Meny Lukk

“Spider-Man: No Way Home” – Emosjonell spandexunderhaldning


Etter litt lengre ventetid enn forventa er det nyaste Spider-Man innslaget i MCU kinoklart i Noreg, og eg vil påstå at dette er ein film som har vore veldig verdt å vente på.

Spider-Man: No Way Home har blitt beskrive av regissør Jon Watts som «Spider-Man: Endgame», og dette ikkje utan grunn. I det tredje Spider-Man innslaget i MCU kulminerer mykje av det som har blitt satt opp i dei to tidlegare filmane med veggkryparen og universet han svingar seg rundt i. Derfor kan det kanskje vere litt vanskelegare for folk som ikkje allereie er investert i Marvel-universet å henge heilt med på alt som hender. Men for fans av MCU eller berre Spider-Man som ein karakter, er dette ei herleg oppleving frå start til slutt.

Spider-Man: No Way Home plukkar opp direkte etter den dramatiske avslutninga på Spider-Man: Far From Home frå 2019. Peter Parker (Tom Holland) har blitt avslørt som Spider-Man for offentlegheita, og dette skapar store problem for superhelten og dei han held nærast. Desperat etter ei løysing på dette problemet oppsøkjer han trollmannen Dr. Strange (Benedict Cumberbatch) etter hjelp. Dette skal vise seg å komplisere ting då trollmannen sitt forsøk på å endre situasjonen går gale, og ender med å sleppe inn store truslar i form av superskurkar frå mulitverset. No med eit nytt problem i dei allereie fulle henda sine, må Spider-Man fange desse truslane før dei kan gjere skade på verda hans.

Dei fleste superheltfilmar i dag er stjernepakka og effekttunge lysshow. Spider-Man: No Way Home skil seg ikkje så veldig ut frå akkurat dette, men den kjem også med ei mykje større emosjonell ladning enn det andre filmar med veltrente menneskjer i spandex ofte byr på. Mykje er på spel for vevhovudet denne gongen, og det er tydeleg ei avslutning på Jon Watts sin «Homecoming-trilogi» med filmar som opp til no har vore rimeleg lystige og morosame. Dette betyr ikkje at Spider-Man: No Way Home fjernar seg heilt frå det elles ganske leikne Marvel-universet, tvert i mot. Den byr framleis på mykje lett humor i kjend Marvel-stil, samstundes som den skrur ned lysstyrken litt der det trengs for å levere dei ekstra emosjonelle slaga.

Som ein stor fan av Spider-Man som karakter kjennest det litt vanskeleg å skrive upartisk om denne filmen då den har nokre av mine favorittaugneblunk ut av alt eg har sett han i. Likevel er ikkje dette ein film utan feil. Sjølv om gjensynet med multivers-skurkane er gledeleg, fører dei også til ein del rot andre stader enn berre på skjermen. Det å skulle sørgje for at alle desse stjernene får skjermtid er ein kabal eg ikkje misunner då den er spesielt vanskeleg å få til å gå opp. Delen av filmen der desse introduserast verkar nesten som om den blir litt forhasta sjølv med den relativt lange speletida. Dette fører til at sjølv om filmen er fylt til randen av kjende karakterar, så kjennes nokon av dei ganske mangelfulle ut. Det er også veldig tydeleg at mykje av denne filmen er laga ved bruk av datamaskiner, og med den høge standarden ein gjerne har til slikt i dag kan nokre av biletene sjå litt merkelege ut.

Trass i sine feil er Spider-Man: No Way Home likevel ei av mine beste kinoopplevingar på lenge. Actionsekvensane er dødskule, skurkane (sjølv med sine manglar) er fantastiske og Tom Holland gjer sin desidert beste prestasjon som Spider-Man hittil. Dette er ein film som er verdt å la seg rive med av, så dersom du klør etter meir Marvel og Spider-Man; kom deg på kino.

Spider-Man:No Way Home - Regissert av Jon Watts. Spilletid: 2t 28m. Land: USA. Norgespremiere: 21.01.2022. 
Skuespillere: Tom Holland, Zendaya, Jacob Batalon, Benedict Cumberbatch, Willem Dafoe, Alfred Molina, Jamie Foxx. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg