Minimalen 2020 – NOR 5, NOR 6 og Ramaskriks utvalgte

Elias og Jonas held fram med å arbeide seg igjennom time etter time med kortfilm. Fredagen ga oss dessverre slutten på det nordiske programmet, som vi begge syntest har vore av ekstremt høg kvalitet i år, i tillegg til eit nydeleg skrekkfylt Ramaskrik-program. Vi tok også en tur innom det først Europeisk Prisvinnere-programmet og var stor fan av både The Christmas Gift (ROM & ESP, Bogdan Muresanu), (Fool Time) Job (FRA, Gilles Cuvellier) og Watermelom Juice (ESP, Irene Moray).


KORT OM KORT:

Jonas sine favorittar:
Bad Hair (EST, Oskar Lehemaa); Close to Me (FIN, Joonas Rutanen); Onanerende Subjekter (NOR, Marlene Emilie Lyngstad, Andrea Sitara Gran);Watermelon Juice (ESP, Irene Moray)

Elias sine favorittar:
Sorry not Sorry (SWE, Julia Thelin), Onanerende Subjekter (NOR, Marlene Emilie Lyngstad, Andrea Sitara Gran), Tempura (JPN, Ujicha)


NOR 5

Togrøvere (NOR, Martin Walther)

Dyktig skapa «dokumentar» beståande av gjenkonstruerte scener bygd på intervjuobjekta i fokus. Tøffe miljø skapar tøff ungdom.

Sorry not Sorry (SWE, Julia Thelin)

Svensk film om det å være kvinne, som forsiktig trår langs grensa til magisk realisme.

Daddy’s Girl (NOR, Julia Lindstrøm)

Vi følgjar den softgun-armerte Lo rundt på garden hennar medan ho utforskar sin eigen seksualitet. Interessant film som greier å skilje seg ut med ein interessant tematikk og originale karakterar.

Animals (DNK, Tue Sanggaard)

Animals startar med ei åtvaring om både grafisk sex og vald, og sjølv om figurane er animerte får du servert nok av begge deler når T-banedørene plutseleg ikkje vil opne seg. Filmen er eit gøyalt skråblikk på kor nære vi alle er på å gå amok.

Close to Me (FIN,Joonas Rutanen)

Søt og ukonvensjonell kjærleikshistorie frå finsk byblokkforstad. Dei sære karakterane tek ikkje handlinga ned det sporet ein ville forventa.


NOR 6

Já-Fólkið (ISL, Gisli Darri Halldorsson)

Er eitt ord nok for å drive ein heil animasjonsfilm? JA

Teltet (NOR, Rebeca Figenschau)

Ein uskuldig telttur tek ein veldig u-sving når fars hemmelegheit vart avslørt.

Onanerende Subjekter (NOR, Marlene Emilie Lyngstad, Andrea Sitara Gran)

Proppfull av stil, samt eit moro kvinneleg perspektiv av samfunnets syn på å vere open om seksualitet og korleis menn og kvinner persiperer einannan.

Farse (NOR, Robin Jensen)

Mine tidlegare møter med det norske animasjonsselskapet Mikrofilm har vanlegvis dreia seg om søte barnefilmar og Toril Koves koselege menneskebilete. Eg vart derfor svært overraska når eg vart møtte med denne blodige og seksuelle kjøttdeig-thrilleren. Resultatet er uansett ei herleg oppleving.


RAMASKRIK PRESENTERER

Bad Hair (EST, Oskar Lehemaa)

Leo er nesten skalla. Eit hårmiddel frå Aust-Asia verkar som kuren. Kanskje det var litt for effektivt?

Tempura (JPN, Ujicha)

Masashi og Takeshi finn att hunden dei har mista i ei mystisk hole, men noko er galt. Denne japanske cutout-filmen er ulikt noko anna som eksisterer. Den balanserer perfekt på linja mellom amatøraktig og profesjonell produksjon, og leverer absurd humor i verdensklasse.

Right Place Wrong Tim (GBR, Eros Vlahos)

Tida er inne for at ein gjeng vondsinna kloner skal angripe settet til den populære sitcommen «Right Place, Wrong Tim». Skodespelarane i serien må snart innsjå at klokka er slagen, men kven ringjer klokka for?

Hunger (CAN, Yann-Manuel Hernandez, Leatitia Demessence)

Å skjere biff kan vere valdelege sakar. Har ein sett Mac Demarco sin musikkvideo for ‘Passing Out Pieces’, vil ein vite kva det går i.


No er der ikkje mange dagane med festivalen igjen, men der er framleis mykje å få med seg i løpet helga. På laurdag blir det et djupdykk inn i fleire Internasjonale program og ein artig tur inn i Disney sitt Silly Symphony-univers, for dei som er leide av dei mest kunstnariske kortfilmane.