Meny Lukk

«Shiva Baby» – Komedie med god driv

Medan ho “kosar seg” med sugardaddyen sin vert Danielle oppringt av mora si. Ho minner Danielle på at ho er alt for sein til shivaen, ei jødisk samling/sørgeperiode etter ei gravferd, dei begge skal i. Danielle kastar på seg kleda og skundar seg til samlinga, og finn straks ut at både sugerdaddyen hennar og ein tidlegare kjærast også er inviterte. I ein rykteprega og samanknyta kultur, der alle forventar det meste av ein, skal dette vise seg å bli ei svært komplisert affære.

Det er alltid gøy når ein byrjar å merke årlege trendar på ein festival. Tidlegare denne veka så eg Black Bear, som blanda grøssartrekk med ei stundom komisk og kaotisk forteljing. Mykje av det same kan seiast om Shiva Baby, og påverkinga frå spesielt A24-generasjonen med grøsserar er svært tydeleg. Dette gjeld spesielt lydsporet, men òg filmspråket generelt. Likevel er filmen først og fremst ein komedie med dramatiske undertonar. Blandinga av filmspråk frå skrekkfilmen, med ei situasjonskomedie er overraskande forfriskande, og gjer Shiva Baby til ei veldig fornøyeleg oppleving.

Filmen fungerer òg godt som ein halvvegs kammerspielfilm, med nær heile handlinga satt til heimen der shivaen tek stad, og måten filmskaparane sakte byggjar på spaninga fungerer svært godt. Det lukka rommet kombinert med ein handhaldt og dynamisk fotostil gjer òg sitt for at me kjennar på klaustrofobien rundt Danielle. Og trass at filmen er satt til ein jødisk shiva, verkar situasjonane og vitsane svert attkjennelege sjølv frå norske familieselskap. Den gjer òg ein god jobb med å få sine meir moderne element til å fungere godt i forteljinga, og unngår for det meste å kjennast som ein «how are you doing, fellow kids?»-film. Dette har eit par openberre unntak, men sjølv i desse tilfelle kjennast det som at filmskaparane har nok sjølvinnsikt til å forstå kva dei held på med, og at dei skammar seg, i alle fall litt.

Om eg har noko å utsette på denne må det vere at dei grøssarkonvensjonane til tider skuggar over sjølve filmen. Stundom kan det rettferdiggjerast at ein tenkjer: «jaja, det er nok no, me forstår greia.» Det er òg noko som gjer at nokre av feelgood-elementa i filmen fell litt flatt, men i det store og heile sitt godkjensla att sjølv når filmen er ferdig.

Shiva Baby er ei underhaldande komedie som med grøssar- og kammerspiel-element kjennast svært forfriskande. Filmen har ei god spaningskurve, og ein tydeleg intensitet – samstundes finn den mange morosame familiesituasjonar å gjere narr av. Filmen tyngast kanskje litt ned når noko av kløkta bak humor- og spaningsverkemidla forsvinn, men som heilheit er filmen uansett fantastisk god underhaldning og verdt å få med seg.

Shiva Baby - Regi av: Emma Seligman. Skrive av: Emma Seligman. Land: USA. Speletid: 1t 18 min. Med: Rachel Sennott, Molly Gordon,  Polly Draper og Danny Deferrari.

Relaterte innlegg