Meny Lukk

18. Brazil – Good Manners

Jorda rundt fortsett, og turen går denne veka til Brazil. Då eg ikkje er særleg godt kjend med brasiliansk film, tenkte eg dette var ein fin mogelegheit til å sjå noko eg aldri har høyrd om før. Etter ei kort tid med leiting enda eg opp med å setje på Good Manners, ein «creature feature» frå 2017. Dette skulle vise seg å bli ei god vurdering då eg no i ettertid sit med ei fornøgd kjensle etter ei kul filmoppleving.

Clara leitar etter arbeid i São Paulo og får omsider ein sjanse hos gravide Ana, som treng hushjelp og barnevakt til det ufødde barnet sitt. I tida før barnet blir født vil desse to kvinnene utvikle eit sterkt forhold før liva deira blir snudd på hovudet i løpet av ei natt.

Dette er ein film med to halvdelar. Starten på Good Manners kan verke som starten på filmar ein har sett før, men den skiftar gir omtrent halvvegs ut i handlinga og tek ein såpass brå sving at det nesten kan verke som to heilt ulike historiar. Ein kreativ bruk av kjende horror- og fantasielement, gjer at dette funkar overraskande bra og fører til ei ny interesse for resten av handlinga.

Eg gjekk blindt inn i denne filmen utan enorme forventingar, og kom ut positivt overraska. Good Manners er ein film som har litt for ein kvar sjåar, og som eg vil anbefale dersom ein er ute etter ei filmoppleving som både kan røre litt og skremme litt.

Good Manners – Regi: Marco Dutra. Manus: Marco Dutra og Juliana Rojas. Med:  Isabél Zuaa, Marjorie Estiano, Miguel Lobo. Land: Brazil. År: 2017.

Relaterte innlegg