Meny Lukk

Dear Comrades! – Dialektikk i praksis

‘Sovjet’ tydar arbeidarsamfunn. S.S.S.R. var arbeidaranes demokratiske samfunn. Kva skjer då når arbeidarane i ein fabrikkstad går inn for å demonstrere mot Krustsjev sitt styre gjennom streik og ei nedstenging av fabrikken i Novotsjerkassk? Det er vel ‘ikkje streik i Sovjetunionen’, som ein karakter i filmen nemnar i farta?

Å leve i Sovjetunionen tyda å stadig vere klår for å når som helst kunne verte råka av statleg makt. I trass med ideala Lenin og seinare statssekretærar i unionen framma, var realiteten for dei aller fleste borgararane i landa var at liva deira var utan verdi. Avvikande karakterbristar og åtferd som ikkje er politisk korrekt føra at mange hamna i fengsel og straffeleirar, og mange vart regelrett myrda. Denne kjensla av villkårlegheit vart fanga på eit engasjerande vis av regissør Andrej Kontsjalovskij.

Tittelen på filmen, ‘Dear Comrades!’, er nytta ironisk, og referer til ei scene frå verket der sovjetiske borgarar kjem med framlegg for å rettferdiggjere mordet til KGB på uvæpna landsmenn. Dear Comrades! nyttar denne grufulle realiteten som eit bakteppe for å skildre ei kvinnes kamp for å finne svar, då dottera hennar vart sakna i etterkant av hendinga. Vår “heltinne” er ein patriotisk lokalpolitikar, som hyllar Stalin og ber om hans tilbakekomst. Ho er kkje nokon sympatisk karakter på noko sett, likevel er hennar reise for å finne barnet hennar full ein spanande emosjonell berg-og-dalbane.

Eg vil nemne kjapt avslutningsvis; filmen er verd å sjå berre på basis av den fantastiske svart-kvit kinematografien. Den tangerar ‘Cold War’ i pur uttrykksform. Utforskinga av den dialektiske kvardagen der vanlege russarar er filmens største styre. Å måtte stadig førehalde seg til å undertrykkje verkelegheita for å ikkje oppleve konsekvensane av å vere ein avvikar finn eg sjukt interessant. Kontsjalovskij er ein gamal mann no, og hans perspektiv på korleis det i røynsla var å leve under kommunisme er viktig.

Dear Comrades! -  Regi av: Andrej Kontsjalovskij. Manus av: Andrej Kontsjalovskij og Elena Kiseleva. Speletid 2t. Land: Russland. Vises på Kosmorama. Med: Yuliya Vysotskaya, Vladislav Komarov, Andrej Gusev, Yuliya Burova og Sergei Erlish. 

Relaterte innlegg