Meny Lukk

Vekas Strøymetips

Sumaren er forbi og skifte over til den lange mørke årstida er godt i gong. Men me fortvilar ikkje her i Jump-Cut. Det vil no vere mykje enklare å unnskylda at me sitt inne og ser film midt på dagen. Det er jo slike aktiviteter gråvêr er laga for!

Utan å ha statistikk til å støtte påstanden (me er ikkje vitskapsmenn her liksom) trur me at hausten betyr eit auke av i bruken av strøymetenester for folk flest. Og med auke i bruk aukar òg tida brukt på å leite etter noko å sjå. Det er farleg lett å verte sittande og bla i katalogen for lenge. Underteiknande er ikkje ukjend med å bruka lenger tid på leiting enn filmen faktisk endar opp å vara, og det er jo ganske kjipt. Kunne sett to filmar på same tida!

Enter: Vekes Strøymetips, spalta du sit og les akkurat no. Her skal me prøve å letta på valets kvalar, og hjelpa til med å minimera tida frå ein trykkar «logg inn» på Netflix, Viaplay, eller HBO Nordic, til ein sit og kosar seg føre skjermen. Kvar onsdag frå og med no skal me forsøkja å koma med ei anbefaling frå kvar av desse tre strøymetenestene, og frå andre steder ettersom me kjem over dei.

Utan vidare mas, away we go…


Fra Netflix: Best of Enemies (2015)

Vi kjenner alle én person som vet akkurat hvilke knapper de skal trykke på for å få deg til å koke. Men ikke alle blir stilt opp imot sin ideologiske erkefiende på landsdekkende TV, i noen av de viktigste TV-debattene i historien. Bill Buckley Jr. og Gore Vidal ble akkurat det i 1968. To ekstreme personligheter som var så ulike at de nesten ble helt like.

The Best of Enemies gir deg forkunnskapen du trenger for å forstå hvorfor de hater hverandre, og kaster deg rett inn i noen av de mest intense politiske debattene du noensinne kommer til å se. Å kalle det debatter blir nesten feil, da det heller begynner å nærme seg et ping-pong spill bestående av personlige angrep, hvor det å kalle sidemannen en Nazist, Facist eller Anarkist blir helt vanlig.

Det er helt absurd at disse personene noensinne ble stilt opp imot hverandre i det hele tatt i det virkelige liv. Utrykket «fact is stranger than fiction» passer utmerket her, da jeg virkelig kan si at jeg aldri har hørt to mennesker være så jævlige mot hverandre, med så mye lidenskap, noensinne før. Og når man da også tenker over at dette skjedde for 50 år siden, setter det virkelig nåtidens absurde hetede debatter i perspektiv, da vi egentlig ikke i det hele har klart å forbedre oss på et halvt århundre.

På 87 minutter i lengde er The Best of Enemies fantastisk underholdning. Enten du ser på den historiske konteksten, eller om du bare vil høre to mennesker som hater hverandre begge forsøke å verbalt (og til tider fysisk) lemleste hverandre, så er dette absolutt en verdig dokumentar å sette på når som helst på døgnet.

  • Sigfred Storstrand

Frå HBO Nordic: American Splendor (2003)

Har du nokon gong sett ein bio-pic med ei spesielt god hovudrolleprestasjon, men lurt på kor nøyaktig den faktisk er? Vel, når du ser American Splendor trenger du ikkje lura noko særleg på det. I utgangspunktet er filmen ei dramatisering av livet til Harvey Pekar, basert på hans sjølvbiografiske undergrunnsteikneserie som filmen er oppkalla etter. Men innimellom det konvensjonelle narrative er det dokumentariske innslag der fleire av folka som blir avbilda i filmen får kommentera på det som blir vist.

Harvey Pekar er noko av ein grinebiter, ufornøgd med det monotone livet som kontorist på eit veteransjukehus. Han blir venner med den etablerte teiknaren Robert Crumb, og bestemmer seg etter kvart for å legge ut om alt som irriterer han i sjølvbiografisk teikneserieform. Serien, som filmen, går ofte i pinleg detalj, og legg ut om dei fleste i livet til Harvey – deriblant kona Joyce Brabner og «Genuine Nerd» Toby Radloff. Det heile er ein ganske meta affære, med pinlege og absurd morosame situasjonar i fleng.

Hope Davis og Judah Friedlander er svært dyktige som Joyce og Toby, men filmen er fyrst og fremst eit Paul Giamatti-show. Giamatti gjer ein veldig bra jobb med å humanisera Pekar, som til tider kan vere skikkeleg ufyseleg. Rolleprestasjonen hans i lag med den distinkte teikneserie/dokumentarstilen gjer filmen svært sjåverdig.

  • Kristian Kvamsøe

Frå Viaplay: The Perks of Being a Wallflower (2012)

Den amerikanske «high-school/coming-of-age» sjangeren er ein med mange gode innslag. John Hughes-filmane på 80-talet er ikoniske. 90-talet stiller sterkt med t.d. Dazed and Confused, Rushmore, og Election. Og i dei nær 16 åra eg grupper saman som 2000-talet er det kanskje spesielt dei jentesentriske filmane som skin, med filmar som Mean Girls, Juno, og Easy A nær toppen av haugen. Men for meg (som gut) er filmen som står seg mest ut sidan millennieskiftet The Perks of Being a Wallflower.

Satt på det tidlege 90-tal fylgjer filmen den ferske niandeklasseguten Charlie, som kjem til sin nye skule bærande på ganske tung emosjonell bagasje. Han ramlar på eit vis inn med ein gjeng kule «seniors» som ser gjennom hans sky ytre og hjelper han me å kome ut av skalet. Charlie deltar på fester, i skodespel og skuledansar, får seg og mister kjærast. Det verkar som han endeleg har rista av seg fortida, og begynt eit gledeleg liv der han får utfolda seg som han vil. Men likevel er det noko som gneg på underbevisstheita. Kanskje noko frå fortida han har undertrykt?

Filmen er full av kjende «highschool»-element og karaktertypa, men dei er skrive og portrettert på ein særs god måte utan for høg klisjéfaktor. Her er det ingen gjennomsyra drittsekk «jocks» eller liknande karakterar som manglar definerte motiv utover det å vere antagonist. Emma Watson og Ezra Miller spelar kule 18-åringar utan at det blir anstreng eller urealistisk. Og Logan Lermans skodespelarkvalitetar kjem her endeleg til sin rett i Charlie. Hans tolking av ein sosialt utilpass tenåring er bland dei beste eg har sett nokon gong. Filmen har eit kult lydspor, inspirert av karakteranes eigen musikalske oppvakning, med The Smiths og David Bowie som stikkord. The Perks of Being a Wallflower er til sist ein del tyngre emosjonelt enn mange andre i sin sjanger, so det kan vere lurt å vere forberedt på ei fella ei tåra.

  • Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg