Meny Lukk

«Colette» – Sacré bleu!

1800-tallet nærmar seg slutten og I Frankrike prøver Willy å få forfattarfabrikken sin til å produsere ei bok som kan slå an i Paris sine mange salongar. Når dei ikkje får lønninga si og sluttar, tek kona Colette opp arbeidet og endar opp med å skrive det som skal bli byens store hit. Bøkene vert publiserte i ektemannen sitt namn, men med tida skal Colette ta motet til seg og trosse det mannsdominerte samfunnet i fortidas Paris.

Grunnideen i filmen er god. Historiske drama brukar som regel å fungere ganske bra, og med Keira Knightley i hovudrolla og kjærleikshistorier på fleire frontar blir tankane fort dratt mot Pride & Prejudice-adaptasjonen frå førre tiår. Der denne sistnemnde kvilar på dei velutførte tekstane til Jane Austen er grunnlaget for Colette ikkje like solid. Kjærleikshistoria filmen freistar å etablere mellom Colette og Willy fell flatt. Den får aldri ei skikkeleg etablering og ein sitt i første halvdel att med eit kranglande ektepar som filmen trur du bryr deg om. Dette vert ikkje betre av at der er tretten års aldersforskjell mellom karakterane i filmen som berre verkar større når ein ser kontrasten mellom gråhåra Willy og ungdommelege Colette. Til tider kjennast den første delen av filmen meir som ein Hemingway-kjærleiksfantasi enn ei gripande historie. Det at det er ein mannleg regissør som skriv denne historia om kvinnekamp kjennast ofte pinleg tydeleg. Filmen greier seg betre i andre halvdel, men filmen sitt evige forsøk på å introdusere vidare intriger gjer at historia til slutt berre blir vatna ut i ingenting.

Heldigvis for Colette er der fleire faktorar enn berre historie i film. Skodespelet i filmen kan vere både bra og dårleg, men Knightley leverer som vanlig ein god prestasjon. Endå meir imponerande var Denise Gough i rolla som kjønnsnøytrale Missy som leverer ei subtil og naturlig utstråling som verkeleg ga denne karakteren liv. Dessverre er her òg verre prestasjonar slik som Dominic West som leverer ein overspelt og lite engasjerande versjon av ein 1800-talls gentleman som gjer at mange scener fell totalt i frå kvarandre. På eit tidspunkt måtte eg halde meg frå å le høgt, noko som både kan skuldast på han og på forfattarane. Kinematografien er derimot gjennomgåande god og nokre bilete er nydeleg utførte med mange smarte, og ikkje for glorete, idear.

Det kan òg verke til at filmen slit litt med si eiga tidsperiode og sin eigen setting. Det er vanskeleg å ta handlinga for seriøst når alle går rundt med snurrebart og store flosshattar. Den overdådige stilen som kjenneteiknar Frankrike ved skilet mellom det 19. og 20. hundreåret er kanskje historisk riktig, men å balansere den med ei dramatisk historie er vanskeleg, og dessverre for Colette hamnar den på feil sida av skiljelinja mellom realistisk og komisk. Det er òg litt merkeleg å sjå ein film plassert til det mest franske Frankrike, Paris på 1800-tallet, og sjå alle skodespelarane snakke med britisk aksent. Dette er ikkje noko ein eigentleg burde pirke for mykje på, men skapar uansett ei kjensle av at noko er galt i framstillinga av tid og stad.

Tidleg i Colette fortel Willy oss at ingenting er verre enn eit dårleg teaterstykke. «Ei bok kan du slå att å legge i frå deg og om du ser eit måleri du ikkje liker kan du lukke auga og gå din veg. Ser du eit dårleg teaterstykke derimot må du holde ut resten av stykket medan det følast som om nokon sit med ein drill og arbeidar seg gjennom skallen din.» For ein film som er to timar lang er det modig å kome med ein slik replikk i løpet av dei første fem minutta. Eg trudde først at filmen var dårleg nok til at dette sitatet kunne brukast både som byrjing, slutt og mellomparti i denne teksten, men eg må innrømme at filmen i sin andre halvdel presterer nok til å ikkje heilt fortene denne behandlinga. Filmen har svert god kinematografi, eit par gode skodespelprestasjonar og greier å levere fleire gode augneblink, dessverre leverer den òg dårlege – alt for mange dårlege. Ein film med godt potensiale endar opp med å skuffe.

Colette - regissert av Wash Westmoreland; skrevet av Richard Glatzer, Rebecca Lenkiewicz, og Wash Westmoreland; med: Keira Knightley, Eleanor Tomlinson, og Dominic West; Lengde: 1t 51m. Land: USA. Premiere: 30.11.18

Relaterte innlegg