Oscarprognosen 2020 – Beste film

Ylva, Peder, Jonas og Elias har satt seg ned for å se på den største kategorien av de alle, beste film. Hvem er de største favorittene og hvilken film håper skribentene at vinner?


Beste film:

YLVA:
Nå skal det sies at jeg i år ikke har fått sett alle de nominerte i kategorien beste film, men har fått med meg de aller fleste. Min desiderte favoritt blant de nominerte er Taika Waititis Jojo Rabbit, men jeg er sikker på at den er en underdog i årets utvalg. Jeg har ikke noe håp om at den faktisk vil vinne; filmer som enten treffer deg helt eller faller flatt har selvsagt en tendens til å tape for mer bredt likte filmer. Den ligger nok dessverre litt utenfor akademiets definisjon av «Oscarverdig». Resten av de nominerte er vanskelig å vurdere, men jeg sitter igjen med at både Marriage Story, Ford v Ferrari og The Irishman er valg som er for kjedelige til å vinne. Som alle oss andre, har akademiet en tendens til å like filmer om dem selv, altså tror jeg Once Upon a Time … in Hollywood har en reell sjanse til å vinne i år. Foruten den, vil det nok være Joker og 1917 som vil slåss om utdelingens gjeveste pris. Av de to vil jeg tro at 1917, til tross for at den har fått mindre oppmerksomhet enn Joker, vil gå av med seieren. Den er helhetlig et mer interessant stykke film, både når det gjelder historien, kinematografien og lydbildet, og jeg håper og tror det vil veie tyngre enn Joaquin Phoenix’ fantastiske opptreden.  

Kommer til å vinne: 1917

Min favoritt: Jojo Rabbit

PEDER:
Først og fremst vil jeg nevne at for meg så er den soleklart beste filmen fra 2019 Robert Eggers’ The Lighthouse, men av en eller annen grunn har dette mesterverket av en film kun blitt nominert for dens fabelaktige kinematografi, som jeg for øvrig mener den også fortjener å vinne.

Av filmene som faktisk har blitt nominert er det Parasite jeg mener burde vinne for beste film. Det er lenge siden jeg har sett en så enormt godt laget film, og jeg forstår godt at den har fått så mye god kritikk som den har. Jeg tror derimot ikke at den kommer til å vinne, da jeg tviler sterkt på at akademiet vil gi «beste film» prisen til en film fra Sør-Korea. Vi kan jo også se at 1917 allerede har vunnet beste drama film under Golden Globe-utdelingen, og jeg forventer ikke at noe annet vil skje under Oscarutdelingen. 1917 er absolutt ikke en dårlig film, den er både underholdene og nydelig å se på storskjermen, men jeg tror den kun vil vinne fordi det er et «tryggere» valg enn Parasite.

Kommer til å vinne: 1917

Min favoritt: Parasite

JONAS:
Beste film-feltet ligg opent for at sigeren kan kome frå stadar ein ikkje forventar. Både Gerwig og Baumbach sine familiedrama i Småfrøkener og Marriage Story har ein sjanse å fange akademiets merksemd. Scorcese sin beste spelefilm på fleire tiår (ifølge denne skribenten) har definitivt også ein sjanse på å stikke av med både regi og beste film. For all del står det likevel berre mellom to filmar som eg kan akseptere. Quentin Tarantino har dei siste 30 åra levert kanskje det mest stabile filmrullebladet, av nokon regissør gjennom tidene. Likevel står han som regissør, utan nokon pris for regi eller beste spelefilm. Dette er nok akademiet openbert også klare over. Derfor legg eg beste film-prisen i henda på Tarantino. Ikkje for å seie at det var den beste filmen av 2019, for det var utvilsamt den sør-koreanske thrillerkomedien Parasitt. Så lenge ein av desse to sankar prisen er eg nok så nøgd.

