande trend der popkulturen vert dominert av «idol». Desse står fram som nærast perfekte superstjerner, spesialdesigna for å verte tilbedne. Men på same måten som superstjerner elles er dei òg offer for haugevis med ungdomsforelskingar. Kva skjer då når det filippinske idolet Paulo Avelino blunkar til ei tilfeldig syttenårig skulejente under ein kjøpesenterkonsert? Ganske mykje skal det vise seg; når ho gøymer seg i lasteplanet på bilen hans, overtyda over at blunket er eit teikn på at dei er meint for kvarandre.

Det som følgjer er ei forteljing som tidvis er ei sjarmerande oppvekst-forteljing, men òg tidvis er på kanten til å verte ein thriller. Avelino har nemleg ikkje livet sitt på stell på same måten som idolkulturen vil ha ein til å tru. Forutsetningane for forteljinga verkar slik nærast komisk, men den freistar seg i røynda på å vere meir nøktern i framstillinga si. Dei harde kåra og livssituasjonane som prega karakterane sine liv vert etter kvart tydelege, og forteljinga tek dermed ei meir dramatisk vending.

Nokre av dei filmane som eg oftast hugsar att etter ein festival er dei som sett ljos på ei røynd som ein kanskje ikkje har tenkt over før. Idol-kulturen er nett ei slik verd som endå ikkje har fått dedikerte filmatiske utforskingar, og sjølv om Fan Girl ikkje er noko teknisk eller kreativ nyvinning vert den uansett difor ei engasjerande oppleving. Skildringa den leverer av den paradoksale kjærleiken, som så mange av oss på eit eller anna tidpunkt opplever for våre eigne «idol», kjennast tiltalande, men samstundes lærerikt annleis. Utforskinga av dei to karakterane sin behov, og kor langt dei begge er villige til å dra sitt framleis ferske forhold, er framstilt på ein visuelt interessant måte og ber om gode dosar ettertanke

Nøyaktig når hovudkarakteren let draumane sine breste er det sentrale spenningsmomentet som held Fan Girl oppe, og  òg det som gjer filmen interessant. Kor langt vil ho la dette gå, og kvifor? er ei fråge som filmen verkeleg trekk til sitt yste. Somtid er dette ei styrke, men andre tider vert det òg ei svakheit. Forteljinga lenar seg mot ei i overkant mørk røyndomsskildring, som kjennast litt for distansert frå faktiske opplevingar. Eg er uansett sikker på at denne skildringa av sjølvmotseiande kjærleik er ei som kjem til å florere vidare i pannebrasken min ei stund framover.

Fan Girl (2021) - Regi av: Antoinette Jadaone. Skrive av: Antoinette Jadaone. 1t 40 min. Fillipinene. Med: Charlie Dizon, Paulo Avelino. 

Relaterte innlegg