Meny Lukk

Helgas Kosmorama-tips

I tilfelle det er nokon som endå ikkje har fått det med seg, so er det filmfestival i by’n denne veka. Trondheim Internasjonale Filmfestival faktisk, betre kjend som Kosmorama. Dette er ein relativt ung festival, som på få år har vekse kraftig, og nesten utelukande stått for gode opplevingar. Absolutt eit must å få med seg om ein lika film altso.

For nokon kan det nok verka litt avskrekkande å sjå eit so stappfullt program av filmar ein aldri har høyrd om før. Slik var det iallfall for meg før i tida. For å hjelpe har eg difor satt saman ei liste med filmar eg har sett og går god for, og som framleis har visningar no i helga. Håpar verkeleg at ingen er utseld allereie!


Dropp Netflix for nokre dagar og sjekk ut ein av desse i staden:

Find This Dumb Little Bitch and Throw Her into a River

Find This Dumb Little Bitch and Throw Her Into The RIver

Ein del av Kosmorama sitt New Directors-program, og ein forbløffande god regidebut. Eit søskenpar driv med svart arbeid saman med far sin, blant anna ulovleg import og sal av hundar. Ein dag filmar Remco når han og systera kvittar seg med sjuke kvalpar på ein, erhm, mindre sympatisk måte. Ynskje om å bli kjend surnar fort når internettet som kollektiv byrja å jakte på dei. Basert på ein tilsvarande hending frå 2011.

Visningar:  Fredag kl. 18, Laurdag kl. 19, og Søndag kl. 1830.


The Ravenous

Ravenous

Zombie-film satt til den franske landsbygda, ei lita stund etter utbrotet. Me fylgjer ein gjeng framande som på tilfeldige måtar endar opp med å samarbeide mot trusselen frå raske zombiar med ein mystisk form for tankeverksemd. Lågmælt og intens, som The Walking Dead i (gode) gamle dagar.

Visningar: Laurdag kl. 23.


 

The Night Sitter

Night Sitter

Ein skrekkfilm som slenger opp alt av klisjear og konvensjonar, lener seg hardt på overdrivne rolletolkingar, og badar det heile i nydeleg neon og suggerande synth. Filmen tar ikkje seg sjølv veldig alvorleg, men det betyr ikkje at det ikkje er gjort ordentleg handverk, spesielt i monster- og lysdesign. Om du lika å le innimellom å blir (lettare) skremt er denne midt i blinken.

Visningar: Laurdag kl. 21, og Søndag kl. 22.


 

Grace Jones: Bloodlight and Bami

Grace Jones

Halvt spektakulære konsertnummer, med plenty av fantastiske kostymer og glitrande sceneshow. Halvt usminka og intime utsnitt frå reisinga innimellom, samt diverse business-dealings forbunde med albuminnspeling. I staden for eit spørsmål og svar-format droppast me inn på tilsynelatande tilfeldige tidspunkt, der Grace berre er seg sjølv. Moglegvis ekstra kjekt å sjå for dei som allereie er fans, men fascinerande sjølv med marginal førehandskunne.

 

Visningar: Fredag kl. 20, Laurdag kl. 16, og Søndag kl. 11

Relaterte innlegg