Kjem til å vinne: Once Upon a Time… In Hollywood

Min favoritt: Parasitt

ELIAS:
Dei siste åra har vist oss at der er nærmast umogleg å seie kven som stikk av med den gjævaste prisen under utdelinga. Alle dei tre siste vinnarane har uansett peikt på problema med rasisme Amerika slit med, og år for år har desse tematikkane vorte tatt opp på kjedelegare og kjedelegare måtar i dei filmane som har vunne. For å gjere det enklare for seg sjølv har akademiet i år valt å ikkje nominere nokon slike filmar. Kategorien, som består av heile ni filmar, utgjer eit spreia felt og for meg er der nokre filmar som fort utpeikar seg som usannsynlege. Eg trur vi ganske fort kan diskvalifisere Ford v Ferrari og The Irishman for å rett og slett være variantar på filmar vi har sett før. Once Upon a Time… in Hollywood blir dømt etter same dom, i tillegg til at den er alt for lite fokusert, den kan uansett kravle seg til ein seier om akademiet bestemmer seg for å stemme på venane sine framfor gode filmar. Jojo Rabbit er endå ein presentasjon av Waitit si unike stemme i filmbransjen, men Oscarane lønnar sjeldan unike stemmer. Marriage Story er også ein bra film, men har kanskje ikkje den høge produksjonsverdien som skal til for å imponere Hollywood sine innsidefolk. Den slit også med å være ein Netflixfilm, noko som ikkje alle filmsnobbar er like glad for.

Dermed står ein, i mi meining, att med tre favorittar som kan ta denne prisen. Boong Joon-hos Parasite kan fortsette på si fantastiske prisinsansking. Filmen slit med å ikkje være amerikanskprodusert, men eg er overtyda over at ingenting er umogleg etter det eventyret denne filmen har vore igjennom. Little Women kan òg stikke av med prisen, om akademiet bestemmer seg for å lønne denne kvinnefokuserte attforteljinga av den kjende historia. Filmen er heller ingenting å fnyse over, og kombinere Gerwigs regi-talent med godt handarbeid og nokre av dei største, og mest elska, talenta i det unge Hollywood. Til slutt har vi 1917 som eg verkeleg trur vert årets storfavoritt. ikkje minst sidan den byggjar på ein krigsnostalgi som den gamle kvite Hollywoodeliten alltid har rom til i hjarta sine.

Det betyr uansett ikkje at 1917 er ein dårleg film. Den kombinerer meisterleg fotografisk arbeid med fantastiske skodespelarprestasjonar og fantastiske visuelle idear. Mendes leverer med dette eit av dei beste krigsfilmane vi såg på heile det føre tiåret. I det heile trur eg den både er favoritt til å vinne prisen og min personlege favoritt blant filmane.

Kjem til å vinne: 1917

Min favoritt: 1917


Beste foto:

JONAS:
Kinematografiprisen ligg i år blant fem filmar, derav fire av dei er dei mest keisame vala mogleg for akademiet å velje ut. Verken Once upon a time… in Hollywood, The Irishman, eller Joker fortener ein nominasjon for utmerka kinematografi. Dei to fyrstnemna er så «by-the-books» som overhovud mogleg, og kinematografen på Joker fann ei vid-lense.

Så kjem ein til dei siste 2, 1917 og The Lighthouse. Å ikkje nominere Roger Deakins for 1917 ville vel vore ei blasfemisk handling, og i all hovudsak kvilar filmen på sitt one-take triks for å vere noko forbi ein mellombels krigsfilm. Ikkje for å seie at filmen ikkje fortener sin nominasjon, for all del gjer den det. Den kjem å vinne. At The Lighthouse er nominert i det heile tatt er overraskande, men den er velkomen. I å streve etter å etterlikne skrekkfilmar frå 1930-talet og atmosfæren ein fekk i gamle 70mm filmkamera, har Robert Eggers og kinematograf Jarin Blaschke nytta reelle kamera frå tidsperioden. Og til fantastisk resultat.

Kjem å vinne: 1917

Min favoritt: The Lighthouse